Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJordhøy, Per
dc.coverage.spatialEikesdal, Nesset kommune, Møre og Romsdalnb_NO
dc.date.accessioned2017-11-22T10:08:45Z
dc.date.available2017-11-22T10:08:45Z
dc.date.created2017-03-20T11:49:56Z
dc.date.issued2008
dc.identifier.isbn978-82-426-1929-7
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2467517
dc.description.abstractJordhøy, P. 2007. Eikesdal alpin - Verknader på villrein i høve til utbygging av alpinanlegg . – NINA Rapport 365. 68 s. Eikesdal alpin AS ynskjer å få utarbeidd ein villreinfagleg uttale i samband med planar om skiping av alpinanlegg i Eikesdal, Nesset kommune, Møre og Romsdal fylke. Desse områda råkar randsonen og nordvestlege delen av Snøhetta villreinområde. Målet er å få kasta ljos over kva konsekvensar utbygginga vil ha for reinen, og tiltak som er aktuelle for å skjerme villreinen sine funksjonskvalitetar her. Villreinen sin opphavelege, nomadiske vandringsmønster ser vi idag berre ein antydning av, som fylgje av menneskeskipa barrierer og aktivitetar. Den sterkt begrensa utbreiinga av villrein i Skandinavia, saman med ein sterk grad av fragmentering innen hovudutbreiingsområdet i Sør-Noreg, har ført til at reinen har ulik fordeling av sommar- og vinterbeiter. Dette kan ein sjå spor etter i reinen sin populasjonsdynamikk. Oppsplitting av bestandar og forringing av leveområder er elles dei mest trugande faktorar for ivaretaking av eksisterande genetiske ressursar. Det er ein klar samanheng mellom leveområda sin storleik, bestanden sin storleik, genetisk utveksling og sikring av av genetisk varasjonsbreidde. Ein konsekvens av fragmentering er og at bestandane må regulerast nøye gjennom jakt, slik at det er eit rimeleg tal dyr i høve til tilgang på beite. Gjennom ulike teljingar og andre granskingar har ein over lang tid fått eit sett av haldepunkt om reinens områdebruk i Snøhettaområdet og Vestområdet særskilt. Jamnlege minimumsteljingar på vinteren og kalveteljingar på våren/forsommaren har mellom anna gjeve informasjon om flokkane sin førekomst og korleis dette mønsteret har endra seg over tid. Omfattande intervjugranskingar har også gjeve mykje informasjon om dette emnet. Vidare har ulike konsekvensutgreiingar vore med på å kaste ljos over dette emnet. Ser ein isolert på beitegrunnlaget utgjer dei vestlege delane av leveområdet til reinen hovudsakeleg sommarbeiteland. Tidlegare intervjugranskingar gjev rett nok eit variert bilde av reinen sin bruk av dei vestlege areala vinterstid. Når ein oppsummerer dei haldepunkta som finns frå teljingar, beitegranskingar, intervju og anna, ser ein at arealbruken over aust-vestaksen i Vestområdet varierer med snøtilhøve, vindretningar, bestandsstorleik. Med aukande grad av inngrep/uroing har og dette etter kvart blitt ein faktor som påverkar arealbruken til reinen. NØKKELORD: Eikesdal, Nesset kommune, Møre og Romsdal, villrein, konsekvensutgreiing, wild reindeernb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskning (NINA)nb_NO
dc.relation.ispartofNINA rapport
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;365
dc.titleEikesdal alpin. Verknader på villrein i høve til utbygging av alpinanleggnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelsenb_NO
dc.source.pagenumber68 s.nb_NO
dc.identifier.cristin1459573
dc.relation.projectAndre: Eikesdal Alpin ASnb_NO
cristin.unitcode7511,2,0,0
cristin.unitnameAvdeling for terrestrisk økologi
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel