Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHesthagen, Trygve
dc.contributor.authorGran, Reidar
dc.coverage.spatialVinstre, Øystre Slidre, Oppland, Noreg, Norge, Norwaynb_NO
dc.date.accessioned2019-12-09T13:44:36Z
dc.date.available2019-12-09T13:44:36Z
dc.date.issued2019
dc.identifier.isbn978-82-426-3380-4
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2632332
dc.description.abstractHesthagen, T. & Gran, R. 2019. Auren i Vinstre-magasinet – bestandstilhøve, fangstutbyte og utsettingar gjennom 40 år. NINA Rapport 1637. Norsk institutt for naturforskning. Rapporten omhandlar fangstutbyte, innslaget av settefisk, tilvekst, alder og næring hjå auren i Vinstre i åra 1979-2018. Vinstre ligg 1031,5 moh. i den søraustlege delen av Jotunheimen og har vore regulert 4,0 meter sidan 1955. Ved HRV dekkjer magasinet eit areal på 2800 hektar. Aure var einaste fiskeslaget fram til ca. 1980, da ørekyta dukka opp. Fisket går mest føre seg med garn; 35 mm før 2000, 35 og 39 mm i åra 2001-2003 og 39 mm i seinare år. I tillegg blir det drive noko oter- og dorgefiske frå båt. Fangstutbytet er basert på fangstskjema som vart sendt ut til alle ein visste fiska på Vinstre. Utbytet som blir oppgjeve representerer kun dei rapporerte fangstane. Fram til 1997 vart det i hovudsak sett ut 38 000-50 000 einsomrig settefisk i året. I åra 1998-2008 vart det ikkje sett ut fisk i det heile. Frå 2009 til 2014 vart det årlege utsettingar av toåringar på 10-14 cm og tre/fireåringar på 20-24 cm med respektive 7000-11000 og 3500-6500 individ. Sidan 2015 har det berre vore sett ut tre/fireåringar med 7000-12000 individ pr. år. All fleirårig settefisk er av stadeigen stamme og har vore finneklipt. Næringsgrunnlaget hjå auren i Vinstre er relativt godt med skjoldkreps som dominerande næringsdyr. I 14 av dei 19 åra med data (1989-2010) har den utgjort ca. 20-78 vekt-prosent av dietten. Det har vore ein klar auke i størrelsen på fisk i garnfangstane i åra 1979-2018. Frå 1987 til 1990 låg snittvekta på 386-418 gram. Sidan 2007 har den stort sett liggje over 600 gram, med ein topp i 2011 på 705 gram. Det har også vore ein klar auke tilveksten, som vist for størrelsen til fem- og seksåringane. På 1980-talet vog eksempelvis femåringane i gjennomsnitt 321-354 gram, mot ca. 440-540 gram i dei siste åra. Garninnsatsen har gått sterkt attende i løpet av dei siste 40 åra. Frå 1979 til 1985 låg den i snitt på 14 643 garnnetter, mot ca. 4300-6400 garnnetter sidan 2012. Vekt pr. garnnatt har auka med ein faktor på ca. fem i løpet av dei siste 40 åra. For åra 2014 til 2018 har utbytet liggje på 190-273 gram pr. garnnatt med eit snitt på 238 gram. Dette kjem både av at fisken no er større og at fangst pr. garnnatt har auka både pga. større bestand og redusert garninnsats. I åra 1970-2018 har gjennomsnitt årleg utbyte i antal og vekt på garn liggje på respektive 3 333 fisk og 1704 kilo. Det gjev ei avkasting på 0,65 kilo pr. hektar. Utbytet på garn har gått ned med ca. 50 prosent sidan 1980-talet. Frå 2010 har gjennomsnittet liggje på 1321 kilo. I dei to siste åra har utbytet på oter og dorg vore på respektive 262 og 325 kilo. I åra 1979-2001 utgjorde utbytet i vekt på garn og oter henholdsvis 89 og 11 prosent. Sidan 2002 har fangstane på dorg auka sterkt, og i 2017 og 2018 låg dei på respektive 0,19 og 0,18 prosent av totalen for garn, oter og dorg. Samla registrert fangst på dei tre reiskapa har i gjennomsnitt for åra 1979-2018 vore 2018 kilo. Det gjev ei avkasting på 0,76 kilo pr. hektar. Det totale utbytet er ein del høgare da ikkje alle har levert fangstrapport. Etter at den fleirårige settefisken nådde haustbar størrelse for fullt frå og med 2012, har den utgjort 16,1-27,9 prosent av fangstane på 39 mm garn. Sidan har deira gjennomsnittlege andel liggje på 21,4 prosent. Det har altså vore til dels store variasjonar i tilslaget av dei enkelte utsettingane. Basert på år med utsettingar av både «Liten» og «Stor» settefisk, gav dei eit tilslag på respektive 0,82 og 3,71 fisk pr. 1000 utsatte individ. Dette er basert på kontrollfiske og representerer difor ikkje absolutte tal. Vi kjem med framlegg om at overlevinga til settefisken truleg kan aukast ved betre spreiing, eit seinare utsettingstidspunkt og akklimatisering i ei flytemerd før utsetting.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)nb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;1637
dc.subjectNINA Rapportnb_NO
dc.subjectVinstrenb_NO
dc.subjectØystre Slidrenb_NO
dc.subjectOpplandnb_NO
dc.subjectAurenb_NO
dc.subjectEtterundersøkingnb_NO
dc.subjectReguleringsmagasinnb_NO
dc.titleAuren i Vinstre-magasinet - bestandstilhøve, fangstutbyte og utsettingar gjennom 40 årnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siterast fritt med kjeldetilvisingnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Matematikk og Naturvitenskap: 400::Zoologiske og botaniske fag: 480nb_NO
dc.source.pagenumber53nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • NINA Rapport/NINA Report [2297]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Vis enkel innførsel