Show simple item record

dc.contributor.authorHagen, Dagmar
dc.contributor.authorEide, Nina E.
dc.contributor.authorVistad, Odd Inge
dc.contributor.authorGundersen, Vegard
dc.date.accessioned2018-10-09T12:37:44Z
dc.date.available2018-10-09T12:37:44Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.isbn978-82-426-3166-4
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2567159
dc.description.abstractHagen, D., Eide, N. E., Vistad, O. I. & Gundersen, V. 2018. Vurdering av kor sårbare utvalde lokalitetar i Nærøyfjorden landskapsvernområde er for ferdsel. Landgangslokalitetar ved Nærøyfjorden, den nye Sivlestien langs Stalheimskleivi, og ferdselsruta gjennom Slettedalen. NINA Rapport 1436. Norsk institutt for naturforskning Områdeforvaltninga ynskjer å få vurdert kor sårbar vegetasjon og dyreliv i tre utvalde lokalitetar (ved Nærøyfjorden, Sivlestien og Slettedalen) er i høve til eksisterande/ny ferdsel. Lokalitetane er ganske ulike og knytt til ulike naturtypar (kyst, skog, myr, fjell) og det er sterke innslag av kulturlandskap, særleg for landgangslokalitetane langs fjorden. På oppdrag frå Miljødirektoratet er NINA i ferd med å utvikle modellar for å kunna vurdere kor sårbare verneområde på fastlandet er for ulike former for ferdsel. Vurderinga av Nærøyfjorden landskapsvernområde går inn som ein del av arbeidet med modellane. For lokalitet Nærøyfjorden er utfordringa knytt til aukande småbåtaktivitet, der brukarane går i land og slår leir mm. Lokaliteten Sivlestien skal byggast frå grunnen og påverknaden er sjølve bygginga og den framtidige bruken. I lokalitet Slettedalen er temaet påverknad (t.d. markslitasje og uroing) frå aukande turgåinga gjennom dalen og opp til utkikkspunktet Bakkanosi. Grunnlaget for sårbarheitsvurderinga er kartlegging av definerte sensitive einingar/artar innafor lokalitetane. Deretter vert einingane/artane vekta mot areal (kor stor del av lokaliteten eininga dekkjer) og lokalisering (kvar eininga er plassert i høve til dagens, eller framtidig forventa bruk) for å rekne ut kor sårbar lokaliten er. Vurderingane er basert på feltarbeid (for vegetasjon og ferdsel) og eksisterande kunnskap (for fugl og anna dyreliv). For mark og vegetasjon er det tre typar sensitive einingar på dei sju lokalitetane langs Nærøyfjorden: Bratt skråning med ustabilt substrat (Aksneset, Salthella, Odnes), Brink/bratt skrent (Aksneset, Skalmenes) og Nake berg (Krossnes, Klungrenes). I tillegg er det registrert Fuktsig/blauthøl på Odnes. Fleire av dei sensitive einingane ligg sentralt i lokalitetane, men utgjer ein relativt liten del av det totale arealet. Sårbarheita for dyreliv er her rekna som lita for alle sju lokalitetane (men det finst få artar registrert og det er ikkje fagleg grunnlag for å skilje mellom lokalitetane). Vi diskuterer ulike tiltak for å reduserer sårbarheita for vegetasjon på dei ulike del-lokalitetane. For Sivlestien er den sensitive eininga Bratt skråning med ustabilt substrat/rasmark. Her vil det være den praktiske etablering av sjølve turvegen/-stien som blir utfordringa. Dyrelivet må reknast som lite sårbart og det er i stor grad beskytta av både terreng og de tett vegetasjon. I Slettedalen er det store Myrområde som utgjer hovuddelen av dei sensitive einingane. Dessutan innslaget av Brink/bratt skrent som finst nokre få stader langs kanten ned mot elva. Sjølve lokaliseringa av ein merkt sti (for å samle ferdselen) og ev. tiltak for å forsterke sjølve «gangbanen» (t.d. stokklegging) er avgjerande for kor sårbar dalen er for ferdsel. Det vart ikkje gjort funn av fugl eller pattedyr i databasane for Slettedalen, berre ein tilfeldig observasjon av villrein. Dette er eit viktig funksjonsområde for villrein (ryggar med lav) og vinterbeitet er minimumsfaktoren i desse områda, og difor må ein rekne auke i vinterferdselen som kritisk. Vi har vurdert om avbøtande tiltak kan redusere sårbarheita i lokalitetane. Dei mest aktuelle tiltaka er å klopplegge eller forsterke stiar i blaute område og merking av stitrasé for å kanalisere ferdselen. For Sivlestien er avbøtande tiltak knytt til sjølve anleggsarbeidet for etablering av stien, sidan dette er avgjerande for sårbarheitsverdien. Rapporten viser at vellukka avbøtande tiltak i stor grad kan redusere sårbarheita på enkelte lokalitetar, medan det for andre lokalitetar ikkje finst gode tiltak. For dyreliv er det aktuelt med avbøtande tiltak i høve til vinterferdsel i Slettedalen (informasjon/sterk styring av ferdsel i vintrar med mykje snø og ising).nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk Institutt for Naturforskning (NINA)nb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;1436
dc.subjectTerrengnb_NO
dc.subjectvegetasjonnb_NO
dc.subjectdyrelivnb_NO
dc.subjectferdselnb_NO
dc.subjectsårbarheitnb_NO
dc.subjectforvaltningnb_NO
dc.subjectverneområdenb_NO
dc.subjectTerrainnb_NO
dc.subjectvegetationnb_NO
dc.subjectfaunanb_NO
dc.subjecthuman usenb_NO
dc.subjectvulnerabilitynb_NO
dc.subjectmanagementnb_NO
dc.subjectprotected areasnb_NO
dc.titleVurdering av kor sårbare utvalde lokalitetar i Nærøyfjorden landskapsvernområde er for ferdsel. Landgangslokalitetar ved Nærøyfjorden, den nye Sivlestien langs Stalheimskleivi, og ferdselsruta gjennom Slettedalennb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siterast fritt med kjeldetilvisingnb_NO
dc.source.pagenumber50nb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • NINA Rapport/NINA Report [1387]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Show simple item record