Avlsprogrammet for fjellrev. Årsrapport 2013.
Landa, Arild Magne; Ulvund, Kristine R.; Eide, Nina Elisabeth; Flagstad, Øystein; Meås, Roger; Andersen, Roy; Thierry, Anne-Mathilde
Research report
View/ Open
Date
2014Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2350]
- Publikasjoner fra CRIStin - NINA [2411]
Original version
Landa, A., Ulvund, K., Eide, N. E., Flagstad, Ø., Meås, R., Andersen, R., Thierry, A.-M. 2014. Avlsprogrammet for fjellrev. Årsrapport 2013. – NINA Rapport 1029. 78 s.Abstract
Avlsprogrammet for fjellrev starta i den noverande forma i 2005 på avlsstasjonen på Sæterfjellet (Oppdal). Stasjonen er basert på maksimering av trivsel for dyra, med store hegn i naturlig fjellrevhabitat og minst mogleg handtering av avlsdyr. Programmet byggjer på innfanga kvalpar frå naturen, med ei geografisk spreiing som speglar den genetiske variasjonen som er att i Noreg og Sverige. I 2013 vart det henta inn tre nye kvalpar til avlsstasjonen. Totalt er det henta inn 27 fjellrevkvalpar fødd i det fri til programmet (inklusiv fire som synte seg å ha farmrevopphav).
Vinteren 2012/2013 var det sju par på stasjonen. I tillegg vart eit nytt par sett inn i avl på vårparten. Dette var ei tispe (AF0255) og ein hann (AF0246) frå 2012-produksjonen. Sju av dei åtte para på stasjonen fekk kvalpar våren 2013, og det vart registrert 45 kvalpar totalt. Eit kull (4 kvalpar) leid tidleg mortalitet. Kulla varierte i storleik (4–11).
Vinteren 2013/2014 vart det sett ut 7 kvalpar i Junkeren og 30 kvalpar på Hardangervidda, og totalt er det no sett ut 247 kvalpar frå avlsprogrammet sidan 2006. Av 210 sett ut til og med vinteren 2012/13 er 92 er funne att i datamaterialet ein eller fleire gongar etter 1. april det året/vinteren dei vart sett ut. Gjennomsnittleg over alle år gir dette ei minimum overleving frå utsetjingsåret til året etter på 43 %, men det er stor variasjon i overleving mellom år. Dette heng truleg saman med svingingane i smågnagarbestandene. Fordi registreringsmetodane er ufullstendige er overlevinga truleg underestimert.
Det vart registrert 24 ynglingar av fjellrev i Noreg i 2013, og eit minimum tal på 143 valpar. Av desse vart 17 kull med totalt 108 kvalpar merkte av avlsprosjektet. Observasjonar og DNA-analyser synte at minimum 16 av dei merka kulla har minst ein forelder som er sett ut frå avlsprogrammet eller er avkom av utsette revar. Høge slektskapskoeffisientar sannsynleggjer at det totale talet 2013-kull som kan førast attende til avlsprogrammet er 19. Årsaka til usikkerheit om slektskap i tre av kulla skuldast truleg at det tidlegare år i Dovrefjell har vore ynglingar som ikkje har vorte registrerte. I tillegg kjem fire svenske kull der revar frå avlsprogrammet er involvert.
I 2013 har vart det plassert ut ni transponderlesarar (Biomark) i utvalde fôrautomatar i Snøhetta, Knutshø og Finse. Dette systemet synest å virke svært godt. Så langt er 38 individ registrert på lesarane. Av desse er 26 kvalpar som vart fødd sommaren 2013. Resultata syner at kvalpane kjem ifølgje med ein eller begge foreldra. Biomark-leserane gjev også spanande informasjon om vandringar hjå kvalpane. To av kvalpane på eit hi (Sandå 1507) på Finse vart i oktober registrert på ein fôrautomat 4,3 km frå hiet. Fire andre kvalpar i Snøhetta har i oktober/november vorte registrert på fôrautomatar som ligg frå 8–16 km frå hiet dei vart merka på.
Avlsprogrammet har på få år synt seg som ein svært viktig faktor for vellukka reetablering, individutveksling og bestandsvekst i den skandinaviske fjellrevbestanden. Dovrefjell-bestanden har gått frå å vera utdøydd til å bli Noregs største fjellrevbestand. Med fire ynglingar på Finse ser også dette delområdet ut til å vera på god veg til å reetablerast. Finsebestanden heng tett i hop med Hardangervidda og utsetjing her er difor ein naturleg vidareføring av prosjektet. Storleik og historiske data tyder på at Vidda har eit stort potensiale som fjellrevområde dersom ein lukkast med ei re-etablering her.
Fjellrev i Noreg, Alopex lagopus, avlsprogrammet, utsetjing,
bevaring, Arctic fox in Norway, Alopex lagopus, captive breeding program, re-introduction, conservation The Arctic fox captive breeding program was established in its current form in 2005, when the
building of the breeding station at Sæterfjellet (Oppdal, central Norway) was completed. The
philosophy behind the captive breeding program is to maximize the wellbeing of the animals
within large enclosures of natural arctic fox habitat combined with a minimum of handling. The
breeding stock is based on cubs captured in the wild, representing the remaining genetic variation
in Scandinavia. In 2013, three wild born cubs were added to the breeding stock – for a total
of 27 breeding individuals since the beginning of the program.
During winter 2012/2013, the breeding station housed seven couples. One additional pair originating
from the breeding station was included in the breeding stock in spring. Seven of the
eight couples gave birth to a total of 45 cubs. The litter size varied (4–11) and one whole litter
of four suffered mortality.
The 2013-born cubs were released during February 2014 (7 in Junkeren and 30 on the
Hardangervidda plateau). The number of released individuals since 2006 adds up to 247. Of
the 210 animals released before 2014, 92 have been sighted one or more times after the 1
st of
April of release year, resulting in an average first year survival of 43 %. However, large variations
among years have been recorded (18–72 %). Survival seems to be connected to changes
in small rodent abundance, but reported first year survival is likely underestimated because
of incomplete detection of individuals.
A minimum of 143 wild-born Arctic fox cubs in 24 litters was recorded in Norway in 2013. Of
these, 108 cubs of 17 litters were captured and marked. Direct observations and DNAanalyses
revealed that a minimum of 16 litters, and up to 19, had at least one or both parents
originating from the breeding program. Some uncertainties of pedigree within three of the litters
indicate that unrecorded breedings have taken place in previous years within the Dovre mountain
plateau. 4 litters in Sweden are also assumed to have at least one parent originating from
the captive breeding program.
During 2013, nine transponder readers (Biomark) were placed at selected food dispensers
within three mountain plateaus Snøhetta, Knutshø, and Finse. This system seems to be working
very well. So far, 38 different individuals have been recorded one or more times by the
readers. Among these, 26 cubs were born during summer 2013 and visited food-dispensers
together with one or both parents. The Biomark readers have allowed to record exciting information
of fox movements, especially among the cubs. Six cubs from two different litters have
been recorded on foraging trips 4–16 km away from the maternal den during October–
November (at 6–7 months of age).
In just a few years, the breeding program has proved to play an important role in the conservation
of the highly endangered Scandinavian populations of Arctic foxes. The Dovre mountain
plateau population has gone from extinct to being Norway’s largest population. Four breedings
of foxes released in Finse give hope for successful fox reestablishment in this area. The release
of foxes in Hardangervidda appear as a natural continuation of the program, because of
its geographical connection with Finse. Area size and historical data on arctic fox distribution in
the region suggest a great potential for Hardangervidda to host Arctic foxes – given a successful
establishment of released foxes.