Overvaking av kongeørn i Noreg 2016. Resultat frå 12 intensivt overvaka område
Research report
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2425793Utgivelsesdato
2016-12-22Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NINA Rapport/NINA Report [2350]
Sammendrag
Tovmo, M., Mattisson, J., Kleven, O. & Brøseth, H. 2016. Overvaking av kongeørn i Noreg 2016. Resultat frå 12 intensivt overvaka område. – NINA Rapport 1304. 23 s.
Overvaking av kongeørn (Aquila chrysaetos) inngår i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt, og er organisert i to hovuddelar; intensiv og ekstensiv overvaking. I den ekstensive overvakinga av arten kartleggjast noverande og tidlegare hekketerritorium over heile landet. Hovudhensikta med denne kartlegginga er å få ei mest mogleg komplett oversikt over antal hekkande par og den geografiske fordelinga av hekketerritorium i Noreg. Den intensive overvakinga av kongeørn gjennomførast i 12 utvalte intensivområde. Desse områda er valt for å få ei god dekning av landet i både nord-sør- og kyst-innlandsgradienten. I kvart av intensivområda er det 15 faste territorium, som vert følgt opp med fleire årlege besøk for å kartleggje status i territoriet og ungeproduksjon. I to intensivområde vert det i tillegg samla inn DNA-materiale frå territoria for å overvake eventuelle endringar i den årlege vaksenoverlevinga. Seks av intensivområda har vore overvaka sidan 1990-talet gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV). Resultata frå årets intensive overvaking av kongeørn viser at det i 2016 vart registrert 46 vellykka hekkingar med totalt 54 ungar eldre enn 50 døgn, og ein gjennomsnittleg produksjon per territorium på 0,30 ungar eldre enn 50 døgn. Dette er noko lågare enn i 2015 med ein gjennomsnittleg produksjon på 0,44 ungar eldre enn 50 døgn per territorium. I områda inkludert i TOV vart det i 2016 produsert i gjennomsnitt 0,22 ungar per territorium. I perioden 1992–2016 vart det produsert i gjennomsnitt 0,42 (95 % KI: 0,36–0,47) ungar per territorium per år i TOV-områda. DNA-analysane av mytefjør påviste 20 ulike vaksne individ, med ein overvekt av hoer (80 % – 16 hoer, 4 hannar). Kjønnsfordelinga var omtrent lik for båe områda med høvesvis 86 % og 77 % hoer i Fauske og på Finnmarksvidda. I tillegg vart sju ulike vaksne individ (2 hoer, 5 hannar) påvist gjennom DNA-analyse av blodprøvar frå reirungar i dei same intensivområda. Årleg overleving for kongeørn på Finnmarksvidda vart estimert til 0,88 (95 % KI: 0,77–0,94) i perioden 2012–2016. Innsamling av data for fleire år vil gje eit betre grunnlag for å teste om overleving og oppdagbarheit varierer mellom år, samt om det er skilnad mellom hannar og hoer. I tillegg vil det vere viktig å kome i gong med DNA-basert overvaking i fleire intensivområde for å undersøkje om det er store skilnader i overleving mellom ulike område av landet.
Tovmo, M., Mattisson, J., Kleven, O. & Brøseth, H. 2016. Monitoring of Golden eagle in Norway 2016. Results from 12 intensively monitored areas. – NINA Report 1304. 23 pp.
Monitoring of golden eagles (Aquila chrysaetos) is a part of the National large predator monitoring program and is structured in two parts: intensive and extensive monitoring. The goal of the extensive monitoring is to map existing and historical breeding territories across the country, contributing to a comprehensive overview of the number of breeding pairs and the geographical distribution of territories in Norway. The intensive monitoring of golden eagles is distributed across 12 different monitoring areas. These areas are selected to cover both the north-south axis and the coast-inland gradient in Norway. In each area, 15 permanent territories are monitored intensively each year to document occupancy and production of fledglings in the territory. DNA-material from eagles was collected in two of the intensively monitored areas to detect potential changes in adult survival. The intensive monitoring was initiated in 2013 in eleven areas, while the last area (Aure) was included in 2015. Six of the intensively monitored areas have been monitored since the 1990s as part of the terrestrial monitoring program (TOV). In 2016 we documented 46 successfully breeding pairs with a total of 54 fledglings older than 50 days and an average production of 0.30 fledglings per territory. This is slightly lower than in 2015, when the average production was 0.44 fledglings per territory. In the TOV-areas, the average production in 2016 was 0.22 fledglings per territory. During 1992–2016, these areas produced on average 0.42 (95 % CI: 0.36–0.47) fledglings per territory. DNA-analyses of moulted feathers identified 20 unique adult individuals, the majority being females (80% - 16 females, 4 males). The proportion of females was similar in both areas 86% in Fauske and 77% on Finnmarksvidda. In addition, seven unique adult individuals (2 females, 5 males) were identified through DNA-analyses of blood from fledglings. Annual survival of Golden eagles on Finnmarksvidda was estimated to 0.88 (95 % CI: 0.77–0.94) based on data from five years (2012–2016). Increased sampling of DNA during a period of several successive years will provide a better basis for testing whether survival and detectability varies between years or between females and males. To determine if the survival rate varies across Norway, it is important to include DNA sampling and analysis in several of the intensively monitored areas.