Ferdsel i Grimsdalen sommaren 2022. Spørjeundersøking, teljingar og observasjonar
Research report
View/ Open
Date
2023Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2351]
Abstract
Zouhar, Y., Gundersen, V. & T. Holter. 2023. Ferdsel i Grimsdalen sommaren 2022. Spørjeundersøking, teljingar og observasjonar NINA Rapport 2244. Norsk institutt for naturforskning
Sykling og spesielt bruk av el-sykkel i norske naturområde har auka dei seinare åra, og gjev nye effektar på dyre- og plantelivet i sårbare område. Vi undersøker i denne rapporten både motorisert ferdsel og sykling langs Grimsdalsvegen, samt fottur med utgangspunkt i vegen. Vi ynskjer å undersøke kor stor ferdselen på vegen er, om den har auka og kven som brukar vegen og landskapet rundt vegen. Denne kunnskapen skal kunne nyttast til å undersøke brukartilfredsheit og som igjen kan gje grunnlag for tiltak som betrar opplevinga til brukarane og aukar moglegheita for næringsaktivitet knytt til bruken. Samstundes er eit viktig bakteppe her at villreinen har aukande problem med å krysse vegen. Opphøyr av dette trekket vil medføre ei ytterlegare fragmentering av den allereie fragmenterte Rondane-Dovre bestanden.
Vi brukar eit sett med metodar for å samle inn data på ferdsel i studieområdet, som inkluderer automatiske teljarar, observasjonar-manuelle teljingar, spørjeundersøkingar, bompasseringar og andre sekundære datakjelder på bruken av vegen. Nettdugnad og data frå Strava App er brukt for å seie noko om omfang og utvikling av syklistar langs vegen. Vi har vist tal og diskutert og konkludert med at motorisert trafikk på Grimsdalsvegen har auka i perioden 2014-2022. Tala er likevel ikkje direkte samanliknbare sidan det er endra frå manuell bomstasjon betjent med person til automatisk bom. Observasjonane tilseier at personbilar var dominerande som framkomstmiddel langs Grimsdalsvegen, etterfølgd av syklistar. I tidsperioden observasjonane blei gjennomført blei det talt 547 personbilar, 228 syklistar, 105 bubilar, i tillegg til ein del fotgjengarar, traktorar og andre transportmiddel. Basert på data frå Strava og tal frå spørjeundersøkinga som syner delen av syklistane som nyttar seg av Strava, kunne vi konkludere med at det var nærare 1350 syklistar som sykla gjennom Grimsdalen i løpet av sommaren. Meir detaljerte observasjonar av syklistane langs vegen synte at fleirtalet nyttar seg av vanleg sykkel (62,1%), men det er likevel ein betydeleg del som brukar el-sykkel (37,9%). Ei relativt lik fordeling fann vi òg i spørjeundersøkinga blant syklistane, som synte at 55% nytta vanleg sykkel, og 44 % el-sykkel (1% nytta anna framkomstmiddel).
Grimsdalen har blitt eit satsingsområde når det gjeld reiseliv og det blir lagt til rette for auka ferdsel og bruk av området gjennom ulike tiltak. Ferdsel og bruk av Grimsdalen føregår i all hovudsak sommarstid. Grimsdalsvegen er vinterstengt, men i samband med drift av overnattingsbedriftene Grimsdalshytta og Haverdalshytta er det noko motorisert ferdsel også vinterstid, i tillegg til noko transport til hytter og setre i området.
For villreinen har vår studie synt at ferdsel i Grimsdalsområdet i det store og heile omhandlar ferdsel på sjølve vegen, og de viktige trekkpassasjene over vegen mellom Dovre og Rondane nasjonalparker. I tillegg er det betydeleg ferdsel på dei T-merka stiane ut frå Grimsdalshytta, der spesielt stien mot Hjerkinn har synt å avgrense villreinens trekk vidare austover mot Folldal. Ferdsel mot Kattuglehøi er betydeleg og medfører at villreinen unngår dette området sommarstid. Stien mot Høvringen over Sletthø går gjennom eit sårbart villreinområde sommarstid, men ferdselen her er forholdsvis låg og har truleg mindre effekt på villrein. Stien mot Dørålseter gjennom Dørålsglupen har ein del ferdsel og ser ut til å avgrense villreinens bruk av dei austlege delane av Stygghøin og avgrensar slik trekk vidare austover. Det er viktig at det blir iverksett tiltak for å hindre at Grimsdalen blir ei trekkbarriere for villrein, og dette må gjerast på ein arena der alle dei involverte partane involverast og er med i diskusjonane.