Avlsprogrammet for fjellrev. Årsrapport 2012
Landa, Arild Magne; Tovmo, Mari; Ulvund, Kristine R.; Meås, Roger; Eide, Nina Elisabeth; Flagstad, Øystein; Andersen, Roy
Research report
View/ Open
Date
2013-04Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2374]
- Publikasjoner fra CRIStin - NINA [2411]
Original version
Landa, A., Tovmo, M., Ulvund, K., Meås, R., Eide, N. E., Flagstad, Ø. & Andersen, R. 2013. Avlsprogrammet for fjellrev. Årsrapport 2012. – NINA Rapport 939. 61 s.Abstract
Avlsprogrammet for fjellrev starta i den noverande forma i 2005 på avlsstasjonen på Sæterfjellet
(Oppdal). Stasjonen er basert på maksimering av trivsel for dyra, med store innhegningar i
naturleg fjellrevhabitat og minst mogleg handtering av avlsdyr. Programmet byggjer på innfanga
kvalpar frå naturen, med ei geografisk spreiing som speglar den genetiske variasjonen
som er att i Noreg og Sverige. Det er henta inn totalt 24 viltfanga kvalpar til programmet (inklusiv
4 som viste seg å ha farmrevopphav).
Hausten 2012 var stasjonen nesten full, med 8 par i stasjonen samt eitt par i Langedrag Naturpark.
Tispa på Langedrag døydde og eitt par rømte frå avlsstasjonen i løpet av seinvinteren.
Alle dei attverande para i stasjonen fekk sannsynlegvis kvalpekull våren 2012 (totalt sju kull).
Kulla varierte i storleik (1–8), og det vart sannsynlegvis produsert totalt 40 kvalpar. Av desse
vart 20 merkt medan resten døydde før merking. Det er grunn til å tru at den seine snøsmeltinga
saman med ein våt og kald sommar førte til at det var problematisk for foreldrepara å
halde kvalpane tørre og varme. Kvalpane har dermed truleg døydd grunna væte og nattefrost
medan dei var små og immobile. I åra 2006–2012 er det fødd 40 kull i avlsprogrammet, med
totalt 258 kvalpar. Programmet er no i ein fase der det er naudsynt å erstatte avlsdyr etter kvart
som dei når høg alder og såleis produserer få avkom. Ein fortsatt høg produksjon av kvalpar
for utsetjing føreset òg at ein løyser problema med opphoping av snø rundt innhegningane og
dermed unngår rømmingar.
I perioden 2006–2011 er det sett ut totalt 196 dyr frå avlsprogrammet. Av desse har ein funne
att 67 dyr ein eller fleire gongar etter 1. april det første året etter utsetjing. Av dei 40 dyra som
vart sett ut vinteren 2011/2012 er 6 funne att i datamaterialet etter 1. april 2012. Den registrerte
overlevinga første år etter utsetjing varierer mellom år (15–71 %). Overleving er truleg betydeleg
underestimert grunna utvandringar og manglande registrering av kjente individ. Vinteren
2012/2013 vert det sett ut totalt 14 nye kvalpar frå programmet, alle på Finse.
I 2012 vart det i Noreg registrert berre éi yngling i det fri. To fjellrevar med opphav frå avlsstasjonen
fekk minimum fire kvalpar på eit hi i nærleiken av avlsstasjonen. Det vart få ynglingar
trass i at det i alle utsetjingsområde vert utført aktiv støttefôring. Årsaka til dette er at 2012 har
vore eit utprega botnår for mus og lemen. Dette syner tydeleg kor avhengig fjellreven er av lemen
for å reprodusere. I motsetnad til den store variasjonen i yngling hjå revane i det fri, får
revane i avlsstasjonen kvalpar sjølv i år utan smågnagarar. Forskjellen i reproduksjon hjå fjellrev
i avlsstasjonen og dei som lever vilt kan tyde på at predasjonsstress kan vere ein viktig faktor
med negativ påverknad på reproduksjon i det fri. The captive breeding programme for Arctic fox was established in its current form in 2005,
when the building of the breeding station at Sæterfjellet (Oppdal, central Norway) was completed.
The philosophy behind the captive breeding programme is to maximize the wellbeing of
the animals within large enclosures in natural arctic fox habitat combined with a minimum of
handling of the breeding stock. The breeding stock is based on cubs captured from the wild,
and it represents the remaining genetic variation in the Norwegian and Swedish population.
In autumn 2012 there were 8 breeding couples in the breeding station and one couple at
Langedrag wildlifepark. One couple escaped during March 2012 due to snow accumulation
and the female at Langedrag died in April. She was most likely killed by a golden eagle. All the
remaining couples in the breeding station bred during spring 2012 and 40 cubs were born.
However, only 20 cubs were marked, as the remaining 20 died before marking. The high mortality
is probably due to the late snow melting. A cold and wet summer gave the parents a difficult
time keeping their cubs warm and dry. This meant that several cubs probably froze to
death while they still were immobile. During the years 2006–2012 40 litters have been born in
captivity, with a total of 258 cubs. The programme is now in a phase were some of the animals
in the breeding stock are reaching high age, and needs to be replaced to continue breeding
success. It is also necessary to solve the problem with snow accumulation and thus prevent
escapes.
During the years 2006–2011 a total of 196 animals have been released. 67 of these animals
were found in the data collected after 1st April the year following release. 6 of the 40 animals
released in the winter 2011/2012 were found in the data collected after 1st April 2012. In the
winter of 2012/2013 14 new cubs from the programme were released, all in the Finse area.
The minimum survival to the first year after release varies between years (15–71 %). The survival
is probably underestimated due to emigration and insufficient recording methodology of
the released animals.
In 2012 only one reproduction were confirmed in Norway. Four cubs were born at a den close
to the artic fox breeding station. Both parents have been released from the breeding programme.
2012 was a low year for lemmings and mice and supportive feeding has been done
actively in all areas where artic foxes have been released. Only one breeding despite the supportive
feeding shows how dependent the artic foxes are on lemmings to reproduce. In contrast
to their wild relatives, the foxes in the breeding station produce cubs every year. This indicates
that predation stress could be an important factor affecting breeding success of wild foxes
negatively.