Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorVeiberg, Vebjørn
dc.contributor.authorRolandsen, Christer Moe
dc.contributor.authorHeim, Morten
dc.contributor.authorSolberg, Erling J.
dc.date.accessioned2016-01-21T13:00:53Z
dc.date.available2016-01-21T13:00:53Z
dc.date.issued2016-01-21
dc.identifier.isbn978-82-426-2826-8
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2374461
dc.description.abstractVeiberg, V., Rolandsen, C.M., Heim, M. & Solberg, E.J. 2016. Omfang av morlause kalvar etter jakt på elg og hjort - NINA Rapport 1197. 27 s. Unngå å felle morindivid frå medfølgjande kalvar. Dette er eit moment som vert grundig poengtert i jegeropplæringa, og som i stor grad er ei innarbeidd grunnhaldning blant dagens elg- og hjor-tejegerar. Av ulike årsaker skjer det likevel frå tid til annan at kalvar vert morlause når morindivi-det vert felt. Tidlegare undersøkingar peikar på at tap av mor på eit for tidleg stadium, kan ha negative følgjer for kalvens vidare vekst og overleving. Dersom omfanget av slike kalvar er stort, er det derfor ei reell fare for at dette kan ha direkte negative konsekvensar for bestandens lang-siktige utviklingstrendar knytt til både kroppsvekter og produktivitetsmål. Ei rekke kommunar er involvert i overvakingsprogrammet for hjortevilt. I desse innsamlingsom-råda samlar jegerane inn både fysisk materiale og relevant informasjon frå felte dyr. Oppslut-ninga frå jegerane er gjennomgåande svært god, og i snitt omfattar overvakingsmaterialet 83 % av alle felte eldre hjortekoller og 74 % av alle felte eldre elgkyr innan det enkelte overvakings-område. Frå felte eldre hodyr vert jegerane mellom anna bedt om å angi kor vidt dyret var i følgje med ein kalv på fellingstidspunktet, og om denne eventuelt også vart felt. Skulle slik informasjon om kopling mellom ei mor og avkom ikkje vere registrert, er det likevel mulig å sannsynleggjere ei kopling mellom aktuelle individ basert på fellingsdato og fellingslokalitet. Vi brukte desse re-gistreringane til å estimere omfanget av morlause kalvar etter jakt hos elg og hjort. For elg var nødvendige data tilgjengeleg for dei fleste overvakingskommunane for perioden 2006-2014. Tilsvarande tidsserie for hjort omfatta perioden 2008-2014. Vi samanstilte data frå alle eldre hodyr der jegerane hadde registrert informasjon om tal kalvar (0, 1 eller 2) som hadde vore i følgje med det felte hodyret. Slike registreringar var tilgjengeleg for 67 % av alle eldre hjortekoller og 77 % av alle eldre elgkyr i overvakingsmaterialet. Felte eldre hodyr i følgje med kalv, der jeger ikkje hadde kopla direkte mot ein felt kalv, eller der alternative kalvar kunne kop-last til hodyret basert på felles jaktfelt og fellingsdato, vart kategorisert som ML (sannsynleg morlaus kalv). På denne måten kunne vi rekna ut kor stor andel av alle eldre hodyr med kjent kalvestatus som sannsynleg resulterte i ein morlaus kalv. For å relatere det registrerte omfanget av morlause kalvar blant felte dyr til den faktiske bestanden av levande kalvar, nytta vi resultat frå tidlegare bestandsrekonstruksjonar frå utvalde overvakingsområde. På tvers av regionar og år fann vi at 7 % av alle felte eldre elgkyr og 8 % av alle felte eldre hjortekoller resulterte i sannsynlege morlause kalvar, men det var ingen signifikante forskjellar mellom artane. Hos elg fann vi ein signifikant reduksjon i andelen ML i løpet av den aktuelle tidsperioden. Det var ingen tilsvarande trend hos hjort. For begge artar var det signifikante for-skjellar i andelen felte hodyr som førte til ein sannsynleg morlaus kalv mellom enkelte av regio-nane. Hos elg var andelen ML i region Hedmark signifikant lågare enn i Oppland. Hos hjort var andelen ML i region Vestfold/Telemark signifikant høgare enn for Hordaland, Sogn og Fjordane og Sør-Trøndelag. Samanlikna med dei rekonstruerte etterjaktsbestandane av kalvar, represen-terte dei morlause kalvane 1,5-1,7 % og 1,7-1,9 % av alle attlevande kalvar hos omsynsvis hjort og elg. Resultata ovanfor har ikkje tatt omsyn til at ein del morlause kalvar vert felt på eit seinare tidspunkt i jakta. Resultata frå denne undersøkinga viser at morlause kalvar utgjer ein svært liten del av den totale kalvebestanden etter jakt. Tydelege regionale forskjellar viser likevel at det er viktig å vidareføre det haldningsskapande arbeidet, og gjennom kvotesystemet legge til rette for at jakta resulterer i så få morlause kalvar som råd. Det er også viktig at fleksibiliteten knytt til fleirårige bestands-planar, inkludert dei interne muligheitene for overføring av løyver og felte dyr innan planområdet, vert utnytta på ein god måte slik at morlause kalvar alltid kan fellast.nb_NO
dc.description.abstractAvoid shooting mothers from calves. This is a well-established basic attitude among today’s moose and red deer hunters, and is thoroughly pointed out during the obligatory training of new hunters. For various reasons, orphaning still occurs. Earlier investigations have found that the loss of maternal care might have negative consequences related to growth and survival of calves. If the extent of such calves becomes large, this might have direct negative consequences for population trends related to body weight and productivity measures. A number of municipalities are involved in the national monitoring program for cervids. In these areas, hunters collect both physical material as well as relevant information from shot animals. Our investigation benefitted from these data. Across years and regions, the collected monitoring material represents on average 83 % of all adult red deer hinds and 74 % of all adult moose cows shot during the hunt. For adult females, hunters are asked to record whether shot individ-uals were accompanied by calves, and whether the calf/calves also were shot. If coupling be-tween mothers and their offspring has not been sufficiently identified by the hunters, linkages between mothers and potential offspring candidates can be substantiated on the basis of coin-ciding shooting dates and identical hunting fields. We wanted to use this hunter-based infor-mation to estimate the extent of orphaned calves in the post-harvest population of moose and red deer. For moose, data with the needed resolution was available for most monitoring municipalities for the period 2006-2014. The equivalent time series for red deer covered the period 2008-2014. We utilized data from all adult females where date of shooting, hunting field and the number of accompanying calves (0, 1 or 2) was known. Such information was available for 67 % of the adult red deer hinds and 77 % of all adult moose cows in the monitoring material. If shot females accompanied by a calf/calves could not be coupled with either a hunter-identified calf, or a likely offspring candidate based on shooting date and hunting field, they were categorized as ML (likely orphaned calf). The number of ML divided by the total number of adult females with information about the number of accompanying calves, gave us the likely proportion of adult shot females leading to an orphaned calf in a given municipality and year. To relate the extent of orphaned calves to the post-harvest calf population, we used information from previous population recon-structions. Across regions and years, we found that 7 % of all adult moose females and 8 % of all adult red deer hinds harvested led to orphaned calves. There were no significant differences between species. For moose, we found a significant reduction in the proportion of ML during the period studied. No trend development was detectable in the red deer data. The material from both spe-cies, showed significant differences in the proportion of ML between regions. For moose, the proportion ML in Hedmark was significantly lower than in Oppland. For red deer, the proportion of ML in the region Vestfold/Telemark was significantly higher than in Hordaland, Sogn and Fjor-dane and in Sør-Trøndelag. The calculated number of orphaned calves represented 1.5-1.7 % and 1.7-1.9 % of the post-harvest calf population in red deer and moose respectively. These results have not taken into account that some of the orphaned calves are likely shot later in the hunting season. Our results show that orphaned calves represent a very small proportion of the total post-harvest calf population. Clear differences between regions still emphasize that continued focus on atti-tude forming activity together with a quota systems that arrange for a harvest resulting in as few orphans as possible, is still important. It is also important that the flexibility related to perennial management plans, including the opportunity to reallocate licenses or culled animals between hunting fields with a shared management plan, is practiced so that orphaned calves can always be harvested.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.relation.ispartofseriesNINA Rapport;1197
dc.subjectNorgenb_NO
dc.subjectelgnb_NO
dc.subjecthjortnb_NO
dc.subjectjaktnb_NO
dc.subjectforvaltningnb_NO
dc.subjectmorlause kalvarnb_NO
dc.subjectNorwaynb_NO
dc.subjectmoosenb_NO
dc.subjectred deernb_NO
dc.subjecthuntingnb_NO
dc.subjectmanagementnb_NO
dc.subjectorphaningnb_NO
dc.subjectNINA Rapport
dc.titleOmfang av morlause kalvar etter jakt på elg og hjortnb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.source.pagenumber27 s.nb_NO
dc.relation.projectMiljødirektoratet: M-485|2016nb_NO
dc.description.localcode© Norsk institutt for naturforskning. Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelse.nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • NINA Rapport/NINA Report [2019]
    NINAs vanligste rapporteringsform til oppdragsgiver etter gjennomført forsknings-, overvåkings- eller utredningsarbeid.

Vis enkel innførsel