Fiskebiologiske undersøkingar i Toåa. Ungfiskundersøkingar og gytefiskregistreringar i 2014
Research report
View/ Open
Date
2015Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2375]
- Publikasjoner fra CRIStin - NINA [2411]
Abstract
Som ei oppfølging av tidlegare undersøkingar i perioden 2009-2011, vart det i 2014 gjennomført ungfiskundersøkingar og gytefiskteljingar i hovudstrengen av Toåa. I slutten av august 2014 vart det gjennomført elektrisk fiske på 14 stasjonar fordelt over mesteparten av lakseførande strek-ning mellom Storfossen og flopåverka område ved Halsbrua. Det vart fanga til saman 355 laks-ungar, 243 aureungar, fire skrubber og ein ål, og det vart funne fire aldersgrupper av laks og fire aldersgrupper av aure. Ungfiskbestanden av laks var dominert av årsyngel og eittåringar, med mindre innslag av toåringar og minimalt innslag av treåringar. Ungfiskbestanden av aure var dominert av årsyngel med minkande innslag av eittåringar og eldre ungfisk.
Årsyngel av aure vart funne på alle dei undersøkte stasjonane, mens årsyngel av laks vart funne på tolv av stasjonane. Størst tettleik av laksyngel vart funne på dei sju øvste stasjonane der tettleiken varierte mellom 11 og 27 yngel per 100 m2. Tettleiken av aureyngel varierte langt meir, og det var ingen klåre skilnader mellom øvre og nedre del av undersøkingsområdet. Lakseparr vart fanga på alle undersøkte stasjonar i motsetnad til aureparr som ikkje vart fanga på to av stasjonane. Middels tettleik av lakseparr var vesentleg høgare enn tettleiken av aureparr (respektive 29,6 og 7,3 individ per 100 m2). Generelt sett var det vesentlige høgare tettleik av lakseparr i nedre enn i øvre del av undersøkingsområdet.
Under gytefiskteljinga i november 2015 vart det registrert til saman 73 laksar og åtte sjøaurar i hovudstrengen av Toåa. Dette tilseier ein estimert minimumstettleik på 10,4 laks og 1,1 sjøaure per kilometer elvestrekning. I likskap med haustane 2009 og 2010 var det observert spesielt mykje gytelaks i området ved Ramsøya. Lågast førekomst av gytelaks vart registrert på strek-ninga mellom Laksesteinen og Skulebrua. På grunn av vanskelege felttilhøve vart gytefisktel-jinga gjennomført ein del seinare enn i tidlegare år. Dei få observasjonane av sjøaure skuldast mest truleg at gytefiskteljinga vart gjennomført etter at mesteparten av sjøaure hadde gytt og vandra ut av vassdraget. Talet på registrerte gytelaks er truleg også lågare enn det verkelege nivået, sidan det var relativt dårlege observasjonstilhøve i nedre del av undersøkingsområdet.
Ut frå jamn fordeling i vassdraget, relativt høge tettleiker av ungfisk og registrering av alle aktuelle aldersgrupper av laks og aure, synest det å ha vore ein brukbar rekruttering hos begge artar i seinare år. Datagrunnlaget er ikkje eigna for å gjera sikre analysar av om det har skjedd ei end-ring sidan undersøkingane i perioden 2009-2011. Det er derfor uvisst om det aktuelle gytemålet på 2 egg per m2 er nådd hos laks. Ei samanlikning av resultata frå ungfiskundersøkingane i 2011 og 2014 tyder likevel på at det har vore ei betring i rekrutteringa hos laks og aure i dei seinare åra.
Toåa, Surnadal i Møre og Romsdal, laks,sjøaure, vassdragsregulering,ungfisk, gytefisk, Elektrisk fiske, statusrapport, fisketeljing