Show simple item record

dc.contributor.authorVistad, Odd Inge
dc.contributor.authorSelvaag, Sofie Kjendlie
dc.contributor.authorWold, Line Camilla
dc.coverage.spatialSogn og Fjordane, Norge, Norwaynb_NO
dc.date.accessioned2018-04-18T08:04:13Z
dc.date.available2018-04-18T08:04:13Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.isbn978-82-426-3221-0
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2494594
dc.description.abstractVistad, O.I., Selvaag, S.K., Wold, L.C. 2018 Bruken og brukarane av Jostedalsbreen nasjonalpark 2017. Kasse- og etterundersøking. NINA Rapport 1490. Norsk institutt for naturforskning. I Jostedalsbreen nasjonalpark (JNP) gjennomførte lokal forvaltning og SNO sommaren 2017 ei undersøking ved hjelp av sjølvregistreringskasser ved 19 innfallsportar. Seinare vart denne fylgt opp med ei nettbasert etterundersøking, som NINA var ansvarleg for (vha. innsamla e-postad-resser i kasse-undersøkinga). Det vart fylt ut 17161 skjema i kassene og 2797 skjema i etterun-dersøkinga. Svarprosenten i etterundersøkinga var 39, og representativiteten (i høve til førun-dersøkinga) er ganske god for kjønn og alder, men med relativt fleire nordmenn og lokalt busette, men tydeleg færre fyrstegongsbrukarar og fleire med langturerfaring i etterundersøkinga. Tala viser tilnærma lik kjønnsfordeling og snittalder på 44 år. Berre 3 % er lokale og totalt 5 % frå Sogn og Fjordane. Tre av fire er utlendingar, høgare enn i nokon annan nasjonalpark vi har målt, og nesten like mange er der for første gang. Nær halvparten har aldri eller berre ein gong vore på langtur (fot/ski). Turfriluftsliv er den dominerande friluftsinteressa. Få går aleine, og kvar femte er i grupper der barn er med. Kvar tiande var med på organisert tur. Kjensla av ei tilknyting til området ligg noko høgare enn forventa, sidan det er så mange fyrstegongsgjester. Det er naturopplevinga (for alle) og ønsket om å oppleve isbre (særleg utlendingar) som er vik-tigaste grunnane for besøket. Dei aller fleste fylgjer stiar/veger, og godt merka stiar og tydeleg skilting er verdsett. Dagstur til fots er den klart mest dominerande aktiviteten; brevandring er også ganske omfattande (halvparten i organiserte grupper). Vi har også kartlagt vinterbruken sist år. Besøk i JNP utløyser overnatting i eller nær parken for nær 3/4. Campingplassar blir oftast brukt. For dei fleste var besøket hit del av ei rundreise, og sjeldan hovudmålet. To av tre hadde bestemt seg for besøket før avreise heimanfrå, og noko over halvparten søkt informasjon på førehand. Dei fleste syns det var lett å finne info, og internett er viktigaste kjelda. Informasjon før avreise heimanfrå og når dei kjem til innfallsporten blir rekna som viktigast, og dei søkjer særleg info om turforslag, spesielle attraksjonar og kart. Noko under halvparten deler opplevingar frå området vha. sosiale media.4/5 visste at JNP var verna som nasjonalpark, og noko over 1/2 oppgav vernestatusen som (meir eller mindre) viktig for besøket til JNP. Fire av fem var godt nøgde med tilrettelegginga for fri-luftsliv i området, men mange var ikkje heilt nøgde med kvaliteten på det dei meiner er viktige tiltak (infotavler, stimerking, skilting). Kunnskapen om vernereglar bør bli betre. Fleirtalet meiner hovudstiane bør vere for fotfolket, men at enkelt stiar bør opnast for sykkel og hest. Innstilling til motoraktivtetar (helikopter, dronar) er negativ. Det er ganske enkelt å finne stader der ein kan vere aleine, sjølv om mange meiner det er for mykje folk somme stader i høgsesong. Jostedalsbreen NP er heilt spesiell med den store dominansen av turistar, og ikkje minst utlen-dingar. Dette gjev gode høve for forvaltninga til å styre ferdsel og tiltak dit ein ønskjer, utan å øyde verneverdiane, så lenge ein klarer å kome dei viktige brukarønskja i møte, særleg breoppleving.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)nb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;1490
dc.subjectJostedalsbreen nasjonalparknb_NO
dc.subjectbrukarundersøking i nasjonalparken og tilliggande områdenb_NO
dc.subjectlokal kasseundersøkingnb_NO
dc.subjectnettbasert etterundersøkingnb_NO
dc.subjectJostedalsbreen national parknb_NO
dc.subjectvisitor studynb_NO
dc.subjectself-registration boxes and internet-based follow up-studynb_NO
dc.subjectNINA Rapportnb_NO
dc.titleBruken og brukarane av Jostedalsbreen nasjonalpark 2017. Kasse- og etterundersøkingnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siterast fritt med kjeldetilvisingnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200nb_NO
dc.source.pagenumber148nb_NO
dc.relation.projectMiljødirektoratet: M-1024|2018nb_NO
dc.relation.projectJostedalsbreen nasjonalparkstyrenb_NO


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • NINA Rapport/NINA Report [2276]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Show simple item record