Show simple item record

dc.contributor.authorHesthagen, Trygve
dc.contributor.authorSandlund, Odd Terje
dc.contributor.authorSaksgård, Randi
dc.contributor.authorØyjordet, Knut
dc.coverage.spatialGjende, Jotunheimenen_US
dc.date.accessioned2022-05-25T08:14:07Z
dc.date.available2022-05-25T08:14:07Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.isbn978-82-426-4854-9
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2996131
dc.description.abstractHesthagen, T., Sandlund, O.T., Saksgård, R. & Øyjordet, K. 2022. Bestandsstatus hjå auren i Gjende. NINA Rapport 2069. Norsk institutt for naturforsking. Denne rapporten gjev ei analyse av bestandstilhøva hjå Gjende-auren i perioden 1975-2021. Innsjøen strekkjer seg 17,7 km inn i Jotunheimen, dekkjer eit areal på 15,64 km2 og 149 meter er største djup. Gjende ligg 984 moh. og er med det den høgstliggjande fjordsjøen i landet. Det er tre store brear i nedbørfeltet, og det gjer at vatnet i periodar er uklårt med lite siktedjup. I åra 2013-2021 var siktedjupet på det lågaste 1,9-4,0 meter. Einaste fiskeslaget i Gjende er aure, og utløpet og grunner i sjølve vatnet er truleg dei viktigaste gyteplassane. Temperaturen i Gjende basert på målingar på utløpet i åra 1995-2019, viser at middeltemperaturen i august vanlegvis ligg rundt åtte til elleve oC. Auren i Gjende blir hausta med stågarn og oter i vatnet og med stong på osen. Minste tillate moskevidde på stågarn har vore 39 mm, bortsett frå 45 mm i 1967-1970 og 35 mm sidan august 2020. Sidan 2009 har det òg vore høve til å setja 29 mm stågarn, no med opp til fem garn pr. fiskar. I ti år mellom 1984 og 2021 vart det gjennomført prøvefiske med Jensen garnseriar med moskevidder på 21-39 mm. Garna vart sette enkeltvis frå land og utbytet blir uttrykt som antal individ pr. 100 m2 garnareal (Cpue). Frå åra 1975-1987, 1996-2019 og 2021 ligg det føre fangstutbyte på 39 mm stågarn blant ein del lokale fiskarar. I åra 1981-1987 vart dei òg bedne om å notere talet på andre garnbåtar. Ein fekk såleis òg tal på totalinnsatsen. Prøvefiske viste til dels store årlege variasjonar i fangstane både av små og mellomstor fisk (på 21, 26 og 29 mm garn) og større fisk (på 35 og 39 mm garn). Fangstane på 39 mm hjå dei lokale fiskarane har òg variert mykje. I 1975 og 1976 var utbytet middels godt med 0,92 og 0,77 fisk pr. garnnatt. Så auka det i dei tre neste åra, men gjekk attende frå 1982 og fram til 1987. I 1984 var det nedi berre 0,35 fisk pr. garnnatt. Fiske var like dårleg i sist del av 1990-talet med 0,41 i 1996 og 0,33 i 1998. I åra 2007-2011 auka fangstane gradvis med ei positiv utvikling fram til 2017-2018. Men så var utbytet på nytt lågt i 2019 og 2021 med respektive 0,35 og 0,44 fisk pr. garnnatt. Fangstkvantumet på 39 mm stågarn i åra 1981-1987 var ikkje særleg stort og varierte mellom 361 og 1 591 kilo. Gjennomsnittet låg på 600 kilo, som gjev ei avkasting på berre 0,38 kilo pr. hektar. Eit ukjent utbyte på oter og med stong på osen kjem i tillegg. Fangsttrykket blir ut frå gjenfangstane av merka gytefisk på Gjendeosen i 2012, 2014 og 2016, vurdert som moderat. Desse individa viste stor trong til vandring og fleire av dei vart fanga att i vestenden på Gjende. Dei store årlege variasjonane i fangstutbytet på prøvefiske og på 39 mm stågarn hjå dei lokale fiskarane er truleg effektar av klima. Variasjonane i rekruttering kan vere store fordi klekkesuksess og yngel si overleving er kritisk i år med låg vasstemperatur. Yngelen oppnår berre ei lengde på rundt 35 mm i sitt fyrste leveår. Vasstemperaturen i fiskesesongen verkar òg inn på fangstutbytet på 39 mm, og er generelt størst i år med høg vasstemperatur i august. Grunnen kan vere at fisken er meir aktiv ved høgare temperaturar, slik at fangsteffektiviteten aukar. Betre vekst i år med høg vasstemperatur kan òg gje auka fangstar på stågarn. I dei siste åra har fisken sin vekst og kondisjon gått noko attende, og færre individ når difor haustbar storleik på 39 mm stågarn. Dette kan ha samanheng med redusert næringsopptak. Dyreplankton dominerer dietten hjå Gjende-auren. Fisken finn desse dyra ved hjelp av synet, men evna avtek med minkande siktedjup. Næringstilgangen kan òg ha vore dårlegare i seinare år. Klima gjennom i vasstemperatur, siktedjup og næringstilgang er truleg hovudgrunnane til dei årlege variasjonane i fangstutbytet og vekst hjå Gjende-auren. Førekomsten av Gjendefluge på osen er no sterkt redusert, utan at vi kjenner til kva verknad dette har på rekruttering, vekst og kondisjon hjå fisken i Gjende.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)en_US
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;2069
dc.subjectaureen_US
dc.subjectbestandsstatusen_US
dc.titleBestandsstatus hjå auren i Gjendeen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelseen_US
dc.source.pagenumber50en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • NINA Rapport/NINA Report [2048]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Show simple item record