• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Norsk institutt for naturforskning
  • Publikasjoner fra CRIStin - NINA
  • View Item
  •   Home
  • Norsk institutt for naturforskning
  • Publikasjoner fra CRIStin - NINA
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Vikafjellet i Fjellheimen villreinområde. Villrein i høve til nye utbyggingsplanar

Jordhøy, Per
Research report
Published version
Thumbnail
View/Open
Rapport (5.564Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2643095
Date
2013
Metadata
Show full item record
Collections
  • NINA Rapport/NINA Report [2019]
  • Publikasjoner fra CRIStin - NINA [1827]
Abstract
Jordhøy, P. 2013. Vikafjellet i Fjellheimen. Villrein i høve til nye utbyggingsplanar. –

NINA Rapport 920. 44s. + vedlegg.

Målsetjinga med denne utgreiinga er: 1. å samanstille kunnskap om reinen og tilhøyrande leveområde ikring Rv13 i Fjellheimen 2. å peike på sårbarheita innan dei ulike delane av vegaksen ikring Rv13, i høve til ny plan frå Vik kommune om vidare utbygging for fjellturisme og fritidsbruk 3. å føreslå tiltak for at dei negative følgjene av planlagt utbygging skal bli minst moglege for villreinen Fjellheimen består av store fjellparti sør for Sognefjorden og strekkjer seg frå Fresvik i aust til Masfjorden i vest. Dette kystnære fjellområdet er svært snørikt, men nedbørmengda avtek sterkt austover. Vinterbeita representerer difor berre omlag 10 % av beiteareala totalt sett, mens sommarbeita er rikt utbreidd. Det er større del vinterbeite i områda aust for Rv13 enn i områda vest for vegen. I vest er vinterbeita dessutan ut-sett for meir ising. Reinen i Fjellheimen er døme på ein bestand i eit kystnært fjell-landskap som er vital og med dyr i godt hald. Gamle fangstminne av stort mangfald tyder og på at det har vore god bestand her jamvel i tidlegare tider. Gunstig topografi og stadvis svært gode barmarksbeite (vekstbeite), med lang beitesesong og godt tilpassa bestandsstorleik, bidreg nok til bestanden sin gode kvalitet. Bestandsmålet legg opp til ein vinterbestand på ikring 500 dyr. Reinen er og har vore ein nøkkelart i Fjellheimen i det meste av perioden etter siste istid. Ein trafikkert heilårsveg som kryssar over fjellområde som har bestand av villrein vil alltid vera konfliktfylt, ettersom reinen er sky for menneske og har vandring som ein av sine viktigaste tilpassingar til eit slikt skrint næringsgrunnlag som fjellet har. Det er særskilt om vinteren reinen er utsett for næringsstress og har sterkast trong for å trekke over beite- og klimagradientar for å finna tilstrekkeleg med næring. På Vika-fjellet ser vi ut frå reinen sin kartfesta arealbruk at leveområda på båe sider av Rv13 blir nytta om vinteren, noko som dels er påverka av vind- og snøtilhøve. Kunnskap om vinteropne vegar som barriere for villreintrekk har vi til dømes frå Rv7 over Hardangervidda. Resultata viser at vegen har stor barriereeffekt på reins-trekket i nord-sørleia her. Logg frå GPS-merka simler viser at dyra ofte bøyer av og går attende når dei kjem inntil vegen. Observasjonar og veglekamen sin fysiske struktur i terrenget (også i form av skjeringar og brøytekantar), saman med anna infrastruktur, sannsynleggjer såleis at det er stor barriereeffekt for reinsstamma sitt aust-vesttrekk langs vegaksen her. Dette er samla sett den mest kritiske faktoren for villreinen i Fjellheimen. Trafikkbildet på vegen er om vinteren også sterkt påverka av tidvis stor dagsturisme frå båe sider av fjellet. Vikafjellet i Fjellheimen, Sogn og Fjordane fylke, villrein, utvikling av fritidsanlegg og hytter langs Rv13, konsekvensutgreiing, reindeer, habitat, cabins and facilities for outdoor activities, environmental impact assessment (EIA)
Publisher
Norsk institutt for naturforskning
Series
NINA rapport;920
Copyright
© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelse

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit