Brettsegling, kiting og surfing på Lista. Særpreg og utfordringar
Research report
View/ Open
Date
2013Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2351]
- Publikasjoner fra CRIStin - NINA [2411]
Original version
Vistad, O.I. 2013. Brettsegling, kiting og surfing på Lista. Særpreg og utfordringar. – NINA Rapport 998. 44 s.Abstract
Rapporten skal få fram kunnskap om ulike former for vassbasert brettsport langs Listastrende-ne. Det er ikkje ei kartlegging av faktisk bruk, men først og fremst formidling frå intervju med eit utval erfarne brettfolk som kjenner Lista gjennom mange år. Poenget er særpreget ved dei uli-ke brettaktivitetane på Lista – særleg brettsegling, kiting og surfing – og underaktivitetar innan desse. Og ikkje minst: kva krav stiller dei enkelte aktivitetane til lokalitet, til bølgje- og vindfor-hold for å kunna kalle noko for «gode forhold»? Rapporten viser også døme på GPS-rutene til brettseglarar og vindsurfarar på ulike lokalitetar, registrert med såkalla trackstick.
Lista, med Listastrendene, er eit veldig særprega område med mange miljøkvalitetar, både na-tur-, kulturlandskaps- og kulturminnekvalitetar. Det er ei samanhengande rekkje med verneom-råde langs strandkanten, der omsynet til fuglelivet står heilt sentralt. Fleire delområde har sta-tus som Ramsar-område, og skal forvaltast i tråd med Ramsar-konvensjonen og verneforskrif-tene for det enkelte området. Verneområda overlappar langt på veg med fleire offentlege fri-luftsområde langs Listastrendene (del av Skjærgårdsparken Lister), men her er det det tradi-sjonelle og landbaserte friluftslivet som er prioritert. Brettaktivitetane er ikkje nemnt i forvalt-ningsplanen for Skjærgårdparken, sjølv om Listastrendene (frå naturens side) må reknast som nasjonalt viktige. Dette har sannsynlegvis samanheng med at vassbasert brettsport stort sett er regulert bort frå Listastrendene av omsyn til fugleverninteressene, med unntak av nokre få brett-lokalitetar (Tjørvebukta, Pisserenna, og delar av Havika). Det er særleg brettsegling og kiting som er råka av forbodet, og i mindre grad surfing. Denne rapporten bør ein sjå i saman-heng med rapportane til Follestad (2012) og Follestad & Vistad (2013), men den står også på eigne bein.
I følgje informantane så er det bølgjene og landskapet som er det mest særprega med Lista, og dette kan gje gode forhold for surfing, bølgjesegling (= vindsurfing) og bølgjekiting, avhengig av bølgjeretning/-høgde og -frekvens, i samspel med lokaliteten. I sørlege Noreg er det vel ber-re Saltstein/Mølen og framfor alt Jæren som har liknande forhold. Men det er ganske sjeldan det slår til med gode bølgjeforhold. Det er langt oftare gode vindforhold (for fristil-/race-brettsegling og fristil-kiting), men også her er det kombinasjonen av vindretning og -styrke som styrer kva for lokalitetar som får gode forhold for dei ulike (sub-)aktivitetane. Dei meir erfarne har gjerne utstyr for ulike forhold, og tilpassar det til vindstyrken; type/storleik på brettet, stor-leik på kiten, høgda på riggen/storleik på seglet – alt utstyr kan/bør «vere mindre» ved sterkare vind, men i samspel med kor dyktig og erfaren utøvaren er. Rapporten går meir i detalj på spekteret og omfang av aktivitetar, kva krav dei stiller til forholda, kva som er motiva og spesi-fikt kva lokalitetar langs Listastrendene som er særleg veleigna for dei ulike aktivitetane. Det er særleg Bausje/Nordhasselvika/Litlerauna og delvis Kviljo/Havika som er dei utfordrande lokali-tetane i høve til verneformåla, nemleg å unngå «unødige forstyrrelser» av fuglelivet (saksa frå verneforskriftene).
Rapporten blir avslutta med eit drøftingskapittel (samarbeid med kollega Arne Follestad) om forvaltningsutfordringar, forvaltningsprinsipp, og litt om handlingsrom knytt til verneområda. Denne diskusjonen byggjer på fylgjande premissar: alle verneområde er sosiale-økologiske system, og all menneskeleg bruk har ein effekt på naturen, men det er ikkje alle slike effektar som er uakseptable i høve til eit verneformål. Dette er m.a. avhengig av kor sårbare/robuste systema er, og kva verdi- og samfunnsmessige føringar ein legg til grunn.