Villreinen i Ottadalsområdet
Research report
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2437468Utgivelsesdato
2007Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NINA Rapport/NINA Report [2356]
- Publikasjoner fra CRIStin - NINA [2411]
Sammendrag
Bevanger, K., Hanssen, F. og Jordhøy, P. 2007. Villreinen i Ottadalsområdet - NINA Rapport 227. 95 s.
Ottadalen villreinområde er det tredje største leveområde for villrein i Noreg, med areal innan 3 fylke og 10 kommunar. Den nordlegaste delen vart i stor grad verna då Reinheimen nasjonalpark og seks omkringliggjande landskapsvernområde vart skipa i 2006. Høvesvis 1899,25 og 400,58 km2 av nasjonalparken og landskapsvernområda ligg innan grensa for ”teljande areal” av Ottadalen villreinområde. Attåt dette kjem Brettingen naturreservat på 5,75 km2. Stortinget har gjennom handsaming av St. meld. nr 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge, slutta seg til at at det skal utarbeidast framlegg til verneplan for området Breheimen-Mørkridsdalen. Fylkesmannen i Oppland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har fått i oppdrag å fylgje opp Nasjonalparkmeldinga ved å utarbeide framlegg til verneplan. Områda i sør ligg for det meste innan utgreiingsområde til Breheimen-Mørkridsdalen, og i alt ligg 1410,6 km2 av utgreiingsområdet innafor teljande areal. Grensa for det som her er kalla teljande areal er ytste grense for valda slik desse er meldt inn frå villreinutvalet til Direktoratet for naturforvaltning, og slik grensa ligg i villreinklienten. Dette arealet er av NINA berekna til å vera omlag 5228,6 km2. Villrein er ein art Noreg har særskilt ansvar for, og Ottadalsområdet er peika på som eit av dei nasjonale villreinområda i prosjektet ”Villrein og samfunn”. Grunna den store utstrekninga aust-vest og nord-sør, er topografi og miljøtilhøve i Ottadalsområdet vekslande. Reinheimen femner eit stort mangfald av landskap, naturtypar og biologiske særmerke, og saman med eit verneområde i Breheimen-Mørkridsdalen vil desse områda taka vare på ein særs stor variasjonsrikdom. Desse fjellområda var for omlag 150 år sidan del av eit stort sørnorsk system der reinen i liten grad var hemma i sine rørsler av inngrep frå menneske. Dyra kunne fritt ferdast i fjella mellom Sognefjorden, Nord-Gudbrandsdalen og Romsdalen. Sørover kunne dei nå Hardangervidda, og austover Jotunheimen og fjella i Valdres. Både eldre og nyare granskingar har stadfesta at dette område har vore nytta av veidefolk i særs lang tid ettersom det huser ei mengd kulturminne knytt til den gamle villreinfangsten, og store areal innan nordområdet, saman med to andre område i Nord-Gudbrandsdalen, gjer det difor til kandidat for verdsarvlista til UNESCO. Grunna kombinasjonen naturlege, topografiske deleliner og barrierar gjennom veg og anna inngrep og uroing, er området i praksis delt i to – Ottadalen Nord og Ottadalen Sør. Villreinområdet er for tida delt i 26 jaktvald. I 2006 var fellingskvota sett til 1006 dyr, og det vart i alt felt 669 rein, dvs. ein fellingsprosent på 66,5. Av desse vart 511 felt i nord og 158 i sør. I åra 2000-2007 har det i snitt kvart år vore felt høvesvis 784 og 170 dyr i nord- og sørområdet. Måla for stammestorleiken som villreinutvalet har lagt opp til, ligg på omlag 2000 vinterdyr i nordområdet og 700 i sørområdet (delt likt på den austlege og vestlege delen). I høve til den demografiske samansettinga er målet omlag 20 % kalv, 45 % simle, 10 % ungbukk og 20-25 % gamalbukk. Det er stor interesse frå lokalt hald (mellom anna i kommunane Luster, Rauma og Norddal) for å bygge oppatt stamma lengst sør og vest i Ottadalsområdet. Spørsmål omkring kvifor reinen har slutta å nytte nokre av områda, korleis ein kan få han attende og kvifor dette er viktig, er drøfta. For å kunne seie noko om i kva grad det er mogeleg å få att ein større reinstamme i Ottadalsområdet, er det naudsynt både med meir kunnskap om beitegrunnlaget og korleis og kvar utvekslinga av dyr mellom dei einskilde delområda finn stad. Etter som det no er over 20 år sidan det vart gjort noko systematisk beitegransking her, er det naudsynt med innhenting av nye data for å ha ein trygg grunn å stå på når storleiken til stamma skal haldast opp mot ressursgrunnlaget. Det er nokså sterke indikasjonar på at kondisjonen hjå reinen i Ottadalsområdet har gått ned. Opp gjennom åra er det samla ei mengd data, både frå villreinutvalet og jegerane, men desse er så langt lagt ikk e inn i nokon sams database. Ei systematisering og kvalitetssikring vil difor vera naudsynt om det skal takast tak i dei for ein meir djuptgripande analyse. Metodane som har vore nytta under innsamlinga er stort sett godt utprøvde og standardiserte, men for å kunne gjera haldbare, statistiske berekningar trengs eit minimum av materiale. Storleiken på materialet for nokre av åra kan væra i minste laget. Det vil vera ei monaleg stor oppgåve å gjera dette slik at ein t.d. kan sjå på nyansar ikring dei einskilde delstammane. Tida skulle likevel vera den rette til ein slik gjennomgang no når så store delar av området er verna eller er i ferd med å verta verna, slik at bilete av kva som trengs av framtidig kunnskap og overvaking vert klårare. Ettersom Ottadalsområdet ikkje er ein del av det nasjonale overvakingsprogrammet for villrein, har det vore opp til villreinutvalet å hente inn data andsynes utvikling i stammestorleik og andre tilhøve naudsynt for ei bærekraftig handsaming av stamma. Dette er eit stort arbeid og det vil no, etter at Reinheimen nasjonalpark vart skipa og utgreiingsarbeidet for Breheimen-Mørkridsdalen er starta opp, vera naturleg å ta opp til ny vurdering om ikkje Ottadalen og skal inn på overvakingsprogrammet. Ottadalsområdet er etter måten lite påverka av fysiske inngrep, men uroing frå ålment auka ferdsel kan verta eit trugsmål ser ein framover i tid. Granskingar av menneskeleg aktivitet og tekniske inngrep i høve til rein har alt i alt synt at dyra har eit bredt spekter av reaksjonar andsynes desse, og at dei mellom anna helst held seg unna område med moderat til høg uroing. Område utan uroing vert difor meir nytta, og får auka lokalt beitetrykk. Det beste verktyet så langt for å sjå på konsekvensar av uroingselement eller inngrep, er halsband med radiosendarar som har GPS eining. Slike data er og naudsynte for å få ei god forståing for korleis reinen nyttar heile området, og dei ulike delområda, i tid og rom. Slike data vil over tid kunne gjeva indikasjonar på moglege ”problemområde” – dvs. område der bruken av eit areal sett ut frå ein menneskeleg synsstad ikkje samsvarar med det reinen treng. Skal ein kunne ta tak i desse problema/areala på ein konstruktiv måte er det naudsynt med monaleg detaljert kunnskap. Data frå radiomerka rein vil og kunne seie noko om i kva grad det er mogeleg å få attende dyr til dei områda dyra i dag stort sett held seg vekke frå, t.d. når og kvar utvekslinga av dyr mellom dei einskilde delområda finn stad. Ein viktig del av denne statusrapporten er det vedlagte kartet. Det er ei oppdatering og utviding av det som i 1998 vart laga av Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Kartet inneheld mellom anna opplysningar om kor dyra går når dei dreg mellom ulike funksjonsområde. Areala er merka i høve til om dei er nytta som vinterbeite, heilårsbeite, sommarbeite eller kalvingsområde. Alle georefererte minnesmerke frå den gamle reinfangsten som NINA så langt har samla er og lagt inn. Konfliktnumra frå 1998-kartet er framleis med og har referanse til vedlegg 2 i rapporten. Dei ytste grensene for valda, slik desse er meldt inn frå villreinutvalet til Direktoratet for naturforvaltning og ligg i villreinklienten, er og lagt inn (”teljande areal”). Det ville vore nyttig og fått teikna inn grensene for heile leveområdet, dvs. og dei områda dyra nyttar utanfor grensa for teljande areal. Dette handlar mellom anna om område som bukkane nyttar som vårbeite, t.d. lågtliggjande dalstrok. Det er vel kjend at det ein kan kalla for ”kritiske” habitat eller ressursar kan vera berre ein brøkdel av det totale arealet reinen har tilgong til. Bevanger, K. & Jordhøy, P. 2007. The wild reindeer in Ottadalen. - NINA Report 227. 95 pp.
The area covered by the Ottadalen wild reindeer management unit makes it the third biggest refuge for this species in Norway, touching upon three counties and ten municipalities. The northern part was mainly protected when The Management Plan for Reinheimen National Park and six surrounding landscape protection areas was approved by the Government in 2006. About 1899.25 and 400.58 km2 of the National Park and the landscape protection areas respectively are located within the boundaries of the reindeer management area in Ottadalen. An additional 5.75 km2 are made up by the Brettingen nature reserve. The Norwegian Parliament has, by approving the St. meld. nr 62 (1991-92) – A New Master Plan for National Parks and other large protected areas in Norway – agreed to work out a proposal for a management plan for Breheimen-Mørkridsdalen as a new national park. The County governors of Oppland and Sogn and Fjordane have been asked to follow up the Master Plan by preparing a proposal for a conservation management plan. The southernmost area is mainly located within the review area for Breheimen-Mørkridsdalen, and altogether 1410.6 km2 of the review area is located within the management area of Ottadalen wild reindeer unit. The border of what is defined as belonging to the management unit for the reindeer in Ottadalen is the outermost border for the hunting areas as these are defined by the local wild reindeer management authorities and reported to the Directorate for Nature Management and made available through the database “Villreinklienten”. This area is by NINA estimated to be about 5228.6 km2. Norway has a particular international responsibility for the wild reindeer as a species, and Ottadalen wild reindeer management unit is pointed at as one of the national wild reindeer areas in a recent national review programme focusing the reindeer - ”Villrein og samfunn”. Due to the vast eastwest, north-south range, topography and environmental conditions are diverse. The Reinheimen National Park constitutes a huge variety of landscapes, habitats and areas of unique biological interest. Together with a future protected area in Breheimen-Mørkridsdalen these areas will protect a particularly large number of diverse ecosystems. About 150 years ago these mountains constituted a part of a vast south Norwegian ecosystem where the reindeer to a minor extent was restricted in its movements due to man-made barriers and encroachments. The animals were free to roam in the mountains between Sognefjorden, Nord-Gudbrandsdalen and Romsdalen. To the south they could reach Hardangervidda, and to the east Jotunheimen and the mountains in Valdres. New, as well as older research data, confirm that this area has been used by hunters over a very long period of time as numerous archeologically verified sites and artefacts have been found. Major parts of the northern area, together with two other areas in Nord-Gudbrandsdalen, thus have become a candidate for the UNESCO world heritage list. Due to the combination of natural topographic dividing borders, and barriers through roads and other encroachments, the area is subdivided into two units – the Northern and Southern Ottadalen wild reindeer management areas. For the time being the total area is divided into 26 hunting units. In 2006 the hunting quota in the area was 1006 animals, and a total of 669 reindeer were shot, i.e. 66.5% of the quota. Of these animals 511 and 158 were shot in the northern and southern area respectively. During the period 2000-2007 the mean number of animals shot has been 784 and 170 in the northern and southern area respectively. The local management authorities for the wild reindeer area has aimed to have approximately 2000 animals during the winter in the northernmost area and about 700 in the southernmost area (with about an equal number in the eastern and western sub region). Regarding population demography the aim is to have approximately 20% calves, 45% females, 10% young bucks and 20- 25% old bucks. Some of the municipalities (e.g. Luster, Rauma and Norddal) have expressed a considerable interest in re-establishing sustainable wild reindeer populations within their local boundaries in the western and southern range of the area. Questions regarding why the animals no longer are using some of the areas, and how one should succeed in bringing the animals back, and why this is important, are discussed. To be able to assess the realism in reestablishing a lager reindeer population in the Ottadalen wild reindeer management area, it is necessary with more facts regarding the pastures, and how and where the exchange of animals between the sub areas takes place. As it is more than 20 years since systematic mapping of the pastures in the area took place it is now, however, necessary to collect new data in order to make reliable predictions regarding a sustainable population size and avoid overgrazing. A decline in average reindeer condition has been verified in the area during recent years. Over the years a substantial amount of data is gathered, both from the local management authorities and the hunters, however, these data have so far not been processed and stored in a common database. Thus it is necessary to make systematic review and quality assessment of them before a more thorough analysis takes place. The data collecting methods have been standardised and generally accepted, however, to make reliable, statistical estimates a minimum of data is necessary. The data volume for some of the years is probably close to a minimum for such an exercise. It would be a rather extensive job to do this, e.g. to reveal possible differences within the subpopulations. However, it should be timely to do so now as a major part of the area is protected or is planned to be, to make a better picture of what is needed of future knowledge and monitoring. As Ottadalen not is part of the Norwegian National Monitoring Programme for ungulates, it has been up to the local wildlife authorities whether or not data regarding the wild reindeer population development and other aspects to manage the population sustainable should be collected. This is a considerable task; however, as the Reinheimen Natioal Park now is in place, and the evaluation regarding the future conservation status of Breheimen- Mørkridsdalen is initiated, it is timely to reconsider if the Ottadalen wild reindeer area still should be excluded from the monitoring programme. The Ottadalen wild reindeer management unit is to a minor extent affected by physical encroachments; however, disturbance from increased human activities could be a future problem. Research focusing how human disturbance and encroachments are affecting reindeer has proved that the animals have a broad spectre of reactions, e.g. that they are avoiding areas with a high to moderate disturbance load. Thus undisturbed areas are more used and experience increased local grazing pressure. The best tool so far to monitor consequences of human-induced disturbance is data collection based on telemetry from radio-collared animals. Such data are necessary to get a thorough understanding of how the reindeer population utilizes the whole area and the sub areas in time and space. Such data could indicate possible problem-areas, i.e. areas which, from a human point of view, not are being used in accordance with the animal needs. To be able to attack these problems - and areas - in a constructive way, it is necessary with a rather detailed knowledge. Data collected by means of radio-collared reindeer will also reveal something about the realism in getting animals back into the areas which for the time being are avoided by the animals, e.g. when and where exchange of animals between the sub areas takes place. An important part of this status report is the map following the report, being an update from the one made by the County Governor in Møre and Romsdal in 1998. This is an update and extended version of the map made by the County Governor in Møre and Romsdal i 1998. The map has included data on where the animals move when crossing between the different functional areas in their home range. These areas are labelled according to whether they are important as winter, summer or year around pastures, eventually calving areas. All areas identified by NINA as sites important to the ancient hunting activities, are also indicated. The conflict areas used in the 1998-map version is also maintained, and is referred to in Annex 2. The exterior borders for the hunting units, as these are reported to the Directorate for Nature Management by the local management authorities, and stored in the Villreinklienten database, is included as well. It would have useful to have had the boundaries for the whole area used by the reindeer included, i.e. also those areas used outside the hunting unit borders. This is for instance areas used by the bucks early in the spring, e.g. lowland valleys. It is well known that what can be called critical habitats or resources frequently may be only a fraction of the total area accessed by the animals.