Fisketeljingar i Nausta i løpet av fiskesesongen 2008. Vurdering av oppvandringsforhold og vandringshinder
Research report
View/ Open
Date
2009Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2350]
- Publikasjoner fra CRIStin - NINA [2411]
Original version
Bremset, G. 2009. Fisketeljingar i Nausta i løpet av fiskesesongen 2008. Vurdering av oppvandringsforhold og vandringshinder. - NINA Rapport 462. 26 s.Abstract
Bremset, G. 2009. Fisketeljingar i Nausta i løpet av fiskesesongen 2008. Vurdering av oppvandringsforhold og vandringshinder. - NINA Rapport 462. 26 s. Hovudføremålet med prosjektet er å vurdera vandringstilhøva for sjøvandrande laksefisk i
Nausta. Drivteljingar av laks og sjøaure langs mesteparten av lakseførande strekning sommaren
2008 tyda på at to større fossefall i avgrensa grad førte til ei opphoping av fisk. Den største
opphopinga vart observert nedstraums det nedste fossefallet tidleg i fiskesesongen, då vasstemperaturen
var låg og vassføringa var høvesvis høg. Seinare i sesongen var tendensen til
opphoping av fisk mindre, og både laks og sjøaure var relativt jamt fordelt over heile vassdraget.
Innvandrande laks og sjøaure er påverka av to fossefall på lakseførande strekning; Naustdalsfossen
om lag halvannan kilometer frå sjøen og Hovefossen om lag fire kilometer frå sjøen.
Det er etablert fiskepassasjar i begge desse fossefalla, som gjer at laks og sjøaure kan vandra
opp til det absolutte vandringshinderet i Kallandsfossen. Det har i fleire år vore fokus på utøvinga
av fisket i området nedstraums fossefalla, og spesiell fokus har vore på storleiken av
fredingssona ved munningen av laksetrappa i Hovefossen.
Det vart gjennomført drivteljing av laks og sjøaure i Nausta på tre tidspunkt sommaren 2008:
19. juni, 10. juli og 14. august. Heile elvestrekninga frå Kallandsfossen til flopåverka område
nedstraums Naustdalsfossen vart undersøkt (om lag 12,5 km). Det vart registrert til saman 60
laksar i juni, 325 laksar i juli og 285 laksar i august. Hovudinnsiget av laks til Nausta synest å
vera i perioden mellom midten av juni og midten av juli, slik at mesteparten av lakseoppvandringa
er avslutta i midten av august.
Tidleg i oppvandringsperioden var det ei vesentleg opphoping av laks i områda rett nedstraums
Naustdalsfossen (82 % av alle observasjonar). Likeins var det ei viss opphoping av laks rett
nedstraums Hovefossen. På undersøkingstidspunktet i juli var det meir laks nedstraums (56 %)
enn oppstraums Hovefossen. Ut over dette var skeivskapen i fordeling av laks vesentleg mindre
enn på undersøkingstidspunktet i juni. På undersøkingstidspunktet i august vart det observert
meir laks oppstraums enn nedstraums Hovefossen.
Det vart registrert til saman 11 sjøaurar i juni, 95 sjøaurar i juli og 219 sjøaurar i august. Hovudinnsiget
av sjøaure til Nausta synest følgjeleg å vera etter midten av juli, i og med at det
vart observert meir enn dobbelt så mykje sjøaure i august som i juli. Det var ingen indikasjonar
på opphoping av sjøaure nedstraums fossefalla i Nausta på nokre av dei tre undersøkingstidspunkta.
Generelt sett var sjøaure langt meir jamt fordelt i vassdraget enn laks på alle tre undersøkingstidspunkta.
Dette kan skuldast at sjøaure har eit noko anna oppvandringsmønster
enn laks, mellom anna med ein seinare start og tidlegare slutt på oppvandringsperioden hos
sjøaure.