Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStrand, Olav
dc.contributor.authorJordhøy, Per
dc.contributor.authorMossing, Anders
dc.contributor.authorKnudsen, Per Aksel
dc.contributor.authorNesse, Lars
dc.contributor.authorSkjerdal, Harald
dc.contributor.authorPanzacchi, Manuela
dc.contributor.authorAndersen, Roy
dc.contributor.authorGundersen, Vegard
dc.coverage.spatialNordfjellanb_NO
dc.date.accessioned2017-01-03T07:35:23Z
dc.date.available2017-01-03T07:35:23Z
dc.date.issued2011
dc.identifier.isbn978-82-426-2213-6
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2426053
dc.description.abstractStrand, O., Jordhøy, P., Mossing, A., Knudsen, P. A., Nesse, L., Skjerdal, H., Panzacchi, M., Andersen, R. & Gundersen, V. 2011. Villreinen i Nordfjella. Status og leveområde. NINA Rapport 634. 71 s. + vedlegg. Nordfjella har tidlegare inngått i eit større leveområde for villrein som truleg strekte seg frå Jotunheimen i nord og over Hardangervidda til Setesdalsheiane i sør. I dei siste 150 åra har fragmentering av leveområda ført til at dette biletet har endra seg, og leveområda er i dag langt meir oppdelte og står fram som dels sjølvstendige einingar. Dei omfattande fangstanlegga på austsida av Hardangerjøkulen dokumenterer at det tidlegare har vore omfattande utveksling av rein mellom Nordfjella og Hardangervidda. Områdevise endringar i dyra sin arealbruk har vi også dokumentasjon på frå nyare tid, då villreinstammen på Hardangervidda brukte Nordfjella som vinterbeite. Også i seinare år har vi dokumentasjon på dynamisk områdebruk hjå desse villreinstammene, mellom anna har dyr frå dei nordlege delane av Nordfjella teke i bruk område sør for Rv 50 og i Hallingskarvet. Etter 2005 har vi også dokumentert at dyr frå Nordfjella har brukar område som administrativt ligg under Hardangervidda. Dette viser at reinstammene på Hardangervidda og i Nordfjella har funksjonsområde som i dag ligg utanfor dei administrative grensene for villreinområda. Dette reiser store utmaningar for både bestands- og arealforvaltinga. I høve til forvalting av areala er det særs viktig å sjå betydinga av dei noverande trekkorridorane både innan og mellom desse villreinområda. Dei regionale arealplanane må difor ta omsyn til at desse villreinstammene har funksjonsområde som ligg utanfor dei administrative grensene for villreinområdet. Fokusområdet ved Finse og Rv 7 på Hardangervidda er viktige i høve til dette, og utviklinga her er av stor betyding for i kva grad reinen skal ha tilgong til desse områda i framtida. I høve til framtidige klimaendringar vil truleg trongen for alternative beiteområde auke, og såleis blir slike trekkorridorar stadig viktigare. Reinen sitt skifte av årstidsbeite fører til relativt små lokale forflyttingar i Nordfjella, og den geografiske avstanden mellom årstidsbeita er relativt liten her i høve til det vi har sett i andre delar av Langfjella. Resultata frå Nordfjella syner at dyra over lengre tid har ein vekselbruk mellom ulike delar av villreinområdet. Data frå dei GPS-merka dyra viser at det i dag er betydelege barrierar som påverkar reinen sine moglegheiter til fritt å vandre mellom dei ulike delane av villreinområdet. Det same datasettet har også bekrefta at reinen brukar tunneltak over både veg og jernbane som trekk- og beiteområde. På same tid har vi også sett betydinga av at anna aktivitet kan verka uroande i slike område, både ved Finse/Rallarvegen og Geitryggen. Datasettet frå Nordfjella viser såleis både den avbøtande effekten ein oppnår med tunellar, men samstundes også utmaningane med å avgrense etableringa av annan infrastruktur og aktivitetar ved slike trekkpassasjar. Nordfjella er eit fragmentert villreinområde. Infrastruktur og den markerte topografien i området bidreg til at det er fleire tronge trekkorridorar som er av stor betyding for villreinen sin tilgong til viktige funksjons- og beiteområde. I rapporten finst ei detaljert skildring av fleire slike ”fokusområde”. Desse utgjer særskilte utmaningar for arealforvaltinga her. Døme på slike er Geitryggen, Finsetunellen, Gravdalsområdet, Kongshellerområdet, områda ved Viddalsdammen og dei austlege vinterbeiteområda. Fleire fokusområde står fram som tydeleg påverka av menneskeleg aktivitet og er såleis lite tilgjengelege trekkområde for reinen. Andre område, som Gravdalsområdet, er intakte men sårbare område, med viktige funksjonar for aust–vesttrekket i denne delen av Nordfjella. Dei austlege vinterbeiteområda blir lite nytta, trass i at dei er rike på beitelav. Tettleiken av hytter og uroing her er ei mogleg forklaring på dette. Vi manglar gode datasett som viser utbreiinga og bruken av merka skiløyper i dette området. Slike data bør skaffast, då dette vil vera eit viktig bidrag til auka kunnskap og betra forvalting av desse viktige beiteområda. På grunnlag av tilgjengelege data som omfattar lokal røynslekunnskap, kulturhistoriske data, oppsynsrapportar, beitekart og GPS-data frå radiomerka reinsdyr, har vi trekt opp ei ytre grense for reinen sitt biologiske leveområde i Nordfjella. Grensa er skildra konkret og visualisert på kommunevise kart. Det er eit overordna poeng at grensa mot Hardangervidda blir oppfatta som ei administrativ grense, då dei to villreinstammane her har overlappande og sams bruks- og funksjonsområde.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskningnb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;634
dc.subjectNINA Rapportnb_NO
dc.subjectNordfjellanb_NO
dc.subjectvillreinnb_NO
dc.subjectgrense for biologisk leveområdenb_NO
dc.subjectstatusrapportnb_NO
dc.subjectreindeernb_NO
dc.subjecthabitat usenb_NO
dc.titleVillreinen i Nordfjella. Status og leveområdenb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.source.pagenumber71 s. + vedleggnb_NO
dc.description.localcode© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelse.nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • NINA Rapport/NINA Report [2297]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Vis enkel innførsel