dc.description.abstract | Hagen, D. og Vistad, O. I. 2016. Vurdering av kor sårbare utvalde lokalitetar i Nærøyfjorden land-skapsvernområde er for ferdsel. Landgangslokalitetar ved Nærøyfjorden, den nye Sivlestien langs Stalheimskleivi, og ferdselsruta gjennom Slettedalen – NINA Kortrapport 34. 32 s.
I Nærøyfjorden landskapsvernområde vil ein ha vurdert kor sårbare eit utval lokaliteter i verneområdet er, der det er eller kan bli nye utfordringar knytt til ulike former for ferdsel. Verneområdestyret har peika ut tre aktuelle og ganske ulike lokalitetar (sjå rapporttittelen), knytt til ulike naturtypar (kyst, skog, myr, fjell). I tillegg er det sterke innslag av kulturlandskap, særleg for landgangslokalitetane langs fjorden. Denne rapporten tek berre for seg sårbarheit i høve til planteliv og ferdsel; dyrelivet vil bli vurdert seinare.
På oppdrag frå Miljødirektoratet er Norsk institutt for naturforsking (NINA) i ferd med å utvikle modellar for å kunna vurdere kor sårbare verneområde på fastlandet er for ulike former for ferdsel. Vurderinga av Nærøyfjorden landskapsvernområde går inn som ein del av arbeidet med å utvikle modellane for skog og fjell, i tillegg til den konkrete vurderinga av dei utvalde lokalitetane. For Nærøyfjorden er utfordringa knytt til den aukande småbåtaktiviteten, sidan det særleg er desse brukarane som går i land og slår leir mm. Sivlestien skal byggast frå grunnen, og påverknaden er sjølve bygginga av turvegen og den framtidige bruken av denne. I Slettedalen er temaet påverknad (t.d. markslitasje) frå den aukande turgåinga gjennom dalen og ut mot ut utkikkspunktet Bakkanosi. Uttestinga av skogmanualen vil fortsetje i 2017, og det kan kome tillegg eller mindre justeringar av modellen. Grunnlaget for sårbarheitsvurderinga er kartlegging av definerte sensitive einingar innafor lokaliteten. Deretter vert einingane vekta mot areal (kor stor del av lokaliteten dekkjer eininga?) og lokalisering (kvar er eininga plassert i høve til dagens, eller framtidig forventa bruk?). Vurderingane er basert både på feltarbeid og eksisterande kunnskap.
Det er tre typar sensitive einingar som går igjen på dei sju lokalitetane langs fjorden: Bratt skråning med ustabilt substrat (Aksneset, Salthella, Odnes), Brink/bratt skrent (Aksneset, Skalmenes) og Nake berg (Krossnes, Klungrenes). I tillegg er det registrert Fuktsig/blauthøl på Odnes. Fleire av dei sensitive einingane ligg sentralt i lokalitetane, men samstundes utgjer einingane ein relativt liten del av det totale arealet. Vi diskuterer ulike tiltak for å reduserer sårbarheita for dei ulike del-lokalitetane. For Sivlestien er den sensitive eininga Bratt skråning med ustabilt substrat/rasmark. Her er det etablering av sjølve turvegen/-stien som er utfordringa både i høve til sårbarheit, og reint praktisk. I Slettedalen er det store Myrområde som utgjer hovuddelen av dei sensitive einingane. Dessutan innslaget av Brink/bratt skrent som finst nokre få stader langs kanten ned mot elva. Sjølve lokaliseringa av ein merkt sti (for å samle ferdselen) og ev. tiltak for å forsterke sjølve «gangbanen» (t.d. stokklegging) er avgjerande for kor sårbar dalen er for ferdsel.
Vi har vurdert i kva grad ulike avbøtande tiltak kan redusere sårbarheita i lokalitetane. Dei mest aktuelle tiltaka er å klopplegge eller forsterke stiar i blaute område og merking av stitrase for å kanalisere ferdselen. For Sivlestien er avbøtande tiltak knytt til sjølve anleggsarbeidet for etablering av stien, sidan dette er avgjerande for sårbarheitsverdien. Rapporten viser at vellukka avbøtande tiltak i stor grad kan redusere sårbarheita på enkelte lokalitetar, medan det for andre lokalitetar ikkje finst gode tiltak. | nb_NO |