Overvakingsplan for verneområda på Dovrefjell. Del C. Skjema og instruksar. Vedlegg til NINA Rapport 188. Versjon 1 – mars 2007
Vistad, Odd Inge; Eide, Nina Elisabeth; Hagen, Dagmar; Nellemann, Christian; Framstad, Erik; Erikstad, Lars; Gjershaug, Jan Ove; Vistnes, Ingunn Ims
Research report
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2435539Utgivelsesdato
2007Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NINA Rapport/NINA Report [2350]
- Publikasjoner fra CRIStin - NINA [2411]
Sammendrag
Vistad, O.I., Eide, N.E., Hagen, D., Nellemann, C., Framstad, E., Erikstad, L., Gjershaug, J.O. & Vistnes, I. 2007. Overvakingsplan for verneområda på Dovrefjell. Del C. Skjema og instruksar. Vedlegg til NINA Rapport 188. Versjon 1 – mars 2007. - NINA Rapport 188A. 40 s.
Saman med denne rapporten fylgjer 18 lause vedlegg. Det er tre hovudgrunnar til at desse ikkje blir stifta inn i rapporten. For det fyrste reknar vi med at det blir behov for å korrigere eller supplere innhaldet i (nokre av) dei, etter som ein får erfaring med praktisk overvaking. Dei må altså oppdaterast etter behov, noko som er enklare ved bruk av lause vedlegg. Oppdatering må skje i samråd med forskarar i NINA, og primært med dei som står ansvarlege for dei ulike tema og fagområda i denne overvakingsplanen.
Vi utstyrer difor kvart vedlegg med eit versjonsnummer. Dovrefjellrådet (eller annan instans med tilsvarande forvaltningsansvar for verneområda på Dovrefjell) har ansvar for at nyaste versjon av skjema / instruks til ei kvar tid vert nytta i overvakingsarbeidet.
For det andre kan behovet for konkrete feltinstruksar bli utvida (jfr. vår omtale av ”det ideelle” i høve til ”det prioriterte”). Lause vedlegg gjer det enklare å leggje til instruksar for nye tema.
For det tredje skal ikkje feltinstruksen, med detaljar om kvar og korleis overvakinga skjer, vere open tilgjengeleg for alle (slik sjølve hovudrapporten er). Det gjev ei sårbar overvaking.
Følgjande vedlegg er med:
A. FAUNA
Vedlegg 1. Villrein: Kartlegging av arealbruk gjennom året
Vedlegg 2. Villrein: Systematisk beitekartlegging, med kopling til uroing og påverknad
Vedlegg 3. Moskus: Kartlegging av arealbruk gjennom året
Vedlegg 4a. Registrering av reir for kongeørn
Vedlegg 4b. Registrering av reir for rovfugl
Vedlegg 4c. Observasjonar av rovfugl
Vedlegg 5. Observasjonar av utvalde fugleartar av særleg interesse
Vedlegg 6. Instruks for taksering av rype og skogsfugl
Vedlegg 7a. Smågnagarfangst
Vedlegg 7b. Smågnagarindeks
B. FERDSEL OG FRILUFTSLIV
Vedlegg 8. Automatisk teljing av personar langs utvalde stiar
Vedlegg 9. Organisert moskusguiding
C. PÅVERKNAD OG INNGREP
Vedlegg 10. Overvaking av stislitasje
Vedlegg 11a. Registrering av snøskuterkøyring
Vedlegg 11b. Registrering av barmarkskøyring og køyreskade
Vedlegg 12. Registrering og rydding av søppel
Vedlegg 13. Kartlegging av bygningar og tekniske anlegg
Vedlegg 14. Kartlegging av inngrep
Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. overvaking, monitor, forvaltning, verneformål, fauna, vegetasjon, friluftsliv, påverknad og inngrep