Show simple item record

dc.contributor.authorTovmo, Mari
dc.contributor.authorMattisson, Jenny
dc.contributor.authorKleven, Oddmund
dc.coverage.spatialFinnmarksvidda, Fausske, Noreg, Norge, Norwaynb_NO
dc.date.accessioned2019-12-16T20:12:01Z
dc.date.available2019-12-16T20:12:01Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.isbn978-82-426-4503-6
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2633495
dc.description.abstractTovmo, M., Mattisson, J. & Kleven, O. 2019. Overvaking av kongeørn i Noreg 2019. Resultat frå 12 intensivt overvaka område. NINA Rapport 1748. Norsk institutt for naturforskning. Overvaking av kongeørn (Aquila chrysaetos) inngår i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt, og er organisert i to hovuddelar; intensiv og ekstensiv overvaking. I den ekstensive overvakinga av arten vert noverande og tidlegare hekketerritorium over heile landet kartlagt. Hovudføremålet med denne kartlegginga er å få ei mest mogleg komplett oversikt over talet på hekkande par og den geografiske fordelinga av hekketerritorium i Noreg. Den intensive overvakinga av kongeørn vert gjennomført i 12 utvalte intensivområde. Desse områda er valt for å få ei god dekning av landet i både nord-sør- og kyst-innlandsgradienten. I kvart av intensivområda er det 15 faste territorium, som vert følgt opp med fleire årlege besøk for å kartleggje status i territoriet og ungeproduksjon. I to intensivområde vert det i tillegg samla inn DNA-materiale frå territoria for å overvake eventuelle endringar i den årlege vaksenoverlevinga. Seks av intensivområda har vore overvaka sidan 1990-talet gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV). Resultata frå årets intensive overvaking av kongeørn viser at det i 2019 vart registrert 47 vellykka hekkingar med totalt 59 ungar eldre enn 50 døgn, og ein gjennomsnittleg produksjon per territorium på 0,33 ungar eldre enn 50 døgn. Året 2018 var det ein gjennomsnittleg produksjon på 0,27 ungar eldre enn 50 døgn per territorium. I områda inkludert i TOV vart det i 2019 produsert i gjennomsnitt 0,33 ungar per territorium. I perioden 1992–2019 vart det produsert i gjennomsnitt 0,41 (95 % KI: 0,35–0,46) ungar per territorium per år i TOV-områda. DNA-analysar av mytefjør og prøver frå ungar påviste 23 ulike vaksne individ (10 hannar og 13 hoer) i intensivområdet Finnmarksvidda og 17 ulike vaksne individ (8 hannar og 9 hoer) i intensivområdet Fauske. Årleg overleving for vaksen kongeørn på Finnmarksvidda vart estimert til 0,92 (95 % KI: 0,87–0,96) i perioden 2012–2019. Det var ingen skilnad i estimert overleving mellom år eller kjønn. For Fauske var datagrunnlaget for lite til å estimere årleg vaksenoverleving.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)nb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;1748
dc.subjectNINA Rapportnb_NO
dc.subjectkongeørnnb_NO
dc.subjectAquila chrysaetosnb_NO
dc.subjectbestandsovervakingnb_NO
dc.subjectDNA-analysenb_NO
dc.subjectgolden eaglenb_NO
dc.subjectpopulation monitoringnb_NO
dc.subjectDNA analysisnb_NO
dc.titleOvervaking av kongeørn i Noreg 2019. Resultat frå 12 intensivt overvaka områdenb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siterast fritt med kjeldeoppføringnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Matematikk og Naturvitenskap: 400::Zoologiske og botaniske fag: 480nb_NO
dc.source.pagenumber20nb_NO
dc.relation.projectMiljødirektoratet: M-1557|2019nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • NINA Rapport/NINA Report [1914]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Show simple item record