Show simple item record

dc.contributor.authorGundersen, Vegard
dc.contributor.authorVistad, Odd Inge
dc.date.accessioned2016-03-16T13:38:40Z
dc.date.available2016-03-16T13:38:40Z
dc.date.issued2016-03-16
dc.identifier.isbn978-82-426-2852-7
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2382333
dc.description.abstractI denne rapporten er fire lokalitetar analysert i verneområda Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) og inkluderer Kjerag, Månafossen/garden Mån, Håhelleren og Ritlandskrateret. Dei tre fyrste er udiskutable attraksjonar, innfallsportar, knutepunkt, der det er dels veldig høge besøkstal og eit opplagt behov for å ha eit aktivt forhold til bruken og brukarane, t.d. i form av informasjon. Den fjerde attraksjonen, Ritlandskrateret, skil seg noko ut ved å vere mindre kjent (for folk flest/utanfor regionen) og mindre besøkt, og med andre utfordringar når det gjeld informasjon og tilrettelegging. Alle fire lokalitetane er tilgjengelege og informerte om på ulike nettsider, t.d. er dei alle nemnde som turmål på www.ut.no, med kart, bilete, ruteforslag og nyttig praktisk informasjon. Det er viktig med dokumentert kunnskap om dagens bruk og spekteret av brukarar – både dei lokale, regionale og dei tilreisande. Dette er ein viktig basiskunnskap for å utvikle ein besøksstrategi, saman med kunnskap om verneverdiar knytt til natur og brukshistorie. Eksisterande kunnskap om dei besøkande er oppsummert for kvar av dei fire lokalitetane. For tre av dei fire pilotområda er det eit visst kunnskapsgrunnlag om bruksomfang (direkte og indirekte teljingar), men for Ritlandskrateret veit ein berre at besøkstalet er lågt. For Kjerag og for Håheller-området er det også forenkla/tidsavgrensa spørjeundersøkingar. Vi har lagt opp til ulike analysar og vurderingar, tilpassa den enkelte lokalitet. Kjerag og Månafossen er i dag store primærattraksjonar, truleg med mange uerfarne vandrarar, og rapporten set fokus på korleis ein kan sikre og betre turopplevinga, bygd på kunnskap om kva ulike brukargrupper søkjer, og kva dei sannsynlegvis treng av tilrettelegging og informasjon. Håhellerområdet og vegen over Brokke-Suleskard er i første rekke for turistane som ferdast på vegen, og spørsmålet er kva bilturisten etterspør av opplevingar og attraksjonar. Håheller-området er eit viktig trekkområde for villrein og rapporten analyserer kor sårbar villreinen her er i høve ferdsel og lokalisering av ferdsel. I Ritlandskrateret valde vi å gjere ei grunnleggande landskapsanalyse for å synleggjere opplevingskvalitetane, naturverdiane og også kor sårbarhet området er, som kunnskapsgrunnlag for råd om informasjon og tilrettelegging. Arbeidet med besøksstrategiar inneber altså eit utvida ansvar for forvaltninga og for andre aktørar som må inkluderast i arbeidet. I tillegg til å ha omsorg for naturen skal ein også ha omsorg for dei besøkande. Forvaltninga får eit medansvar som vertskap, og for å redusere terskelen for besøk skal ein legge til rette slik at de besøkande kjenner seg velkomne – i dei områda der ein vil stimulere til meir besøk. Det er viktig at vertskapsaktørane står fram som samordna og tydelege. Dette kan by på utfordringar når det gjeld eksisterande eksponering og infrastruktur, t.d. i høve til korleis området vert marknadsført og kvaliteten på eksisterande merking, tilrettelegging etc. Ein skal fokusere på dei kvalitetane som naturen byr på og som også inviterer de besøkande til å ta del i vernearbeidet. På Håhelleren vil det t.d. vere viktig å informere om kvifor det er restriksjonar på stopp og parkering på andre strekningar langs vegen, og på ein slik måte at dei besøkande kjenner at dei tek del i vernet. Ritlandskrateret er der pga. ei storslagen naturhistorie med meteornedslag for 500 millionar år siden, men denne dramatikken kan ikkje lett lesast ut av landskapet, den må forteljast.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;1221
dc.subjectInformasjonsplannb_NO
dc.subjectTilrettelegging/tiltak for ulike brukargruppernb_NO
dc.subjectBruk - vernnb_NO
dc.subjectKunnskapsbehovnb_NO
dc.subjectInformation plannb_NO
dc.subjectFacilitation / management measuresnb_NO
dc.subjectUse and protectionnb_NO
dc.subjectKnowledge needsnb_NO
dc.subjectNINA Rapport
dc.titleBesøksstrategi for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR). Kjerag, Mån og Månafossen, Håhelleren og Ritlandskrateretnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.source.pagenumber73 + vedleggnb_NO
dc.relation.projectVerneområdestyret for Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane og Frafjordheianenb_NO
dc.description.localcode© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelsenb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • NINA Rapport/NINA Report [2307]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Show simple item record