Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVeiberg, Vebjørn
dc.contributor.authorNilsen, Erlend Birkeland
dc.contributor.authorUeno, Mayumi
dc.date.accessioned2020-02-11T14:03:44Z
dc.date.available2020-02-11T14:03:44Z
dc.date.created2017-04-04T13:47:47Z
dc.date.issued2010
dc.identifier.isbn978-82-426-2148-1
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2641099
dc.description.abstractVeiberg, V., Nilsen, E. B. & Ueno, M. 2010. Framtidig forvaltning av norske hjortebestandar – utfordringar knytt til bestandstettleik og demografi. – NINA Rapport 571. 40 s. Dei siste 30 åras vekst i den norske hjortebestanden har vore formidabel. Dette har ført til at dei forvaltningsmessige utfordringane i mange område har endra seg radikalt. Heldigvis har også kunnskapsgrunnlaget om hjorten og vår forståing av sentrale demografiske prosessar og påverkingsfaktorar endra seg mykje. Det er likevel ei utfordring å eksemplifisere og kommuni-sere denne kunnskapen slik at den kan kome til nytte i samband med utarbeiding av mål og tiltak i den praktiske forvaltninga. Vi har søkt å illustrere ein del generelle samanhengar gjen-nom bruk av bestandsmodellar gitt definerte målsetjingar og bestandsmessige avgrensingar. Dei definerte målsetjingane har vore (1) Maksimer kjøttutbytet, (2) Maksimer tal felte individ (uavhengig av kjønn og alder), (3) Maksimer tal vaksne (≥ 2 år) hanndyr i jaktuttaket og (4) Oppretthald stabil bestand ved minimalt jaktuttak. Vi har også nytta kohortmodellar for å syn-leggjere demografiske utviklingstrendar og variasjon i aldersavhengig jaktdødelegheit. Til sist har vi sett på konkrete case-studiar der dei bestandsmessige forholda og forvaltningsmessige utfordringane har mykje til felles med den reelle situasjonen i mange område. Størst kjøttutbyte vart oppnådd når hovudvekta av jaktuttaket bestod av vaksne dyr, medan kalv- og ungdyrdelen vart halden låg. Det motsette var resultatet dersom ein ønska å ta ut flest mogleg dyr. Uttak av maksimalt tal bukkar for ein gitt aldersklasse vert oppnådd gjennom å unngå uttak av hanndyr i lågare aldersklassar og ta ut alle bukkar i det dei når ønska alder. For å oppretthalde ein stabil bestand gjennom minimalt jaktuttak vart løysinga å utelukkande haus-te høgproduktive hodyr. Variasjonsspennet for dei ulike alternativa var sterkt påverka av kjønnsforholdet i den ståande bestanden. Dagens norske hjorteforvaltning har tydelege trekk av alle dei tre første alternativa. Kohortmodellar vart nytta til å rekonstruere tre bestandar på bakgrunn av data samla inn gjen-nom det nasjonale overvakingsprogrammet for hjortevilt. Bestandstettleiken i dei tre områda, (i) Kvinnherad, (ii) Flora & Gloppen, (iii) Hemne & Snillfjord, har vore og er svært ulik. Estimert årleg bestandsvekst sidan 2000 har variert frå 4,4% til 9,7%. Forvaltningspraksisen i dei tre områda hadde fleire vesentleg forskjellar både relatert til uttak av kalvar, eittåringar og eldre bukkar. Likt for alle områda var at bukkekalvane var utsett for eit større jakttrykk (høgare haus-tingsrate) enn kollekalvane. Vidare viste kjønnsfordelinga for kalvar rekruttert til bestanden eit skifte frå bukkekalvdominans til kollekalvdominans. Bakgrunnen for dette kan vere relatert til auken i bestandstettleik. Generelt var jakttrykket på bukkar svært mykje høgare enn på koller. Dette gjenspegla seg i store forskjellar i gjennomsnittleg levealder og skeive kjønnsratar. Første case-studie illustrerte at store endringar i bestandens kjønnsforhold og del eldre bukkar kan oppnåast på kort tid med enkle grep. Freding av eittårige bukkar i tre år medførte ein auke i talet på bukkar to år og eldre med heile 67%, sjølv om jakttrykket på eldre bukkar vart opp-retthalde i same tidsperiode. Samtidig vart kjønnsforholdet i bestanden blant eldre dyr vesent-leg jamnare. Det andre case-studiet illustrerte forskjellane i jaktuttak som må til for å stoppe ein årleg bestandsvekst på 3% anten gjennom auka uttak av kalvar, eittårskoller eller eldre koller. I forhold til uttaket ved utgangssituasjonen (3% vekst) måtte jaktuttaket aukast med omsynsvis 26%, 12% og 10% for dei tre ulike strategiane. hjortejakt, hjorteforvaltning, forvaltningsmål, forvaltningsstrategi, kohortanalysar, red deer, hunt, management, management aims, management strategy, cohort analysesnb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskningnb_NO
dc.relation.ispartofNINA rapport
dc.relation.ispartofseriesNINA rapport;
dc.titleFramtidig forvaltning av norske hjortebestandar – utfordringar knytt il bestandstettleik og demografinb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.source.pagenumber40nb_NO
dc.source.issue571nb_NO
dc.identifier.cristin1463527
dc.relation.projectAndre: Direktoratet for naturforvaltningnb_NO
cristin.unitcode7511,2,0,0
cristin.unitnameAvdeling for terrestrisk økologi
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel