Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorTovmo, Mari
dc.contributor.authorMattisson, Jenny
dc.contributor.authorKleven, Oddmund
dc.contributor.authorBrøseth, Henrik
dc.date.accessioned2017-12-18T10:59:41Z
dc.date.available2017-12-18T10:59:41Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.isbn978-82-426-3173-2
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2472421
dc.description.abstractTovmo, M., Mattisson, J., Kleven, O. & Brøseth, H. 2017. Overvaking av kongeørn i Noreg 2017. Resultat frå 12 intensivt overvaka område. – NINA Rapport 1442. 21 s. Overvaking av kongeørn (Aquila chrysaetos) inngår i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt, og er organisert i to hovuddelar; intensiv og ekstensiv overvaking. I den ekstensive overvakinga av arten kartleggjast noverande og tidlegare hekketerritorium over heile landet. Hovudhensikta med denne kartlegginga er å få ei mest mogleg komplett oversikt over antal hekkande par og den geografiske fordelinga av hekketerritorium i Noreg. Den intensive overvakinga av kongeørn gjennomførast i 12 utvalte intensivområde. Desse områda er valt for å få ei god dekning av landet i både nord-sør- og kyst-innlandsgradienten. I kvart av intensivområda er det 15 faste territorium, som vert følgt opp med fleire årlege besøk for å kartleggje status i territoriet og ungeproduksjon. I to intensivområde vert det i tillegg samla inn DNA-materiale frå territoria for å overvake eventuelle endringar i den årlege vaksenoverlevinga. Seks av intensivområda har vore overvaka sidan 1990-talet gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV). Resultata frå årets intensive overvaking av kongeørn viser at det i 2017 vart registrert 43 vellykka hekkingar med totalt 47 ungar eldre enn 50 døgn, og ein gjennomsnittleg produksjon per territorium på 0,26 ungar eldre enn 50 døgn. Dette er noko lågare enn i 2016 med ein gjennomsnittleg produksjon på 0,30 ungar eldre enn 50 døgn per territorium. I områda inkludert i TOV vart det i 2017 produsert i gjennomsnitt 0,32 ungar per territorium. I perioden 1992–2017 vart det produsert i gjennomsnitt 0,41 (95 % KI: 0,36–0,47) ungar per territorium per år i TOV-områda. DNA-analysar av mytefjør og prøver frå ungar påviste 24 ulike vaksne individ (13 hannar og 11 hoer) i intensivområdet Finnmarksvidda og 7 ulike vaksne individ (2 hannar og 5 hoer) i intensivområdet Fauske. I Fauske vart det i tillegg funne to daude kongeørner, som ikkje var kjent frå tidlegare DNA-analysar. Årleg tilsynelatande overleving for vaksen kongeørn på Finnmarksvidda vart estimert til 0,91 (95 % KI: 0,84–0,96) i perioden 2012–2017. Det var ingen skilnad i estimert overleving mellom år. For Fauske var datagrunnlaget for lite til å estimere årleg vaksenoverleving.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)nb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;1442
dc.subjectkongeørnnb_NO
dc.subjectAquila chrysaetosnb_NO
dc.subjectbestandsovervakingnb_NO
dc.subjectDNA-analysenb_NO
dc.subjectGolden eaglenb_NO
dc.subjectpopulation monitoringnb_NO
dc.subjectDNA-analysisnb_NO
dc.titleOvervaking av kongeørn i Noreg 2017. Resultat frå 12 intensivt overvaka områdenb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siterast fritt med kjeldeoppføringnb_NO
dc.source.pagenumber21nb_NO
dc.relation.projectMiljødirektoratet: M-908|2017nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • NINA Rapport/NINA Report [1387]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Vis enkel innførsel