Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHesthagen, Trygve
dc.coverage.spatialRussvatnet, Jotunheimenen_US
dc.date.accessioned2021-12-13T13:29:14Z
dc.date.available2021-12-13T13:29:14Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.isbn978-82-426-4816-7
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2834014
dc.description.abstractHesthagen, T. 2021. Bestandstilhøva hjå auren i Russvatnet i Jotunheimen gjennom dei siste femti åra. NINA Rapport 2034. Norsk institutt for naturforskning Russvatnet er lokalisert i sentrale delar av Jotunheimen på 1175 moh. og dekkjer eit areal på 462 hektar. Det kan i periodar vera til dels sterkt påverka av brevatn. Aure var fram til 1980-talet einaste fiskeslag, da ørekyt vart innført av uvedkommande. Utsetting av fisk har hatt eit lite omfang som for det meste har vore yngel av stadeigen stamme i åra 1972-1981. I denne rapporten blir det gjort ei analyse av fangtutbyte, fangst pr. garnnatt (Cpue) og fiskens storleik for perioden 1968-2020. I 1968 vart det gjennomført ei fiskebiologisk gransking av fiskebestanden i Russvat-net, basert på prøver frå det ordinære garnfisket (Sevaldrud 1969). I fleire år mellom 2009-2020 vart det også samla inn tilsvarande prøver. Fram til midten på 1950-talet vart Russvatnet leigd bort til sportsfiskarar, og fiske gjekk da i hovudsak føre seg med stong. Etter den tid har det for det meste vore fiska med garn, samt noko med stong og oter. På 1960-talet og fram til utpå 1980-talet vart det nytta mest garn på 39 og 45 millimeter moskevidde. Så gjekk beskatninga etter kvart over til å fiske mest med 35 millimeter, pluss noko med 39 millimeter i enkelte periodar. På 1960-talet var det gode næringstilhøve ved at skjoldkreps dominerte i fiskens diett. I 1984 var det også bra førekomst av skjoldkreps i den ytste delen av Russvatnet, medan den var nesten fråverande lengre inn. I åra 2009-2020 har det ikkje vore funne skjoldkreps i fiskens mageinnhald. Fangstane på Russvatnet har auka klart i løpet av dei siste 50 åra. Frå 1968 til 1970 låg utbytet rundt 300-480 kilo. Bortsett frå nokre år på 1970-talet, auka fangstane gradvis til rundt 630 kilo i 1988. Gjennom 1990-talet var utbytet i snitt rundt 530 kilo, med 780 kilo som største fangst. På 2000-talet heldt utbytet eit gjennomsnitt på rundt 620 kilo. Største uttak var i 2003 og 2009 med respektive 706 og 936 kilo. I åra 2013-2020 var oppfiska kvantum rekordhøgt med 814-1253 kilo. Gjennomsnittet var 1065 kilo, som gjev ei avkasting på 2,34 kilo pr. hektar. I åra 2012-2017 kjem eit uttak av fisk frå tynningsfiske med isonglar på sjølve vatnet og uttak av gy-tefisk i ymse bekker med elektrisk fiskeapparat. Storleiken på fisk i det ordinære garnfisket har gått attende og er relatert til fangst pr. garnnatt. I åra 1968-1983 heldt vekta seg godt med eit gjennomsnitt på ca. 530-700 gram. Så gjekk storleiken attende fram til ca. 360-390 gram i siste del av 1980-talet. Seinare auka storleiken noko for så å avta på nytt, nå til ca. 350-370 gram i 2009-2016. I dei tre neste åra kom ein ny vektauke til ca. 440-460 gram. Fangst pr. garnnatt (Cpue) heldt seg relativt stabilt i åra 1968-1986 med eit utbyte på ca. eit-to individ. Deretter kom ein bestandsauke etterfølgd av ein nedgang, for så å nå Cpue=5,6 individ i 2002. Seinare har utbytet gått jamt attende, og på slutten av 2010-talet låg Cpue på rundt eit-to individ. Russvassauren har hatt redusert tilvekst i seinare år, og deira asympotiske lengde (Lmax) i 1968 og 2009-2019 var på respektive 410 og 340 millimeter. I vekt med normal kondisjon tilsvarer det respektive 690 og 390 gram. Den asympotiske lengda er eit mål på når funksjonsverdien går mot uendeleg. Nedgangen i veksten blir relatert til større rekruttering pga. ein auka gytebestand, betre yngeloverleving som følgje av gunstigare klima og dårlegare næringstilgang etter at skjoldkrepsen er borte. Det er gjort ei vurdering av driftsforma til aurebestanden i Russvatnet. Ein kan enten framleis satse på størst mogleg avkasting som altså inneber eit relativt hardt garnfiske, eller primært å gjera det om til eit stongfiskevatn med fokus på størst mogleg fisk.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)en_US
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;2034
dc.subjectaureen_US
dc.subjectavkastingen_US
dc.subjectveksten_US
dc.subjectstorleiken_US
dc.subjectnæringen_US
dc.subjectklimaen_US
dc.titleBestandstilhøva hjå auren i Russvatnet i Jotunheimen gjennom dei siste femti åraen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelseen_US
dc.source.pagenumber44en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • NINA Rapport/NINA Report [2306]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Vis enkel innførsel