Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHesthagen, Trygve
dc.coverage.spatialAursjoen, Skjåk, Oppland, Noreg, Norge, Norwaynb_NO
dc.date.accessioned2018-05-24T13:35:15Z
dc.date.available2018-05-24T13:35:15Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.isbn978-82-426-3177-0
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2499131
dc.description.abstractHesthagen, T. 2018. Fangstutbytet og bestandstilhøva hjå auren i Aursjoen-magasinet i Skjåk kommune i søraustlege delen av Reinheimen i åra 1980-2017. NINA Rapport 1446. Norsk institutt for naturforskning. Denne rapporten dokumenterer fangstutbyte, innslaget av settefisk, tilvekst, alder og næring hjå auren i høgfjellsmagasinet Aursjoen på 1097,5 moh. i åra 1980-2017. Innsjøen har eit areal på 740 hekar ved HRV, og den har vore regulert med 12,5 meter sidan 1965. Aure er einaste fiske-slaget. Fisket har gått føre seg med 35 og 39 millimeter stågarn (1980-1981), 39 millimeter (1982-1998) og 35 millimeter (sidan 1999). I åra 1980-2005 vart det totale fangstutbytet berekna. I desse åra var garnfisket ope frå 15. juli til 20. september. Regulanten er pålagt å setja ut einsomrig settefisk som kompensasjon for tapt naturleg rekruttering. Utsettingspålegget har vore på 4000 individ (1967-1992), 7000 individ (1993-1996) og 2000 individ (1997-2009). Utsetting-ane vart avslutta frå og med 2010. I åra 1984-1986, 2001-2007 og 2009 vart all settefisk feittfinneklipt. Størrelsen på fisk i haustbar størrelse har endra seg ein god del i løpet av tida, med ein variasjon i gjennomsnittleg vekt på 332-454 gram. I åra 1982-1993 heldt vekta seg relativt stabil med eit gjennomsnitt på 403-454 gram. Deretter gjekk vekta gradvis attende, og i 1999 var den berre 338 gram. Seinare har vekta auka, og i 2005 og 2006 var den på respektive 449 og 440 gram. Fangstutbytet var på sitt høgaste i åra 1982-1991 med eit gjennomsnitt på 1283 kilo. Utbytet var størst i 1982, 1985 og 1988 med respektive 1946, 1634 og 1818 kilo. På 1990-talet gjekk utbytet markert attende, og i 1998 var det berre på 74 kilo. Seinare betra fisket seg noko, og i 2001 og 2003 vart det teke vel 600 kilo. Gjennomsnittleg utbyte over alle år frå 1980-2005 var 814 kilo. Det gjev ei avkasting på 1,1 kilo pr. hektar. I tillegg kjem eit lite utbyte på oter. Merkingane av settefisken på 1980-talet viste at den utgjorde 70-80 prosent av fisk i haustbar størrelse på stågarn. Fangstinnsatsen var einaste forklaringsvariabel mht. variasjonen i årleg utbyte, med 68 prosent. Fangst pr. garnnatt auka noko med antall dagar med ein vasstemperatur over ti grader. Derimot var det ingen samanheng mellom fangst pr. garnnatt kvar månad og korresponderande vasstand. Gjennomsnittleg fangst pr. garnnatt i antal og vekt var på respektive 0,51 fisk og 197 gram (1980-2017). I åra 1995-1998 var det berre 0,08-0,12 fisk og 29-51 gram pr. garnnatt. Deretter tok fisket seg kraftig opp, og i åra 2011-2014 låg det på 0,89-1,56 fisk og 317-600 gram pr. garnnatt. Den årlege lengdeveksten vart berekna i siste leveår hjå femåringane. Dei voks godt fram til og med 1989 med eit gjennomsnitt på 65 millimeter. Seinare har tilveksten gått noko attende, og størrelsen på fisken i dei ulike aldersgruppene har difor vorte mindre. I åra 1984-1991 vog til dømes femåringane i gjennomsnitt 563 gram (variasjon: 496-606 gram). Deretter avtok vekta til 369 gram i åra 1992-2010 (variasjon: 307-460 gram). Kvaliteten på fisken har derimot vore god i alle år med ein kondisjonsfaktor på 1,10 (variasjon: 1,00-1,21). Skjoldkrepsen dominerte som næring fram til og med 1989, og utgjorde 43-79 vektprosent av dietten. Seinare har mengda av dette krepsdyret gått sterkt attende, og for det meste utgjort under ca. 10 prosent av næringa. Unntaka var 2001 og 2005 da skjoldkrepsen stod for respektive 20 og 23 prosent av næringa. Grunnen til nedgangen og variasjonen i skjoldkrepsbestanden er ikkje klarlagt. Den kan ha med manglande magasinfylling og auka beitetrykk frå fisk å gjera. Skjoldkrepsen har ein eittårig livs-syklus, og dei legg egga sine i øvre delen av strandsona om hausten. Egga klekkjer ikkje før på forsommaren neste år når dei blir sette under vatn. Auka beitetrykk frå fisk kan ha samanheng med større utsettingar frå 1990 og utover. I tillegg har det truleg vorte meir fisk og fleire årsklasser under haustbar størrelse på stågarn pga. dårlegare tilvekst. Aurebestanden ser ut til å ha auka i seinare år, trass i at det ikkje lenger blir sett ut fisk. Eigenrekrutteringa må difor ha auka, og ho er no stor nok til å halde fisket oppe på dagens nivå. Det er difor ingen trong til å starte opp att utsettingane.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)nb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;1446
dc.subjectNINA Rapportnb_NO
dc.subjectaurenb_NO
dc.subjectReinheimennb_NO
dc.subjectreguleringsmagasinnb_NO
dc.subjectetterundersøkingnb_NO
dc.titleFangstutbytet og bestandstilhøva hjå auren i Aursjoen-magasinet i Skjåk kommune i søraustlege delen av Reinheimen i åra 1980-2017nb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.rights.holder©Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siterast fritt med kjeldetilvisingnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Matematikk og Naturvitenskap: 400::Zoologiske og botaniske fag: 480nb_NO
dc.relation.projectFylkesmannen i Opplandnb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • NINA Rapport/NINA Report [2307]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Vis enkel innførsel