Vassdragsutbygging i Årdalsvassdraget i Rogaland - Moglege konsekvensar for villrein. Prosjekta Sandvatn - Nes og overføring av Øvre Daladalen til Lyngsvatn
Research report
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2563713Utgivelsesdato
2010Metadata
Vis full innførselSamlinger
- NINA Rapport/NINA Report [2346]
- Publikasjoner fra CRIStin - NINA [2398]
Sammendrag
Jordhøy, P., Strand, O. og Bay. L.A. 2010. Vassdragsutbygging i Årdalsvassdraget i Rogaland - Moglege konsekvensar for villrein. Prosjekta Sandvatn - Nes og overføring av Øvre Daladalen til Lyngsvatn. NINA Rapport 518. 30 s.
Lyse produksjon har planar om å nytte vassfallet mellom Sandvatnet og Storåna ved Nes i Rogaland i to nye kraftverk, samt overføre øvre Daladalen til Lyngsvatn. Områda som vert påverka av utbygginga utgjer randsoner innan leveområda til villreinbestanden i Setesdal Ryfylkeheiane villreinområde. Målet med denne rapporten er å få synt kva moglege konsekvensar inngrepet vil kunne ha for villreinen her. Lyngsvatn og omegn ligg innan Setesdal Ryfylkeheiane villreinområde, som grensar mot Hardangervidda i nord og Setesdal Austhei i aust. Dette villreinområdet er vårt nest største og huser Europas sørlegaste villreinbestand. Ut frå førekomst og utbreiing av fangstrelaterte kulturminne i Setesdalsheiane, samt røynslekunnskap om reinen sin områdebruk, indikerer det at området ikring Lyngsvatn og Sandvatnet truleg har vore randsoner i villreinområdet. Setesdal-Ryfylkeheiane har vore underlagt omfattande granskingar i for- og etterkant av vasskraftutbyggingsprosjekt, og resultata viser i hovudtrekk at dyra sin arealbruk i aukande grad har vore påverka av dei store vassdragsreguleringane. Etableringa av Blåsjø, har saman med tidlegare utbyggingar, ført til barriereeffekt slik at områda vest for nord-søraksen Blåsjø - Svartevatn har vorte tyngre tilgjengeleg for reinen. I dei siste åra har NINA i samarbeid med lokal villreinforvaltning hatt i gang eit GPS-prosjekt i Setesdalsområda. Eit tal simler har vore fylgd jamnt slik at ein skulle kunne sjå kva områder som har vore nytta. For dei siste to åra har ein registrert at det meste av vinterobservasjonane har vore i den nordlege delen av Setesdal- Ryfylkeheiane, mest konsentrert til området ikring Store Urevatn og Vatnedalen. Same mønsteret er det for sommarobservasjonane, men her med ein litt nordlegare konsentrasjon. I perioden januar-oktober 2009 er også hovudtyngda av merka simler registrert aust for aksen Blåsjø - Svartevassmagasinet (figur 9). I vest er det rettnok plott frå Litle Auradalen i sør (Kolbeinstrondi) til Storsteinsvatnet i nord (Simlekvelven) og vestover mot fylkesgrensa på høgste Auråhorten. Ein må gjere merksam på at merkeprosjekta ikkje fangar opp bukkeflokkane sin bruk av områda i den grad bukkane ikkje er integrerte i fostringsflokkane - da ein ikkje har GPSsendarar montert på bukkar i mangel på godkjent metode. Sandvatn – Storåna, vassdragsutbygging, Rogaland fylke, villrein, fagleg utgreiing, forundersøking, villrein og kraftutbygging