Økosystemtenester frå villreinfjellet i Noreg. Ei vurdering basert på eksisterande datagrunnlag
Helseth, Elisabeth Veivåg; Eide, Nina Elisabeth; Hansen, Brage Bremset; Kvalnes, Thomas; Roos, Ruben Erik; Rosvold, Jørgen; Rønning, Bente; Singsaas, Frode Thomassen; Mathiesen, Kristin Evensen
Research report
View/ Open
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2350]
Abstract
Helseth, E.V., Eide, N.E., Hansen, B.B., Kvalnes, T., Roos, R.E., Rosvold, J., Rønning, B., Singsaas, F.T. & Mathiesen, K.E. 2023. Økosystemtenester frå villreinfjellet i Noreg. Ei vurdering basert på eksisterande datagrunnlag. NINA Rapport 2373. Norsk institutt for naturforskning.
I denne rapporten gjer vi ei biofysisk vurdering av bruk og kapasitet knytt til 16 viktige økosystemtenester frå villreinfjellet i Noreg. Vurderinga er basert på eksisterande og offentleg tilgjengeleg data. Vi tek utgangspunkt i at dei 24 villreinområda i Noreg utgjer «villreinfjellet», samstundes som vi også inkluderer nokre vurderingar knytt til randsonene til villreinområda.
Villreinfjellet er lokalisert i Sør-Noreg, og utgjer 15,7% av Noreg sitt fastlandsareal. Det er 86 kommunar som har delar av sitt areal innafor villreinfjellområda, fordelt på 8 fylke, og med 576 338 innbyggjarar (10,4% av Noreg si befolkning). Det er 166 128 hytter/ fritidsbustadar i desse kommunane, derav ligg rundt 19 000 hytter/ fritidsbustadar innanfor dei 10 nasjonale villreinområda. Forsking indikerer at besøkande har særleg fokus på fjellet som villmark og rekreasjonslandskap, mens lokale har større fokus på forsynande tenester og relasjonelle verdiar knytt til villreinfjellet.
Dei viktigaste forsynande tenestene frå villreinområda er i) råmateriale, ii) matproduksjon, iii) energiproduksjon, iv) medisinressursar, og v) drikkevatn. Bruken av fleire av desse tenestene har auka dei siste åra. Villreinfjellet leverer rundt 40 % av Noreg sin energiproduksjon frå vasskraft. Vi estimerer årleg matproduksjon i form av kjøt til å vere 131 100 kg frå villrein, 8 100 kg frå rype, og 6 103 938 kg frå sau og lam på beite. Det er 33 registrerte uttak for mineral som er i aktiv drift i villreinfjellområda. Det er også mange drikkevasskjelder i villreinfjellet.
Dei viktigaste kulturelle tenestene er i) friluftsliv, ii) reiseliv, iii) stadkjensle, iv) kulturutøving og kulturminne, v) kunnskap og vitskap, og vi) religion åndelege verdiar. Kulturelle økosystemtenester frå villreinfjellområda er i endring, og det har særleg vore ei sterk auke i bruk av fjellområda til rekreasjonsføremål assosiert med private hytter og kommersielt reiseliv. Mykje av utviklinga innanfor bruk av kulturelle tenester er knytt til auke i infrastruktur og ferdsel.
Særleg viktige regulerande økosystemtenester er i) opptak og lagring av karbon, ii) næringsstoffkretsløp, iii) moderering av ekstreme vêrhendingar, og iv) vasskretsløp. Fjelløkosystema utgjer ei viktig kjelde til karbonopptak, særleg ettersom dei dekkjer så stor del av Noreg sitt areal. Når det gjeld næringsstoffkretsløp, antek ein at villreinen spelar ei viktig rolle, m.a. gjennom beiting og gjødsling, og det trengs styrka kunnskap på dette området. Villreinfjellet er også viktig i det hydrologiske kretsløpet, og høgfjellsområda fungerer m.a. delvis som ‘vasstårn’ som avgir lagra vatn gjennom sommarsesongen.
Villreinfjellet si rolle som habitat for ulike artar er avgjerande for mange av dei andre økosystemtenestene. Villreinen er ein arealkrevjande art som i stor grad unngår område med infrastruktur og busetnad, og villreinfjellet utgjer 56 % av det totale arealet av villmarksprega område i Sør-Noreg. Fjelløkosystem i Noreg har jamt over god økologisk tilstand, men tilstanden er noko dårlegare i dei sørlegaste fjellområda. Samstundes viser kvalitetsnorma for villrein ein dårleg tilstand for villreinen i mange av områda som er vurdert.
Vi finn at auka bruk av nokre forsynande og kulturelle tenester (som energiproduksjon og reiseliv), medfører infrastruktur og ferdsel som særleg kan bidra til å redusere villmarksfjellet sin kapasitet for å vere habitat for villreinen og andre artar. For å fremme eit breiare spekter av økosystemtenester frå villreinfjellet i framtida er det viktig å: i) styrka kunnskap om kulturelle, regulerande, og støttande tenester, ii) vurdere berekraftig balanse i bruk og kapasitet knytt til ulike tenester, iii) kartlegge maktdynamikkar knytt til kva verdiar og tenester som vinn fram i avgjerdstaking, og iv) opne for alternativ til dagens dominerande «grøn vekst» berekraftsbane.