• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Norsk institutt for naturforskning
  • Publikasjoner fra CRIStin - NINA
  • View Item
  •   Home
  • Norsk institutt for naturforskning
  • Publikasjoner fra CRIStin - NINA
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Ferdsel ut frå fjellnære reiselivsbedrifter

Vistad, Odd Inge
Research report
Thumbnail
View/Open
441.pdf (470.0Kb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2387571
Date
2009
Metadata
Show full item record
Collections
  • NINA Rapport/NINA Report [1822]
  • Publikasjoner fra CRIStin - NINA [1731]
Original version
Vistad, O. I. 2009. Ferdsel ut frå fjellnære reiselivsbedrifter - NINA Rapport 441. 42 s. + vedlegg  
Abstract
Utgangspunktet for prosjektet er arbeidet med Fylkesdelplanar for tre store villreinområde som

no vert gjennomført: Rondane/Sølnkletten, Hardangervidda og Setesdalsheiane. I den

samanheng er det eit grunnleggande kunnskapsbehov, både om villreinens arealbruk og om

menneskeleg aktivitet. Reiselivet er ei av dei viktigaste økonomiske interessene i og rundt

desse fjellområda, difor fekk behovet for kunnskap om ferdsel ut frå reiselivsbedrifter prioritet.

Prosjektet vart lagt opp slik at 3 reiselivsbedrifter pr fjellområde (totalt 9) skulle vere med.

Deltaking frå bedriftene si side var frivillig og lagt opp med stor eigeninnsats frå bedrifta (all

datainnsamling). Valet at bedrifter bygde på visse kriterium og ferdselen skulle kartleggast

både i lågsesong og høgsesong, både vinter og sommar/haust. Dette vart delt ut eit

spørjeskjema for kvart utleigd rom, fordelt på 4 innsatsdagar i løpet av året. Kvar bedrift hadde

fridom til å velje innsatsdagar, for å få ei lokal tilpassing. Det er svært sårbart å overlate

datainnsamlinga til den enkelte bedrifta, og gjennomføringa feila på ein del punkt. Metoden og

feilkjelder blir drøfta i rapporten. Nokre bedrifter vart skifta ut frå vintersesong til

sommarsesong.

I delar av analysen er bedriftene delte inn i Turhotell og Alpinhotell, og delvis også i Reise Tilbedrifter

og Reise Forbi-bedrifter (utifrå korleis bedriftene er lokalisert i høve til viktige

gjennomfartsvegar). I alt vart 404 skjema fylt ut og om lag 2/3 av dei i løpet av vintersesongen.

I tillegg til å få kunnskap om kor aktive gjestene var, så skulle skjemaet kartlegge kven

gjestene var, motiv for besøket, tidlegare erfaring frå området, eiga friluftserfaring, bruken av

stiar og løyper, og synet deira på moglege forvaltningstiltak i framtida (fysiske tiltak, forbod og

kursing).

Norske gjester dominerer, det er lik kjønnsfordeling, dei fleste er høgt utdanna og dei har ein

snittalder på 52 år. Mange av gjestene har vore i same området/hotellet før. Dei viktigaste

besøksmotiva er knytt til Fin natur, Gode turhøve og Gode turstiar/skiløyper. Verdien av desse

motiva er like stor for sommar- som vintergjester. Men desse motiva er viktigare for gjestene

på typiske Turhotell enn på Alpinhotell. Den store majoriteten av gjester brukar naturen aktivt

(85 %), og det er noko fleire uteaktive vintergjester enn sommargjester. Det er eit logisk

mønster i kva aktivitetar som dominerer: Sommartid er det fotturar og vinterstid er det skiturar

(Turhotell) og alpint (Alpinhotell). Gjestene er påfallande aktive i utemiljøet; motiv og atferd ser

ut til å harmonere. Ikkje berre går dei turar, dei går også lange turar. Dei lengste turane er

skiturar og blir gjennomført før eller etter påske (snitt 16,1 km). Påsketurane er kortare (snitt

12,6 km) og sommarturane endå litt kortare (9,0 km). Gjestene ved Turhotell går lengre turar

enn gjestene ved Alpinhotell. Vintergjestene startar alltid skituren ved hotellet, medan nær ¼

av sommargjestene køyrde bil til eit startpunkt for fotturen. Dei aller fleste fylgde stiar og

løyper; det gjeld særleg vintertid då 77 % nesten berre gjekk langs oppkøyrde og merkte

skiløyper, medan 63 % av sommargjestene primært fylgde merkte og skilta stiar. I hovudsak er

dette gjester som set pris på merkte stiar og skiløyper.

Rondane, Hardangervidda, Setesdalsheiane, fjellhotell, ferdselskartlegging, turistar, villrein, fylkesdelplanar, mountain areas, mountain hotels, tourist survey, tourist traffic, hiking, skiing, wild reindeer, area resource planning and management
Publisher
Norsk institutt for naturforskning
Series
NINA Rapport;441

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit