Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTovmo, Mari
dc.contributor.authorMattisson, Jenny
dc.contributor.authorKleven, Oddmund
dc.date.accessioned2021-12-15T09:27:51Z
dc.date.available2021-12-15T09:27:51Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.isbn978-82-426-4835-8
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2834336
dc.description.abstractTovmo, M., Mattisson, J. & Kleven, O. 2021. Overvaking av kongeørn i Noreg 2021. Resultat frå 12 intensivt overvaka område. NINA Rapport 2052. Norsk institutt for naturforskning. Overvaking av kongeørn (Aquila chrysaetos) inngår i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt, og er organisert i to hovuddelar; intensiv og ekstensiv overvaking. I denne rapporten vert resultata for dei intensivt overvaka områda i 2021 presentert, både med tanke på territoriestatus, ungeproduksjon og DNA-analysar, saman med estimat på årleg vaksenoverleving frå Finnmarksvidda. Vi vil òg samanlikne resultata med ungeproduksjonen i desse områda tidlegare år. I den ekstensive overvakinga av arten vert noverande og tidlegare hekketerritorium over heile landet kartlagt. Hovudføremålet med denne kartlegginga er å få ei mest mogleg komplett oversikt over talet på hekkande par og den geografiske fordelinga av hekketerritorium i Noreg. Resultat frå den ekstensive overvakinga er ikkje inkludert i denne rapporten. Den intensive overvakinga av kongeørn vert gjennomført i 12 utvalte intensivområde. Desse områda er valt for å få ei god dekning av landet i både nord-sør- og kyst-innlandsgradienten. I kvart av intensivområda er det 15 faste territorium, som vert følgde opp med fleire årlege besøk for å kartleggje hekkestatus i territoriet og ungeproduksjon. I to intensivområde vert det i tillegg samla inn DNA-materiale frå territoria for å overvake eventuelle endringar i den årlege vaksenoverlevinga. Seks av intensivområda har vore overvaka sidan 1990-talet gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV). Resultata frå årets intensive overvaking av kongeørn viser at det i 2021 vart registrert 47 vellykka hekkingar med totalt 53 ungar eldre enn 50 døgn, og ein gjennomsnittleg produksjon per territorium på 0,29 ungar eldre enn 50 døgn. Dette er noko høgare enn i 2020, med 47 ungar eldre enn 50 døgn fordelt på 40 vellykka hekkingar, og ein gjennomsnittleg produksjon per territorium på 0,26 ungar eldre enn 50 døgn. I områda inkludert i TOV, som har vore overvaka sidan 1992, vart det i 2021 produsert i gjen-nomsnitt 0,36 ungar per territorium. I perioden 1992–2021 vart det produsert i gjennomsnitt 0,40 (95 % KI: 0,35–0,45) ungar per territorium per år i TOV-områda, medan ein lineær modell synte ein signifikant nedgang i den berekna gjennomsnittlege årlege produksjonen. Gjennom perioden berekna modellen ein nedgang på 46 %, frå 0,52 ungar per territorium (95 % KI: 0,33–0,70) i 1992 til 0,28 (95 % KI: 0,10–0,47) i 2021. DNA-analysar av mytefjør og prøver frå ungar påviste i 2021 12 ulike vaksne individ (4 hannar og 8 hoer) i intensivområdet Finnmarksvidda og 13 ulike vaksne individ (6 hannar og 7 hoer) i intensivområdet Fauske, mot høvesvis 24 og 11 ulike individ påvist i 2020. Årleg overleving for vaksen kongeørn på Finnmarksvidda vart estimert til 0,90 (95 % KI: 0,84–0,93) i perioden 2012–2021. Det var ingen skilnad i estimert overleving mellom år eller kjønn. For Fauske var datagrunnlaget for lite til å estimere årleg vaksenoverleving.en_US
dc.description.abstractTovmo, M., Mattisson, J. & Kleven, O. 2021. Monitoring of Golden Eagle in Norway 2021. Results from 12 intensively monitored areas. NINA Report 2052. Norwegian Institute for Nature Research. Monitoring of Golden Eagle (Aquila chrysaetos) is a part of the National large predator monitoring program in Norway and is structured in two parts: intensive and extensive monitoring. In this report, we present results from the intensive monitoring in 2021 including status for the territories, production of fledglings, DNA-analysis and an estimate of adult survival for Finnmarksvidda. We also compare these results with previous years. The goal of the extensive monitoring is to map existing and historical breeding territories across the country, contributing to a comprehensive overview of the number of breeding pairs and the geographical distribution of territories in Norway. Results from the extensive monitoring is not included in this report. The intensive monitoring of Golden Eagles is distributed across 12 different monitoring areas. These areas are selected to cover both the north-south axis and the coast-inland gradient in Norway. In each area, 15 permanent territories are monitored at several occasions each year to document occupancy and production of fledglings. DNA-material from eagles are collected in two of the intensively monitored areas to detect potential changes in adult survival. Six of the intensively monitored areas have been monitored since the 1990s as part of a terrestrial monitoring program (TOV). In 2021 we documented 47 successful breeding pairs with a total of 53 fledglings older than 50 days and an average production of 0.29 fledglings per territory. This is slightly higher than in 2020, with 40 successful breeding pairs with a total of 47 fledglings older than 50 days and an average production of 0.26 fledglings per territory. In the TOV-areas, which have been monitored since 1992, the average production was 0.36 fledglings per territory in 2021. During 1992–2021, these areas produced an annual average of 0.40 (95 % CI: 0.35–0.45) fledglings per territory. A linear model showed a significant decreasing trend in predicted annual production of fledglings. Over the years the model estimated a 46 % decrease, from 0.52 (95 % KI: 0.33–0.70) fledglings per territory in 1992 to 0.28 (95 % KI: 0.10–0.47) in 2021. DNA-analysis of moulted feathers and samples from offspring in 2021 identified 12 adult individuals (4 males and 8 females) in the intensively monitored area Finnmarksvidda and 13 adult individuals (6 males and 7 females) in the intensively monitored area Fauske, compared to 24, and 11, adult individuals in 2020. Apparent annual adult survival of Golden Eagles at Finnmarksvidda was estimated to 0.90 (95 % CI: 0.84–0.93) in the period 2012–2021. There was no difference in apparent annual adult survival among years or sex. The data set from Fauske was too small to estimate annual adult survival.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)en_US
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;2052
dc.subjectKongeørnen_US
dc.subjectAquila chrysaetosen_US
dc.subjectbestandsovervakingen_US
dc.subjectDNA-analyseen_US
dc.subjectGolden Eagleen_US
dc.subjectAquila chrysaetosen_US
dc.subjectpopulation monitoringen_US
dc.subjectDNA analysisen_US
dc.titleOvervaking av kongeørn i Noreg 2021. Resultat frå 12 intensivt overvaka områdeen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siterast fritt med kjeldeoppføringen_US
dc.source.pagenumber21en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • NINA Rapport/NINA Report [2019]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Vis enkel innførsel