• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Norsk institutt for naturforskning
  • Publikasjoner fra CRIStin - NINA
  • View Item
  •   Home
  • Norsk institutt for naturforskning
  • Publikasjoner fra CRIStin - NINA
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Gamal villreinfangst i Rondane. Dei store fangstgroprekkene i høve til villreintrekk og beite

Jordhøy, Per; Hole, Runar; Sørensen, Raymond; Hage, Endre; Enge, Edgar; Winther, Erik; Finstad, Espen
Research report
Thumbnail
View/Open
Rapport (7.756Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/2643043
Date
2012
Metadata
Show full item record
Collections
  • NINA Rapport/NINA Report [2472]
  • Publikasjoner fra CRIStin - NINA [2535]
Abstract
Jordhøy, P., Hole, R., Sørensen, R., Hage, E., Enge, E., Winther, E. & Finstad, E. 2012.

Gamal villreinfangst i Rondane. Dei store fangstgroprekkene i høve til villreintrekk og beite.

– NINA Rapport 872. 63 s. + vedl.

Hovudmålsettinga med prosjektet er å nytta historiske fangstminne til å kaste ljos over jak-ta og fangsten på villrein over ein lang tidsakse, og kva haldepunkt dette kan gje om mønsteret i reinen sin pulserande arealbruk. Gjennom dei siste 50 åra er det kartlagt ei stor mengd gamle fangstminne i Rondane. Det er i fyrste rekke Edvard K. og Sonja Barth som har studert og dokumentert fangstanlegga her, men fjelloppsynsmennene i området har også samla inn mykje fangstminnedata. Dei siste 10 åra har mange anlegg vorte målt inn på nytt i regi av NINA etter ein standard prosedyre. Ved hjelp av GPS har ein fått kartfesta anlegga nøye. I alt er 12 større fangstgropanlegg kartlagt. Vi har også målt inn eit ”nytt” rusefangstanlegg, samt 4 som er kjente frå før og godt dokumentert. Mindre fangstanlegg er skildra summarisk for å gje eit oversyn over alle kjente fangstminne i Rondaneregionen. Mangfald og mengde av anlegg er stort og lokaliseringa av anlegga fortel oss at det tidlegare har vore stor utveksling av rein over aksen frå det sørlege Rondane og inn mot fjellmassiva i nordvest. Sentralt i sørområdet, i Samdalen – Trolldalen, er det til dømes registrert heile 285 fangstgroper. Det er ei av fleire fangstgroprekker som strekkjer seg frå nede i fjellskogområda til inn på snaufjellet. Storleiken på gropene tyder på at dei lågastliggande delane av anlegget har fanga på elg, medan dei høgstliggande har fanga på rein. Ein kan og stille spørsmålet om det har vore kombinert fangst av både elg og rein i delar av anlegget. Fangstsystema i nord og nordvest viser og at det har vore store trekk mellom Rondane og Knutshø – Snøhetta – Sølnkletten (Dovreanlegget og Fallet–Streitlie). Sentrale og vestlege delar av Snøhettaområdet har relativt høg nedbør og rike sommarbeite, dei austlege delane av dette området og dei nordlege delane av Rondane har lite nedbør og her dominerer vinterbeite (lav). Sørover frå Rondanemassiva aukar nedbøren og omfanget av sommarbeite, ofte i form av myrparti med rik myrvegetasjon. Men dei midtre delane av Rondane ikring Ringebufjellet har og store myrkompleks og såleis betydelege sommarbeite, også urterike område og betydeleg snøleievegetasjon. I Rondane Sør finn ein difor store område med vekslande beitekvalitetar (heilårsbeite), medan ein i Rondane Nord finn ei overvekt av vinterbeite og lite innslag av til dømes myr og myrvegetasjon. Vi har i denne rapporten samanstilt og skildra dei store fangstgropanlegga i Rondane i høve til kjente reinstrekk i dag og habitatfordeling. Vi ser at det er mange klare samanfall, men og område med store anlegg der det i dag er liten eller ingen trekkaktivitet. Døme på det siste er (i tillegg til Dovreanlegget og Fallet–Streitlie-anlegget) fangstanlegget ved Snødøla i Stor-Elvdal og Store-Ula i Sel, som har ein dimensjon som tilseier at dette har vore viktige trekkområde. I dag er det liten trekkaktivitet i desse områda. Samstundes er bestanden av villrein i Rondane større enn den har vore nokon gong i moderne tid (mellom 4000 og 4500 vinterdyr). God kunnskap om- og iverksetting av skadereduserande vilttiltak har her vore ein viktig faktor, saman med målretta jaktforvalting
Publisher
Norsk institutt for naturforskning
Series
NINA rapport;872
Copyright
© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelse

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit