Reinheimen. Nyregistreringar av fangstminne 2010-2011
Research report
View/ Open
Date
2012Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2395]
Abstract
Hole, R. og Jordhøy, P. 2012. Reinheimen - Nyregistreringar av fangstminne 2010-2011. NINA-rapport 784. 27 s. + vedlegg.
Dette prosjektet har teke sikte på å få samla inn supplerande fangstminnedata i Reinheimen nasjonalpark i perioden 2010-2011, og da særskilt i dei vestlege dela-ne av denne. Prosjektet har involvert lokal kompetanse i stor grad. Tidlegare ned-teikningar av fangstminne har vore nytta som grunnlag, i dei høve slike har ligge føre. Vi har nytta ein standard registreringsprosedyre med relevante parameter.
Eit stort tal fangstminne er registrert av NINA i Reinheimen i perioden 2000-2009. Desse og seinare registreringar er kvalitetssikra vil om kort tid bli tilgjengeleg i eiga database. I 2010 vart det samla inn totalt 335 registreringar/data i NINA-regi frå 11 lokalitetar. I 2011 vart det tilsvarande samla inn totalt 358 registreringar/data frå 25 lokalitetar. Alle lokalitetane er skildra og diskutert, og dei største fangstanlegga er visualisert på kart. I dei austlege områda som vart synfart og studert i 2010 er det med eit breitt spekter av fangstanlegg. I dei vestlege områda som vart synfart og studert i 2011 er det hovudsakeleg bågåstøanlegg. Dei dokumenterer at reinen har nytta mykje av dei smale og bratte fjellpartia utover mot kysten i tidlegare tider. Ho-vudsakeleg har nok dette vore sommarområde for dyra.