Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVeiberg, Vebjørn
dc.contributor.authorLangvatn, Rolf
dc.date.accessioned2018-02-06T14:20:49Z
dc.date.available2018-02-06T14:20:49Z
dc.date.created2017-03-23T13:09:41Z
dc.date.issued2008
dc.identifier.isbn978-82-426-1952-5
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2482998
dc.description.abstractVeiberg, V. & Langvatn, R. 2008. Rutilutvinning frå Engebøfjellet i Naustdal – Konsekvensar for hjorten og hjortejakta i området. – NINA Rapport 387. 18 s. Nordic Mining ASA planlegg å starte opp utvinning av rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune, Sogn og Fjordane. Denne rapporten gir ei vurdering av kva konsekvensar denne utbygginga vil få for den lokale hjortebestanden og jakta på denne. Planlagt driftsperiode for rutilutvinninga er 35 år pluss to år med utfasing. Me d 2,2 felte hjortar per km2 teljande areal er Naustdal blant ei av dei 10 kommunane i landet med tettast hjortebestand. Hjorten representerer dermed både ein stor ressurs og eit stort potensiale for konfliktar. Arealforvalting er eit av dei sterkaste verkemidla innan all viltforvalting. Arealkrevjande inngrep, slik som den planlagde utbygginga, kan derfor ha stor innverknad på det omkringliggande miljøet og forvaltinga av artane som lever her. Konsekvensutgreiinga såg nærare på følgjande spørsmål: 1. Kva effekt vil dei planlagde inngrepa ha for hjortejakta i området? 2. Kva verdi har Engebøfjellet med tilgrensande område for hjortebestanden? 3. Kva effekt vil dei planlagde inngrepa ha for hjortens bruk av det påverka området? Jaktretten følgjer eigedomsretten. Avhengig av omfanget på ei framtidig eigedomsoverdraging vil Nordic Mining ASA få jaktretten til heile eller delar av arealet som i dag høyrer til Engebøgardane. Ei vidareføring av dagens bestandsplansamarbeid, der Engebø inngår som sjølvstendig jaktfelt, er formålsteneleg for å oppnå ei effektiv og heilskapleg forvalting av hjortebestanden. Omfanget av ein eventuell reduksjon i det teljande arealet for hjorte-jakt som følgje av utbyggingar og inngjerdingar må avklarast med kommunen. Avbøtande tiltak kan kompensere for heile eller delar av dei negative konsekvensane relatert til tap av beiteareal som følgje av utbygginga. I tillegg til forbetring av eksisterande utmarksbeiter, vil fornying, gjødsling og slått av attverande innmarksareal medverke til å oppretthalde beiteressursen og attraktiviteten til området. Store areal er i dag dekt av planta granskog. Denne skogen vil bli hogstmogen i løpet av den planlagde driftsperioden. Ved forynging av desse areala, bør ein undersøke kor vidt det er teneleg å etablere nye beite-lokalitetar og blandingsskog heller enn rein produksjonsskog. Område der gruvedrif-ta/deponeringa er sluttført bør sikrast og dekkast med eigna massar, slik at tilplanting eller naturleg gjenvekst kan etablerast så snart som råd. Den planlagde utvinninga av rutil frå Engebøfjellet vil medføre store lokale endringar både med omsyn til aktivitet, støy, landskapsutforming og arealdisponering. Alle desse forholda er faktorar som vil ha potensiell innverknad på hjortens bruk både av arealet knytt til Enge-bøgardane og tilgrensande område. Det er likevel liten grunn til å tru at utbygginga vil ha bestandsmessige konsekvensar utover dei reint lokale effektane knytt til fysisk utestenging frå industriområdet og nedbygging av ein del innmark og beiteareal. hjort, hjortejakt, menneskelege inngrep, forstyrring, gruvedrift, rutil, titandioksid (TiO2), red deer, red deer hunt, human disturbance, mining, rutile, titanium dioxidenb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)nb_NO
dc.relation.ispartofNINA rapport
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;387
dc.titleRutilutvinning frå Engebøfjellet i Naustdal. Konsekvensar for hjorten og hjortejakta i områdetnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelsenb_NO
dc.source.pagenumber18 s.nb_NO
dc.identifier.cristin1460675
dc.relation.projectAndre: Norsk institutt for vannforskning (NIVA)nb_NO
cristin.unitcode7511,2,0,0
cristin.unitnameAvdeling for terrestrisk økologi
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel