Kartlegging av biologisk mangfald i setergrendene Filling, Skamsdalssetrin og beiteområde ved Sletthella i Lesja kommune
Research report
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2424957Utgivelsesdato
2016Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NINA Rapport/NINA Report [2375]
Sammendrag
Jordhøy, P. og Often, A. 2015. Kartlegging av biologisk mangfald i setergrendene Filling, Skamsdalssetrin og beiteområde ved Sletthella, Dalsida i Lesja kommune. – NINA Rapport 1289. 25 s.
I samband med ivaretaking av naturbeitemark inngår biologisk kartlegging for å ha oversyn over utvikling og trong for skjøtsel. Områda ved Filling er tidlegare kartlagt i 1995 og 2007. Ved Skamsdalssetrin og Sletthella vart det gjennomført nykartlegging i 2016. Setrane i Lesja er elles skildra i Einbu og Kjelland (1988). Tidspunktet for feltkartlegginga av karplanter var 26.-27.7.2016. Artslister for karplanter for kvart område vart utarbeidd på grunnlag av funne artar.
Områda som vart kartlagt består av naturbeitemark, slåttemark og hagemark med vekslande grad av attgroing, men betydelege areal er halde i hevd grunna kontinuerleg beiting frå husdyr over lang tid. Naturbeitemarka er heilt avhengig av tradisjonell husdyrbeiting for å bli halde i hevd frametter. Der det er mest attgroing tilrår vi rydding av einer og bjørk, slik kan ein ta vare på mest mogleg av det opphavelege preget på seternær beitemark.