Avlsprogrammet for fjellrev – Årsrapport 2015
Landa, Arild; Ulvund, Kristine; Eide, Nina E.; Meås, Roger; Andersen, Roy; Rød-Eriksen, Lars; Thierry, Anne-Mathilde; Flagstad, Øystein
Research report
View/ Open
Date
2016-07-07Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2350]
Abstract
Landa, A., Ulvund, K., Eide, N. E., Meås, R., Andersen, R., Rød-Eriksen, L., Thierry, A.-M. & Flagstad, Ø. 2015. Avlsprogrammet for fjellrev – Årsrapport 2015. – NINA Rapport 1267. 33 s.
Avlsprogrammet vart oppretta i 2005 som eit tiltaksbasert FOU-prosjekt for å bidra til bevaring av den sterkt utrydningstruga fjellreven i Noreg. Programmet driftar ein avlsstasjon på Sæterfjel-let (Oppdal), med store hegn i eit naturlig fjellrevhabitat. Minst mogleg handtering av avlsdyra og maksimering av trivsel er vektlagt. Programmet byggjer på villfanga kvalpar, med ei geografisk spreiing som speglar den genetiske variasjonen som er att i Noreg og Sverige. I 2015 vart det rekruttert tre villfødde kvalpar og to frå eigen avl til avlsstasjonen. Totalt er det henta inn 28 villfødde og 23 kvalpar frå eigen avl som avlsdyr til programmet. Rekruttering av villfødde kvalpar er viktig for å oppretthalde avlsliner i stasjonen og av omsynet til å unngå negative effektar av avl i fangenskap.
Våren 2015 var det ni par i stasjonen. Det vart fødd totalt 36 kvalpar i sju hegn. Fem kvalpar døydde før merking og ein kvalp forsvann mellom merking og utsetjing. Av dei attverande kval-pane vart 23 sett ut på Hardangervidda og fem i Junkeren sør for Saltfjellet i Nordland, medan to kvalpar vart rekruttert som avlsdyr. Mellom 2006 og 2015 er det sett ut totalt 303 kvalpar frå Avlsprogrammet. Første-års overleving er gjennomsnittleg 43%, men overlevinga varierer mykje mellom ulike år. Fordi utsetjing går føre seg i januar/februar og utsette dyr er i god kondisjon, er overlevinga til utsette kvalpar høgare enn hjå viltfødde kvalpar. Tilgjengelege metodar og bud-sjett set avgrensingar for omfanget av oppfølging, og difor er tala på overleving truleg høgare enn kva som er registrert.
I Dovrefjell (Snøhetta og Knutshø) der fjellreven døydde ut på 1990-talet, er det sett ut i alt 95 dyr i perioden 2007–2011. I dag er dette den største bestanden i Noreg med minimum 41 vaksne individ registrert frå DNA våren 2014. I år med mykje lemen vert det fødd eit hundretals kvalpar i området og det fungerer i dag som ein kjernebestand som produserer kvalpar til eigen rekrut-tering og for etablering i nærliggjande fjellområde. Det er registrert utvandring frå Dovre både til Reinheimen, Finse, Helags i Sverige og nord til Børgefjell.
I Finse/Hallingskarvet nasjonalpark, som er eit relativt lite fjellområde, har det vore bra med yng-lingar dei siste åra, fem i 2014 og tre i 2015. På Finse starta Avlsprogrammet med utsetjingar i 2009, etter at SNO hadde teke ut dei få attverande revane som hadde opphav frå farmrev. Alle-reie etter fire år med utsetjingar av totalt 71 kvalpar har det ikkje vore nødvendig å setje ut kvalpar her etter 2012. Også på Hardangervidda er det gode teikn til at Avlsprogrammet skal lukkas med å reetablere arten, då det sommaren 2015 var minst éi yngling i området.
Det siste tiåret har det vore få fjellrevynglingar frå Nordland og nordover. Med dette som bak-grunn vart det i 2008 starta utsetjingar av fjellrevkvalpar frå Avlsprogrammet i Junkeren sør for Saltfjellet i Rana kommune. Først sommaren 2014 vart det registrert yngling der, og i 2015 var det full klaff på alle tre utsetjingshi med til saman 15 kvalpar. Til no er det er utført åtte utsetjingar med totalt 61 fjellrevkvalpar i dette fjellområdet. I Saltfjellet var det bra med ynglingar i 2014 og 2015 med til saman 110 kvalpar født. To av kulla i 2015 hadde opphav i revar frå Avlsprogram-met. Tal fjellrevar med opphav i Avlsprogrammet involvert i svenske ynglingar i områda aust for Rana (Vindelfjällen, Arjeplog), er det førebels ikkje oversyn over. Landa, A., Ulvund, K., Eide, N. E., Meås, R., Andersen, R., Rød-Eriksen, L., Thierry, A.-M. & Flagstad, Ø. 2015. The arctic fox captive breeding program – Annual report 2015. – NINA Report 1267. 33 pp.
The Captive breeding program was established in 2005 as a research project, working on devel-oping methods for captive breeding and release; applied to save the critically endangered Arctic fox in Norway. The program includes captive breeding facilities in arctic fox habitat at Sæterfjellet (Oppdal) in South Central Norway, consisting of eight large (50x50m) and one small (20x20m) enclosures. The primary breeding concept is minimal handling and focus on animal welfare. The breeding stock is based on individuals captured from the remnant wild populations, representing the remaining genetic variation in Scandinavia. In 2015, three new cubs were recruited from the wild, as well as two from this year’s captive breeding. In total, 28 pups have been recruited from the wild, whereas 23 have been recruited from own breeding. Recruitment from the wild is carried out to maintain genetic variation in the breeding lines and to avoid negative effects and adapta-tion to captivity.
Spring 2015, the station had nine breeding pairs resulting in seven litters totaling 36 cubs. Five cubs died due to neonatal mortality from birth in May/June to marking in July/August and one cub disappeared between marking and release in January/February 2016. 23 cubs were re-leased at Hardangervidda in Southern Norway and five in Junkeren, Northern Norway. From 2006 to 2015 totally 303 pups have been released from the program. First year survival is aver-aging 43%, but varies substantially between years. Because the pups are released in Janu-ary/February, they are in good condition and which probably explains why survival of released individuals are higher than for wild born pups. The available monitoring methods and budget limits the extent of monitoring and the true survival is therefore likely higher than recorded.
The Dovrefjell population (Snøhetta and Knutshø) in South-central Norway where the arctic fox went extinct during the 1990s, a total of 95 pups have been released during 2007–2011. Today this is the largest population in Norway, with a minimum of 41 adult individuals recorded spring 2014. During years with medium to high lemming abundance, more than 100 cubs are born within the area, and it now seems to work as core population producing offspring for recruitment as well as successful migrants to nearby mountain areas. It has been recorded emigrants from Dovrefjell to Reinheimen, Finse, Helags in Sweden, and north to Børgefjell.
In Finse/Hallingskarvet National Parks, which is a relatively small mountain area, a relatively high number of breedings has been recorded during recent years, five in 2014 and three in 2015. In this area, the captive breeding programme started to release pups in 2009. Already after four years of release totaling 71 pups, the release could be terminated. Also in nearby Hardan-gervidda, which presently is in progress with releases of captive bred foxes, there are signs of successful reestablishment with minimum one breeding during summer 2015.
Over the last decade, few arctic fox breedings have been documented from Nordland County and northwards. Hence, pups have been released in Junkeren, south of Saltfjellet, since 2008. The first breeding was recorded in 2014, and in 2015 there were breedings at all three release sites, with totally 15 pups. So far, 61 pups have been released in this area. In Saltfjellet, north-west of Junkeren, there were many litters, both in 2014 and 2015, 110 pups altogether. In 2015, two litters had origin from released foxes. We also expect released foxes to be involved in breed-ings in the Swedish mountain areas east of Junkeren (Vindelfjällen/Arjeplog). How many is pres-ently not known, but successful emigration and establishment have been documented.