Avlsprogrammet for fjellrev. Årsrapport 2016
Landa, Arild; Ulvund, Kristine; Eide, Nina E.; Meås, Roger; Andersen, Roy; Rød-Eriksen, Lars; Thierry, Anne-Mathilde; Flagstad, Øystein
Research report
View/ Open
Date
2017Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2351]
Abstract
Landa, A., Ulvund, K., Eide, N. E., Meås, R., Andersen, R., Rød-Eriksen, L., Thierry, A.-M. & Flagstad, Ø. 2017. Avlsprogrammet for fjellrev – Årsrapport 2016. – NINA Rapport 1379. 29 s.
Avlsprogrammet vart oppretta i nåverande form i 2005 som eit tiltaksbasert FOU-prosjekt for å bidra til bevaring av den sterkt utrydningstruga fjellreven i Noreg. Programmet driftar ein avlsstasjon på Sæterfjellet (Oppdal), med åtte store hegn i eit naturlig fjellrevhabitat. Minst mogleg handtering av avlsdyra og maksimering av trivsel er vektlagt. Programmet vart bygd på villfanga kvalpar, med ei geografisk spreiing som spegla den genetiske variasjonen som var att i Noreg og Sverige. I 2016 vart det rekruttert ein kvalp frå eigen avl til avlsstasjonen. Totalt er det henta inn 26 villfødde kvalpar og 24 kvalpar frå eigen avl som avlsdyr til programmet. Rekruttering av villfødde kvalpar er viktig for å oppretthalde avlslinene i stasjonen og av omsynet til å unngå negative effektar av avl i fangenskap.
I 2016 vart det fødd 20 kvalpar fordelt på tre kull i stasjonen. Årsaka til den låge produksjonen skuldast truleg at tre av avlspara var eittåringar. Det vart òg registrert postnatal dødelegheit av eitt kull. Det vart i løpet av året utført utbetringar på gjerder i alle hegna og i tillegg tilført massar i to av hegna for å stimulere til auka trivnad for avlsdyra. Over eit hegn vart det montert eit nett for å hindre kongeørnpredasjon.
18 av kvalpane frå 2016-produksjonen vart sett ut på Hardangervidda i februar 2017, medan ein kvalp vart rekruttert som avlsdyr. I tillegg vart ein kvalp funne død ved eit av hia. I perioden 2006 til 2016 er det sett ut totalt 327 fjellrevar (304 som kvalpar) frå Avlsprogrammet. På Hardangervidda, som er nåverande utsetjingsområde, er det til saman sett ut 87 kvalpar, men det er så langt registrert få ynglingar som respons på utsetjingane. Dei viktigaste årsakene er truleg mangel på toppår for lemen etter at utsetjingane har starta, og at det er meir konkurranse med raudrev i dette området samanlikna med område som til dømes Dovrefjell og Finse, der reetablering via utsetjingar frå Avlsprogrammet gjekk relativt raskt. Det er planlagt utsetjing av fleire fôringsstasjonar i sentrale deler av Hardangervidda hausten 2017.
Gjennomsnittleg overleving hjå utsette revar første leveår er 43%. Sidan 2004 har det nasjonale overvakingsprogrammet for fjellrev fått inn 78 døde fjellrevar, av desse var 21 utsette revar. Sjølv om trafikkdrepne fjellrevar truleg er overrepresentert i materialet, er dødelegheit som skuldast jarnbane- og vegpåkøyrslar ein viktig dødsårsak hjå den utrydningstruga arten.
Av dei 16 fjellrevynglingane registret i 2016 var åtte i Snøhetta og tre i Finseområdet. Begge stader har i dag reetablerte bestandar i regi av Avlsprogrammet og via genetiske analyser funne at minst 80% av årets kull i Noreg hadde opphav i revar utsette frå Avlsprogrammet.
Avlsprogrammet og øvrige fjellrevprosjekt driftar eit betydeleg feltapparat som genererer store mengder data, og det er i denne samanhengen utført mange studentoppgåver og fleire er under arbeid. Det er fortløpande utvikla gode instruksar, protokollar og datasikringsrutinar som gjer at fjellrevprosjekta står godt rusta til å møta nye utfordringar som til dømes etablering av nye utsetjingsområde og utvikling av utsetjingsmetodikk. Gode verktøy og stort datamateriale vil òg fremje populær- og fagfellevurdert publisering. Landa, A., Ulvund, K., Eide, N. E., Meås, R., Andersen, R., Rød-Eriksen, L., Thierry, A.-M. & Flagstad, Ø. 2017. The arctic fox captive breeding program – Annual report 2016. – NINA Report 1379. 29 pp.
The captive breeding programme was established in 2005 as a research project, working on developing methods for captive breeding and release, in order to save the critically endangered Arctic fox in Norway. The programme includes captive breeding facilities in arctic fox habitat at Sæterfjellet (Oppdal) in South Central Norway, consisting of eight large (50x50m) and one small (20x20m) enclosure. The primary breeding concept is minimal handling and a strong focus on animal welfare. The breeding stock initially consisted of individuals captured from the remnant wild populations, representing the remaining genetic variation in Scandinavia. In 2016, one cub was recruited from this year’s captive breeding. In total, 26 pups have been recruited from the wild, and 24 have been recruited from litters born within the captive breeding programme. Recruitment from the wild is carried out to maintain genetic variation in the breeding lines and to avoid any negative effects of, or adaptation to, captivity.
In 2016 the captive breeding resulted in three litters with a total of 20 pups. This was lower than expected and likely due to an unfavourable age distribution among the breeding stock, with three pairs being yearlings. It was also recorded postnatal mortality of one entire litter. During 2016 several repairs and improvements were carried out within the enclosures. Fences were repaired and reinforced. In two enclosures, gravel was added to improve denning conditions as well as stimulate animal welfare. One enclosure was supplied with a large net to avoid predation from golden eagle.
From the 2016 production, 18 pups were released at Hardangervidda and one pup was recruited into the breeding stock. In addition, one cub was found dead outside one of the dens. Between 2006 and 2016, a total of 327 foxes (304 pups) has been released into the wild. At Hardangervidda, which is the present release area, 87 pups have been released over four years. However, we have until now only recorded few wild breeding’s as a response to the re-establishment efforts. The main reasons for this low response are probably a lack of peak years in the lemming population and the denser red fox population compared to for example Dovrefjell and Finse. In these two mountain areas, reestablishment of the arctic fox was successful after four to five years of releases. Establishment of additional food dispensers is planned in central parts of Hardangervidda.
Average first year survival among released individuals is 43%. Since 2004, a total of 78 wild arctic foxes has been retrieved and autopsied. Among these, 21 foxes were released (2007-2015). Even though road/railroad killed foxes probably are overrepresented in the material, mortality due to train or car should be considered an important mortality cause for this critically endangered species. Of the 16 arctic fox breeding pairs documented in the wild in Norway during 2016, eight were located within the Snøhetta area and three in the Finse area. Genetic analyses verified that 80% of all breeding pairs had their origin from individuals released by the captive breeding programme.
The captive breeding programme, together with other arctic fox projects, is an extensive large scale field project, generating large quantities of data. Many students have carried out assignments and several are in progress. Instructions, protocols and routines are continuously improved and updated. The programme is well equipped to face new challenges, for example establishing new release areas and improving release techniques. Well established protocols and tools as well as solid data sets will also facilitate popular and peer review publishing.