Framande artar med planteimport. Framlegg til tiltak og overvaking
Bruteig, Inga; Dahle, Sondre; Endrestøl, Anders; Fossøy, Frode; Hanssen, Oddvar; Often, Anders; Staverløkk, Arnstein; Westergaard, Kristine Bakke; Åström, Jens
Abstract
Bruteig, I. E., Dahle, S., Endrestøl, A., Fossøy, F., Hanssen, O., Often, A., Staverløkk, A., Westergaard, K. B. og Åström, J. 2016. Framande artar med planteimport. Framlegg til tiltak og overvaking. – NINA Kortrapport 39. 25 s.
I denne kortrapporten har vi oppsummert erfaringar med overvaking av planteimport som spreiingsveg for framande artar (prosjektperiode 2014–2016), og skissert tiltak og framlegg til fram-tidig overvakingsprogram bygd på desse erfaringane.
Tiltak som vil ha størst effekt på planteimport som spreiingsveg, er knytt til restriksjonar på eksportsida som kan bidra til at færre artar kjem inn som blindpassasjerar med planter og jord. Dette inneber skjerpa krav til eksportørar og importørar, og vil kunne få følgjer for den relativt frie handelen med varer som vi har i dag. Forbod mot import av jord, krav om sterilisering, ompotting, vasking og desinfisering er blant tiltaka som blir skissert. Tiltak for å oppdage framande artar byggjer på ei ekspertbasert, systematisk overvaking av importen. I tillegg føreslår vi tiltak som kan skape interesse og merksemd rundt problemstillingane blant aktørane i bran-sjen og den enkelte hageinteresserte. Ei løpande risikovurdering basert på økologisk kunnskap om dei framande artane er viktig for å kunne agere tidleg. Tiltak kan innebere at importlaster med påviste funn av risikoartar må setjast i karantene. Ved påvist etablering og spreiing av risikoartar i naturen føreslår vi å kartleggje førekomstar og prøve å fjerne dei, mekanisk eller ved andre middel. Artar som først har fått fotfeste i eit miljø kan det vere umuleg å få fjerna, og då vil aktuelle tiltak vere retta mot å hindre vidare spreiing.
Vi har vidare skissert eit overvakingsprogram, som langt på veg vidarefører det som blir gjort i dag. Basisovervakinga inneber å ta prøver med føremål å påvise flest muleg artar, både ved tradisjonelle metodar og med genetiske metodar og miljøstrekkoding som eit supplement. Eit standardisert prøvetakingsregime vil kunne gje grunnlag for modellering og statistiske analysar av utviklinga over tid, og kan supplerast med målretta søk etter dørstokkartar og andre spesielle risikoartar i importen. Vi føreslår også søk etter artar i og rundt plantesentra, løpande risikovurdering samt målretta søk etter artar i etablering og spreiing. I dette prosjektet er 125 artar så langt påvist for første gong i Noreg, og lista er enno ikkje fullstendig. Mange av desse finst det ingen kjent kunnskap om, og sjansen er at det kan dukke opp problemartar utan at dei har vorte fanga opp på førehand.
Vi gjer greie for kvifor det er heilt nødvendig med ei kontinuerlig overvaking for å få oversikt over kva som blir ført inn i landet via spreiingsvegen planteimport. Det er ikkje sannsynleg ver-ken at prøvetakinga vil nå mettingspunktet eller at innførselen når mettingspunktet, og overvakinga vil difor truleg påvise nye artar kontinuerleg over lang tid. Det er såleis vanskeleg at sjå for seg at behovet for overvaking skulle opphøyre. Økonomi og ressursar vil avgjere kor omfattande eit overvakingsopplegg kan vere. Eit minimumsnivå må vere at den standardiserte prøvetakinga av importkonteinarar blir vidareført på ein slik måte at det er muleg å estimere deteksjonsevne og den relative risikoen knytt til ulike varetypar. Miljø-DNA er ein lovande metode som på sikt vil kunne lette identifikasjonsarbeidet. Dei øvrige elementa vi har føreslått kan vere opsjonar som kan gjennomførast over tid og ved behov.