Show simple item record

dc.contributor.authorTovmo, Mari
dc.contributor.authorMattisson, Jenny
dc.contributor.authorKleven, Oddmund
dc.date.accessioned2020-12-16T12:58:47Z
dc.date.available2020-12-16T12:58:47Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.isbn978-82-426-4703-0
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2719840
dc.description.abstractTovmo, M., Mattisson, J. & Kleven, O. 2020. Overvaking av kongeørn i Noreg 2020. Resultat frå 12 intensivt overvaka område. NINA Rapport 1927. Norsk institutt for naturforskning. Overvaking av kongeørn (Aquila chrysaetos) inngår i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt, og er organisert i to hovuddelar; intensiv og ekstensiv overvaking. I den ekstensive overvakinga av arten vert noverande og tidlegare hekketerritorium over heile landet kartlagt. Hovudføremålet med denne kartlegginga er å få ei mest mogleg komplett oversikt over talet på hekkande par og den geografiske fordelinga av hekketerritorium i Noreg. Den intensive overvakinga av kongeørn vert gjennomført i 12 utvalte intensivområde. Desse områda er valt for å få ei god dekning av landet i både nord-sør- og kyst-innlandsgradienten. I kvart av intensivområda er det 15 faste territorium, som vert følgde opp med fleire årlege besøk for å kartleggje hekkestatus i territoriet og ungeproduksjon. I to intensivområde vert det i tillegg samla inn DNA-materiale frå territoria for å overvake eventuelle endringar i den årlege vaksenoverlevinga. Seks av intensivområda har vore overvaka sidan 1990-talet gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV). Resultata frå årets intensive overvaking av kongeørn viser at det i 2020 vart registrert 40 vellykka hekkingar med totalt 47 ungar eldre enn 50 døgn, og ein gjennomsnittleg produksjon per territorium på 0,26 ungar eldre enn 50 døgn. I områda inkludert i TOV vart det i 2020 produsert i gjennomsnitt 0,29 ungar per territorium. I perioden 1992–2020 er det produsert i gjennomsnitt 0,40 (95 % KI: 0,36–0,43) ungar per territorium per år i TOV-områda, medan ein lineær modell syner ein signifikant nedgang i den berekna gjennomsnittlege årlege produksjonen. Gjennom perioden representerer dette ein nedgang på 46 %, frå 0,52 (95 % KI: 0,43–0,61) i 1992 til 0,28 (95 % KI: 0,19–0,37) i 2020. DNA-analysar av mytefjør og prøver frå ungar påviste 24 ulike vaksne individ (11 hannar og 13 hoer) i intensivområdet Finnmarksvidda og 11 ulike vaksne individ (4 hannar og 7 hoer) i intensivområdet Fauske. Årleg overleving for vaksen kongeørn på Finnmarksvidda vart estimert til 0,92 (95 % KI: 0,88–0,96) i perioden 2012–2020. Det var ingen skilnad i estimert overleving mellom år eller kjønn. For Fauske var datagrunnlaget for lite til å estimere årleg vaksenoverleving.en_US
dc.description.abstractTovmo, M., Mattisson, J. & Kleven, O. 2020. Monitoring of Golden Eagle in Norway 2020. Results from 12 intensively monitored areas. NINA Report 1927. Norwegian Institute for Nature Research. Monitoring of Golden Eagle (Aquila chrysaetos) is a part of the National large predator monitoring program in Norway and is structured in two parts: intensive and extensive monitoring. The goal of the extensive monitoring is to map existing and historical breeding territories across the country, contributing to a comprehensive overview of the number of breeding pairs and the geographical distribution of territories in Norway. The intensive monitoring of Golden Eagles is distributed across 12 different monitoring areas. These areas are selected to cover both the north-south axis and the coast-inland gradient in Norway. In each area, 15 permanent territories are monitored at several occasions each year to document occupancy and production of fledglings. DNA-material from eagles are collected in two of the intensively monitored areas to detect potential changes in adult survival. Six of the intensively monitored areas have been monitored since the 1990s as part of a terrestrial monitoring program (TOV). In 2020 we documented 40 successful breeding pairs with a total of 47 fledglings older than 50 days and an average production of 0.26 fledglings per territory. In the TOV-areas, the average production was 0.29 fledglings per territory in 2020. During 1992–2020, these areas produced annually an average of 0.40 (95 % CI: 0.36–0.43) fledglings per territory. A linear model showed a significant decreasing trend in predicted annual production of fledglings. Over the years this represent a 46 % decrease, from 0.52 (95 % KI: 0.43–0.61) in 1992 to 0.28 (95 % KI: 0.19–0.37) in 2020. DNA-analysis of moulted feathers and samples from offspring identified 24 adult individuals (11 males and 13 females) in the intensively monitored area Finnmarksvidda and 11 adult individuals (4 males and 7 females) in the intensively monitored area Fauske. Apparent annual adult survival of Golden Eagles at Finnmarksvidda was estimated to 0.92 (95 % CI: 0.88–0.96) in the period 2012–2020. There was no difference in apparent survival among years or sex. The data set from Fauske was too small to estimate annual adult survival.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)en_US
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;1927
dc.subjectKongeørnen_US
dc.subjectAquila chrysaetosen_US
dc.subjectbestandsovervakingen_US
dc.subjectDNA-analyseen_US
dc.subjectGolden Eagleen_US
dc.subjectAquila chrysaetosen_US
dc.subjectpopulation monitoringen_US
dc.subjectDNA analysisen_US
dc.titleOvervaking av kongeørn i Noreg 2020. Resultat frå 12 intensivt overvaka områdeen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siterast fritt med kjeldeoppføringen_US
dc.source.pagenumber20en_US
dc.relation.projectMiljødirektoratet: M-1887|2020en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • NINA Rapport/NINA Report [2048]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Show simple item record