Program for terrestrisk naturovervaking (TOV). Landsomfattande gjenkartlegging av epifyttvegetasjonen påbjørk i 2007 og 2012
Research report
View/ Open
Date
2014-01Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2375]
- Publikasjoner fra CRIStin - NINA [2411]
Original version
Evju, M., Hagen, D., Bruteig, I. E., Myklebost, H. E. & Wilmann, B. 2014. Program for terrestrisk naturovervaking (TOV). Landsomfattande gjenkartlegging av epifyttvegetasjonen på bjørk i 2007 og 2012. − NINA Rapport 1000. 29 s.Abstract
Rapporten presenterer resultata frå fjerde og femte gongs kartlegging av epifyttar på stammen
av bjørk i eit landsomfattande nett av overvakingsflater. Dei tre første kartleggingane vart gjort i
1992, 1997 og 2002. Feltarbeidet er gjort av Norsk institutt for skog og landskap sitt feltpersonell.
Undersøkinga i 2007 omfatta 208 tre på 69 prøveflater. Undersøkinga i 2012 vart gjort på
70 flater, og datasettet omfattar 223 tre på i alt 68 flater. I alt 168 tre på 68 flater er identiske
alle fem åra. Frekvens og dekning av epifyttar som veks på stammen av friske bjørketre, er
registrert som 14 (11 i 2012) artar/grupper av artar lav, to (éi i 2012) ikkje artsbestemte grupper
algar og éi samlegruppe for mosar. I tillegg vart det i 2007 målt svovel- og nitrogeninnhaldet i
vanleg kvistlav og gjort pH-analysar av never.
I perioden 1992–2007 har pH i bjørkebork variert signifikant, med lågast verdi i 1992, men med
ikkje-signifikante skilnader mellom kartleggingane i 1997, 2002 og 2007. Det er ein svak, signifikant
auke i nitrogeninnhald i vanleg kvistlav frå 1992 til 2007. Svovelinnhaldet i vanleg kvistlav
varierer mellom kartleggingane, med spesielt låge verdiar i 2002, men det er ingen signifikant
nedgang mellom 1992 og 2007. Verdiane i 2007 viser at endringar påvist i tidlegare kartlegging
ikkje var ein generell trend. Det gjeld til dømes nedgangen i svovelinnhald i kvistlav og auka pH
i bork.
Frå 1992 til 2012 er det registrert auka dekning av algar på sørvestlandet og ein generell auke i
dekning av bladlav. Verdiane frå 2007 og 2012 stadfestar inntrykket av ein generell trend i
auka dekning av svakt sørlege og svakt varmekjære lavartar. Tilsvarande er observert både i
intensivflatene i TOV og i andre overvakingsstudiar. Dette kan skuldast fleire miljøfaktorar som
verkar i same retning: nedgang i forsurande svovelkomponentar i luft og nedbør, relativt høg
tilførsel av nitrogen samt høgare gjennomsnittstemperatur og meir nedbør i perioden enn normalen.
Desse faktorane er generelt gunstig for epifyttisk vekst og er truleg årsak til framgangen
både for bladlav og algar. Resultata understrekar verdien av fleire gjentak og lange tidsseriar.
Landsomfattande kartlegging av epifytter på bjørk vert tilrådd vidareført. Nokre modifikasjonar
vart gjennomført, med gode erfaringar, i 2012: Registrering av artar utanom registreringslinjene
("øvrige artar") vart kutta, det same vart teljing av hengande artar på trea. Vi utelet også kjemiske
analysar av vanleg kvistlav og analysar av pH i bork. Kursing av registrantar må vidareførast,
og særskilte utfordringar, som vanskelege artar, estimering av dekning av hengande
artar og algebelegg, vil være i fokus. Artsinnsamling i felt gjev nyttig tilleggsinformasjon og bør
vidareførast. Utgåtte felt og tre bør supplerast med nye felt og tre for å sikre representative
data.
Noreg, Norge, epifyttar,lav, terrestrisk naturovervaking (TOV), Norway, epiphytes, lichens, Monitoring Programme for Terrestrial Ecosystems (TOV) This report presents the results from the fourth and fifth survey of epiphytes on birch trunks in a
national grid net of monitoring sites in Norway, as part of the national programme for terrestrial
monitoring (TOV). The three first surveys were carried out in 1992, 1997 and 2002. The field
work was done by the Norwegian Forest and Landscape Institute. The 2007 survey encompasses
208 trees at 69 monitoring sites. The 2012 survey was carried out on 70 monitoring
sites and encompasses 223 trees at 68 monitoring sites. A total of 168 trees on 68 sites were
identical all five years. The frequency and coverage of epiphytes on trunks of healthy birch
trees were recorded for 14 (11 in 2012) species and groups of species of lichens, two (one in
2012) groups of epiphytic algae, and epiphytic bryophytes as a collective group. In 2007 the
lichen Hypogymnia physodes was collected for sulphur and nitrogen analyses, as well as birch
bark for pH analysis.
During the period 1992−2007 pH in birch bark has varied significantly, with the lowest values in
1992, but with non-significant differences for the surveys in 1997, 2002 and 2007. There is a
weak, but significant increase in nitrogen concentration in H. physodes since 1992. The concentration
of sulphur varies among years, with particularly low values in 2002, but no significant
decrease in sulphur concentration from 1992 to 2007 is found. The values from 2007 show that
changes detected in earlier surveys did not represent a general trend, e.g. the decrease in sulphur
content in H. physodes and the increased pH in bark.
The cover of epiphytic algae in Southwestern Norway has increased from 1992 to 2012, and
there is a general nationwide increase of foliose lichens. Slightly southern/thermophile species
show the largest increase. Similar observations are made at the intensively studied monitoring
sites in TOV as well as in other monitoring studies. These observed changes may be due to
the concurrent effect of decreasing sulphur components in air and precipitation, relatively high
nitrogen deposition and a warmer and more humid climate in the monitoring period. All these
factors favour epiphytic growth and may explain the increase in foliose lichens and algae. The
results emphasize the need for repeated surveys and the importance of long data series in environmental
monitoring.
The national survey is recommended to be continued. Some modifications were carried out,
with good experience, in 2012: Recording of "other species" outside of the registration lines
and counting the number of individuals of pendulous lichens were left out. In addition collection
of bark for pH analysis and H. physodes thalli for chemical analyses was omitted. Training
seminars for field workers must be continued and particular challenges, such as species difficult
to identify, estimation of cover of pendulous species and algae, must be particularly addressed.
Collection of species in the field gives valuable information and should be continued.
Trees and plots that for some reason are lost between two surveys should be replaced to ensure
that the data are representative.