Kartlegging av biologisk mangfald i setergrendene Nysetra, Tandsetra, Sjong og Kvita i Lesja kommune 2017
Research report
View/ Open
Date
2017Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2375]
Abstract
Jordhøy, P. & Often, A. 2017. Kartlegging av biologisk mangfald i setergrendene Nysetra, Tandsetra, Sjong og Kvita i Lesja kommune 2017. – NINA Rapport 1396. 31 s.+ vedlegg
I samband med ivaretaking av naturbeitemark inngår biologisk kartlegging for å ha oversyn over utvikling og trong for skjøtsel. Områda vi har kartlagt i 2017 er tidlegare kartlagt i 1995 og 2007. Setrane i Lesja er elles skildra i Einbu & Kjelland (1988). Ved alle lokalitetane vart det gjennomført nykartlegging og utarbeiding av fullstendige artslister. Tidspunktet for feltkartlegginga av karplanter var 8-10.08.2017. Artslister for karplanter for kvart område vart utarbeidd på grunnlag av funne artar. Områda som vart kartlagt består av naturbeitemark (D04) og hagemark (D05) med liten grad av attgroing, og store areal er halde i hevd grunna kontinuerleg beiting frå husdyr over lang tid, samt noko rydding av buskvegetasjon. Naturbeitemarka er heilt avhengig av tradisjonell husdyrbeiting for å bli halde i hevd frametter. Der det er mest attgroing tilrår vi noko rydding av einer og bjørk, slik kan ein ta vare på mest mogleg av det opphavelege preget på seternær beitemark. Det var spor etter aktiv rydding innan alle setergrendene; setra til Hattremslykkja på Nysetra, på Tandsetra, setra til Nestande på Sjong (herunder Klukkarkvea) og setra til Søre Hagestande på Kvita.
Oppdragsgjevar til prosjektet har vore Lesja kommune.