Avlsprogrammet for fjellrev. Årsrapport 2014
Landa, Arild Magne; Ulvund, Kristine R.; Eriksen, Lars; Eide, Nina Elisabeth; Flagstad, Øystein; Meås, Roger; Andersen, Roy; Thierry, Anne-Mathilde
Research report
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2385232Utgivelsesdato
2015Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NINA Rapport/NINA Report [2384]
- Publikasjoner fra CRIStin - NINA [2411]
Originalversjon
Landa, A., Ulvund, K., Rød-Eriksen, L. Eide, N. E., Flagstad, Ø., Meås, R., Andersen, R. & Thierry, A.-M. 2015. Avlsprogrammet for fjellrev. Årsrapport 2014. – NINA Rapport 1154. 96 s.Sammendrag
Avlsprogrammet for fjellrev starta i den noverande forma i 2005 på avlsstasjonen på Sæterfjellet (Oppdal). Stasjonen er basert på maksimering av trivsel for dyra, med store hegn i naturlig fjell-revhabitat og minst mogleg handtering av avlsdyra. Programmet byggjer på innfanga kvalpar frå naturen, med ei geografisk spreiing som speglar den genetiske variasjonen som er att i Noreg og Sverige. I 2014 vart det henta inn to nye kvalpar til avlsstasjonen. Totalt er det henta inn 29 fjellrevkvalpar fødd i det fri til programmet (inklusiv fire som synte seg å ha farmrevopphav).
Vinteren 2013/2014 var det ni par på stasjonen. I løpet av mars forsvann tre revar frå avlsstasjo-nen. Ein vart dokumentert drepen av kongeørn, medan dei to andre er antatt drepne av konge-ørn. Dei seks para som var att fekk kvalpar våren 2014. Det vart registrert 26 kvalpar totalt.
Vinteren 2014/2015 vart det sett ut 16 kvalpar på Hardangervidda og 8 kvalpar i Junkeren. Sidan 2006 er det totalt sett ut 271 kvalpar frå avlsprogrammet. Av dei 247 fjellrevane som er sett ut til og med vinteren 2013/14 er 102 funne att i datamaterialet ein eller fleire gonger etter 1. april det året/vinteren dei vart sett ut. Gjennomsnittleg over alle år gir dette ei minimum overleving frå fødselsår til året etter på 41 % for utsette kvalpar, men det er stor variasjon i overleving mellom år. Dette heng truleg saman med svingingane i smågnagarbestandene. Fordi gjenfangstmeto-dane er ufullstendige er overlevinga truleg underestimert.
Det vart nok eit godt år for fjellreven i 2014. Smågnagarbestandane auka ytterlegare, og fjellre-ven responderte med mange og store kull. Det vart registrert 50 ynglingar av fjellrev i Noreg i 2014, og eit minimum tal på 321 kvalpar. Av desse vart 28 kull med totalt 182 kvalpar merkte av avlsprogrammet. Observasjonar og DNA-analyser synte at minimum 25 av dei merka kulla har minst ein forelder som er sett ut frå avlsprogrammet eller er avkom av utsette revar. I tillegg er revar frå avlsprogrammet opphav til to svenske kull. Av dei 250 kvalpane som har vore merka av avlsprogrammet i åra 2008–2013 er 35 funne att i datamaterialet etter 1. april 2014. Gjen-nomsnittleg overleving det fyrste året hos dei viltfødde kvalpane med opphav i avlsprogrammet er 23 %.
I 2014 er det henta inn data frå alle ni transponderlesarane (Biomark) som er plassert ut på utvalde fôrautomatar i Snøhetta, Knutshø og Finse. Så langt er 128 enkeltindivid registrert på ein eller fleire av automatane. Av desse er 77 kvalpar som vart merka sommaren 2014.
Ein aukande bestand på Finse fører med seg etablering i nye områder. I Aurland kommune i Sogn og Fjordane vart det i april/mai registrert tilhald av to fjellrevar ved hjelp av DNA frå skitprø-ver. Begge desse vart sett ut på Finse tidligare år. Det vart òg registrert eit kull med minimum ni kvalpar i Aurland kommune.
Fjellrev i Noreg, Alopex lagopus, avlsprogrammet, utsetjing, bevaring, Arctic fox in Norway, Alopex lagopus, captive breeding program, re-introduction, conservation The Arctic fox captive breeding program was established in its current form in 2005, when the
construction of the breeding station at Sæterfjellet (Oppdal, central Norway) was completed. The
philosophy behind the captive breeding program is to maximize the wellbeing of the animals
within large enclosures of natural arctic fox habitat combined with a minimum of handling. The
breeding stock is based on kits captured in the wild, representing the remaining genetic variation
in Scandinavia. In 2013, two wild born kits replaced overaged individuals in the breeding stock.
A total of 29 wild born kits has been collected since the start of the program.
During winter 2013/2014, the breeding station housed nine couples. In March, three foxes went
missing from the station. One was documented killed by a golden eagle, whereas two are assumed
killed by golden eagle. The six remaining couples gave birth to a total of 26 kits.
The kits born in 2014 were released in February 2015 (16 in Hardangervidda and 8 in Junkeren).
A total of 271 kits have been released during 2006-2015. Of the 247 animals released until 2014,
102 have been sighted one or more times after the 1st of April the following spring, resulting in
an average first year survival of 41 %. However, large variations among years have been recorded
(18–72 %). Survival seem to be connected to changes in small rodent abundance, but
reported first year survival is likely underestimated due to incomplete detection of individuals.
A minimum of 321 wild-born Arctic fox kits in 50 litters were recorded in Norway during 2014. Of
these, 182 kits from 28 litters were captured and marked. Direct observations and DNA-analyses
revealed that a minimum of 25 litters had at least one or both parents originating from the breeding
program. Two litters in Sweden are also assumed to have at least one parent originating from
the captive breeding program. Of the 250 kits marked by the breeding programme, 35 have been
registered by DNA, Biomark, sighting or wildlife camera after April 1st 2014. The mean survival
of wild born kits from birth until April 1st the following year is 23 %.
During 2014, data has been collected from all of the nine Biomark-readers that are placed on
selected feeding stations in Snøhetta, Knutshø and Finse. So far, 128 individuals have been
registered on one or several of the feeding stations in 2014. Of these, 77 are kits marked during
summer 2014.
An increasing population in Finse has resulted in expansion of artic foxes into new areas. In
April/May two foxes released at Finse were recorded by DNA-samples in Aurland, Sogn & Fjordane.
One litter with nine kits was recorded in Aurland municipality.
The Finse population is closely attached to Hardangervidda, which historically housed one of the
largest arctic fox populations in Scandinavia. However, the arctic fox has been absent from
Hardangervidda since the 1980s. In 2012 winter activity of artic foxes were again recorded at
Hardangervidda. Following this, 30 kits were released in Hardangervidda in January 2014 and
16 in February 2015.