Kartlegging av biologisk mangfald i setergrendene Nedre Reindøl, Reindølsætrin og Svartdalsætrin i Lesja kommune
Research report
View/ Open
Date
2015Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2375]
- Publikasjoner fra CRIStin - NINA [2411]
Abstract
Jordhøy, P. & Often, A. 2015. Kartlegging av biologisk mangfald i setergrendene Nedre Reindøl,
Reindølsætrin og Svartdalsætrin i Lesja kommune. NINA Rapport 1188. 25 s.+ vedlegg.
I samband med ivaretaking av naturbeitemark inngår biologisk kartlegging for å ha oversyn over utvikling og trong for skjøtsel. Områda vart kartlagt fyrste gong i 1996 og 2007. Setrane i Lesja er elles skildra i Einbu og Kjelland (1988). På grunn av ein kald og fuktig forsommar var blomstringa i 2015 relativt sein, slik at tidspunktet for feltkartlegginga av karplanter, 11.-12. au-gust, var etter måten gunstig. Artslister for karplanter for kvart område vart utarbeidd på grunn-lag av funne artar. Områda som vart kartlagt består av naturbeitemark med vekslande grad av attgroing, men betydelege areal er halde i hevd grunna kontinuerleg beiting frå husdyr over lang tid. Naturbeitemarka er heilt avhengig av tradisjonell husdyrbeiting for å bli halde i hevd frametter. Der det er mest attgroing tilrår vi noko rydding av einer og bjørk, slik kan ein ta vare på mest mogleg av det opphavelege preget på seternær naturbeitemark.
Lesja kommune, Oppland fylke, flora, naturbeitemark, kartlegging av biologisk mangfald