Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorLyngstad, Anders
dc.contributor.authorSimensen, Trond
dc.contributor.authorKyrkjeeide, Magni Olsen
dc.coverage.spatialNoreg, Agder, Setesdalen_US
dc.date.accessioned2023-11-16T16:50:22Z
dc.date.available2023-11-16T16:50:22Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.isbn978-82-426-5155-6
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3103075
dc.description.abstractLyngstad, A., Simensen, T. & Kyrkjeeide, M.O. 2023. Naturrekneskap for ei hyttegrend. Otrosåsen på Hovden i Bykle kommune. NINA Rapport 2354. Norsk institutt for naturforskning. Hyttebygging og konsekvensane det har for naturen har fått større merksemd dei siste åra. Ved å utarbeide eit naturrekneskap for område som blir vurdert bygd ut kan ein få eit betre grunnlag for avgjerder kring omfang og innretning på eventuelle utbyggingar. I dette prosjektet har vi kartlagt natur og utarbeidd eit forenkla naturrekneskap for hytteområdet Otrosåsen i Hovden, Bykle kommune. Klassifiseringssystemet Natur i Norge (NiN) er lagt til grunn for naturkartlegginga. Vi fann at om lag halvparten (51 %) av det kartlagde området er sterkt endra gjennom hyttebygging med tilhøyrande infrastruktur og terrenginngrep. Desse områda kan reknast som tapt som naturlege økosystem. Bygningar dekker 9,9 daa i undersøkingsområdet, noko som utgjer 7,6 % av arealet med sterkt endra mark. Direkte inngrep knytt til hyttebygginga er 13 gongar større enn arealet for hyttene i seg sjølv, og om vi inkluderer indirekte verknader av drenering er arealet som blir påverka 15 gongar større. Ei hytte på 100 m2 gir då eit naturinngrep på 1,5 daa. Innan naturleg mark er lyngskog (dekker 15 %) og bærlyngskog (18 %) dei skogtypane som er funne, og på myr dominerer fattigmyr (5 %), men intermediær myr (2 %) dekker også noko areal. Det er funne 90 karplanteartar i området, 49 i naturleg mark, og 62 i sterkt endra mark. Årsaka til at det er flest artar i sterkt endra mark er i første rekke at det kjem inn fleire ugrasartar som manglar i naturleg mark. Området må reknast som relativt artsfattig, og det speglar ein berggrunn der harde, sure bergartar dominerer. Det er ingen kjende naturverdiar av nasjonal eller regional forvaltningsinteresse i undersøkingsområdet. Vi målte torvdjup i seks myrar, der fem av dei var intakte, og vi har estimert karboninnhald i desse myrane med hjelp av karbonkalkulatoren CarbonViewer. Basert på samanhengen mellom myrareal, torvvolum og karbonmengd estimerer vi det samla karbonlageret i dei intakte myrane som er att i området til 1397 tonn C, noko som svarar til 5123 tonn CO2-ekvivalentar. Den samla klimaeffekten av arealendringar i undersøkingsområdet har vi estimert til 4807 tonn CO2-ekvivalentar. Miljødirektoratet sin klimakalkulator for arealendring vart brukt for å finne dette estimatet. Vi tilrår at eventuell vidare hyttebygging i området blir lagt til areal som allereie er sterkt endra. For å ta vare på eksisterande natur i området, og for å unngå ytterlegare klimagassutslepp frå arealendringar, bør ny bygging gjennomførast med ein byggemetode som påverkar eksisterande økosystem så lite som mogeleg. Frå eit økologisk synspunkt vil fortetting i Otrosåsen vere ei betre løysing enn vidare ekspansjon med hyttebygging i tilgrensande område. Vi ser det som komplisert og kostnadskrevjande å restaurere natur i stor skala i Otrosåsen. Truleg vil det også gi relativt liten gevinst for naturmangfald og klima. Det er likevel to kategoriar tiltak vi meiner kan vere aktuelle. Det første er restaurering av vasshushaldninga i myrar og tjørner, der målet vil vere å få att ein, for myra eller tjørna, høveleg hydrologi. Nokre stader kan dette gjerast med enkle grep. Det andre tiltaket er knytt til fastmark, der vi trur det kan vere mogeleg å legge betre til rette for revegetering ved å inkludere dette som eit punkt ved planlegging av eventuell vidare utbygging.en_US
dc.description.abstractLyngstad, A., Simensen, T. & Kyrkjeeide, M.O. 2023. Environmental-Economic Accounting applied on a cabin development area. Otrosåsen at Hovden in Southern Norway. NINA Report 2354. Norwegian Institute for Nature Research. Cabin development and the consequences it has for nature has gained increasing interest over the last years. By applying Environmental-Economic Accounting in candidate development areas we can improve the decision processes by presenting a better knowledge foundation. In this project we have mapped nature and produced a simplified account of environment and economy for the cabin development area Otrosåsen in Hovden, Bykle municipality, Southern Norway. The classification system Nature in Norway (NiN) was used in the mapping. We found that strongly altered ecosystems cover about half the mapped area (51 %). This area is changed fundamentally through cabin development with accompanying infrastructure and terrain alteration. It is lost as natural ecosystems. Buildings cover ca. 1 ha of the mapped area and makes up 7.6 % of the strongly altered ecosystem area. The direct impact of infrastructure construction related to cabin development is 13 times the area of the cabins themselves. If we include the indirect effects of peatland drainage, the affected area is 15 times the area of the cabins. Thus, a cabin of 100 m2 results in nature loss of 0.15 ha. Among natural ecosystems, Lime-poor subxeric forest (15 %) and Lime-poor submesic to subxeric forest (18 %) are the forest nature types present. The mire vegetation is dominated by poor fen (5 %), but intermediate fen (2 %) also covers some area. 90 species of vascular plants were found, 49 in natural ecosystems and 62 in strongly altered ecosystems. The occurrence of ruderal species is the main reason there are more species found in strongly altered ecosystems. The area is relatively species poor, which reflects the predominantly acidic bedrock. No species or nature types are among those assigned national or regional level management interest. We measured peat depth in six mires, five of which were intact, and estimated their carbon stock using the carbon calculator CarbonViewer. Based on the relationship between mire area, peat volume and carbon content, we estimate the carbon stock of the intact mires left in the area to 1397 t C, which corresponds to 5123 t CO2-equivalents. The overall climate impact caused by the change in land use in the mapped area is estimated to 4807 t CO2-equivalents. The climate calculator of the Norwegian Environment Agency was used to estimate this. We suggest concentrating further potential cabin development to areas of strongly altered ecosystems. To halt loss of nature and avoid further GHG emissions due to land use change, potential new cabin construction should employ methods that affect the ecosystems present minimally. From an ecological point of view, cabin densification in Otrosåsen is better than continued expansion of cabin areas in surrounding, intact nature. Large scale ecological restoration at Otrosåsen will likely be complicated and costly, and it is not likely to yield large benefits in terms of climate mitigation or improved ecological condition. Yet there are two measures of restoration we consider relevant. One is hydrological restoration of mires and tarns aiming at recreating suitable hydrological conditions, which can be carried out with simple measures in some cases. The other is to include revegetation as an integral part of potential future cabin development.
dc.language.isonnoen_US
dc.publisher© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelseen_US
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;2354
dc.subjectkarbonkalkulatoren_US
dc.subjecthytteutbyggingen_US
dc.subjectNiN-kartleggingen_US
dc.subjectmyren_US
dc.subjectrestaureringen_US
dc.subjecttorvdjupen_US
dc.subjecttorvmarken_US
dc.subjectcabin developmenten_US
dc.subjectcarbon calculatoren_US
dc.subjectmappingen_US
dc.subjectmireen_US
dc.subjectpeat depthen_US
dc.subjectpeatlanden_US
dc.subjectrestorationen_US
dc.titleNaturrekneskap for ei hyttegrend. Otrosåsen på Hovden i Bykle kommuneen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelseen_US
dc.source.pagenumber43en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • NINA Rapport/NINA Report [2310]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Vis enkel innførsel