Vern og skjøtsel av kysthei i Rogaland
Research report

Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3055933Utgivelsesdato
1988Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Økoforsk [2]
Sammendrag
Steinnes, A. 1988. Vern og skjøtsel av kysthei i Rogaland. Økoforsk rapport 1988, 11 : 1-119.
Rapporten omtalar kystheiar i Rogaland og er utarbeidd som ein del av Økoforskprosjektet "Oversikt over botaniske verneverdiar i Rogaland". Kysthei er ein naturtype som er i rask endring, og som blei vurdert som utsett på sikt. Rapporten er skriven dels ut frå litteratur, dels ut frå undersøkingar i felt. Tretten ulike typar kystheivegetasjon er omtalt. Floraen i kystheiane i Rogaland er fattig og prega av kystbundne artar. Formålet med å verne kysthei er dels å verna eit kulturlandskap, dels å verna eit økosystem. Dei ulike brukarinteressane i kystheiane er vurdert, og vernekriteria definert. Vern av kysthei har lita meining dersom ikkje bruk og skjøtsel blir vurdert samstundes. Dei viktigaste skjøtselstiltaka er brenning tidleg om våren og beiting med vekt på sauebeiting om vinteren. Men ein skal vera varsam med ukritisk brenning av alle slags heitypar. Ti heitypar er undersøkt i felt. Tre av dei har nasjonal verneverdi og bør vernast etter naturvernlova. Rapporten viser at heilandskap er ein trua naturtype.