Lufsjåtangen og Dagalitangen på Hardangervidda. Kunnskap og utfordringar i høve til villreintrekk og menneskeleg arealbruk
Research report
View/ Open
Date
2009Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2350]
- Publikasjoner fra CRIStin - NINA [2411]
Original version
Jordhøy, P. & Strand, O. 2009. Lufsjåtangen og Dagalitangen på Hardangervidda. Kunnskap og utfordringar i høve til villreintrekk og menneskseleg arealbruk. NINA Rapport 412. 77 s. + vedlegg.Abstract
Jordhøy, P. & Strand, O. 2009. Lufsjåtangen og Dagalitangen på Hardangervidda. Kunnskap og utfordringar i høve til villreintrekk og mennesksleg arealbruk. NINA Rapport 412. 77 s. + vedlegg.
Buskerud fylkeskommune (koordinator) ynskjer å få utarbeidd ei villreinfagleg utgreiing om tangeproblematikken på Lufsjåtangen og Dagalitangen i samband med fylkesdelplanen for Hardangervidda. Hovudmålet med Fylkesdelplanen er å koma fram til ein langsiktig og heilheitleg strategi for bruk av areal som er viktige leveområde for villreinen, eller som påverkar villreinen sine leveområde.
Prosjektet sine mål er å klarleggje fylgjande problemstillingar:
1. Kva betyr Lufsjåtangen og Dagalitangen som delar av leveområdet for villreinen på Hardangervidda ut frå naturgjevne tilhøve?
2. Kva er avgrensande faktorar for villreinen sin bruk av tangane?
3. Kva tiltak må eventuelt gjerast for at området skal bli betre tilgjengeleg for villreinen?
4. Kostnads- og nytteverdiar av eventuelle tiltak Villreinen sin historikk og status på Hardangervidda, herunder dei austlege tangane, er etter måten godt kjent gjennom skriftlege arbeid, overvaking og teljingar. Mykje kunnskap er publisert om eit vidt spekter av tema, frå beitestudiar til bestandsdynamikk og habitatbruk.
Dei austlege delane av Hardangervidda har normalt lite snø og is og det er her ein finn dei viktige vinterbeiteområda. Tilgang på godt vinterbeite er vurdert å vere den viktigaste avgrensinga for storleiken på bestanden. Lufsjåtangen har betydelege vinterbeiteressursar, og utgjer saman med Dagalitangen ein potensielt viktig vinterbeitereserve for reinen på Hardangervidda. Det store tal fangstgroper på Austvidda og konsentrasjonen av desse, er den største som finns i Noreg sør for Jotunheimen. Storparten av fangstgropene ligg i høgdelaget 1200-1400 moh og er hovudsakeleg steinmura groper. Hovudretninga på desse gropene er i dei sentrale delane av Austvidda orientert aust-vest og speglar hovudretninga i reinen sitt forflyttingsmønster og hovudtrekka. Innfallspartiet mot Lufsjåtangen har særskilt stor førekomst av groper. Likeså er det ein god del fangstgroper på tangehalsen til Dagalifjell.