• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Norsk institutt for naturforskning
  • Publikasjoner fra CRIStin - NINA
  • View Item
  •   Home
  • Norsk institutt for naturforskning
  • Publikasjoner fra CRIStin - NINA
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Forsøk med trål og ekkolodd i Mjøsa, 2012

Gjelland, Karl Øystein; Rustadbakken, Atle; Haugen, Thrond O; Sandlund, Odd Terje
Research report
Thumbnail
View/Open
927.pdf (5.593Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/226954
Date
2013
Metadata
Show full item record
Collections
  • NINA Rapport/NINA Report [1815]
  • Publikasjoner fra CRIStin - NINA [1722]
Abstract
Trål har i liten grad vore brukt ved undersøkingar av fiskesamfunn i norske innsjøar. Gjennom

innføringa av Vanndirektivet har Norge forplikta seg til meir regulær oppfølging av den økologiske

tilstanden i større vassførekomstar. Tettleik, rekruttering, artsfordeling og vekst hjå fisk er

alle parametrar der ein kan forvente relativt rask respons på miljøendringar. Det er derfor viktig

å ha datainnsamling med verktøy som gjev eit mest mogeleg representativt bilete av fiskebestandane.

Ekkolodd er det viktigaste instrumentet for fiskemengdemåling i dag. Samanlikna

med prøvefiskegarn som berre gir relative tettleiksmål som fangst per innsats, gir ekkoloddet

kvantitative mål på fiskemengde per overflateareal og vassvolum. Men ekkoloddet gir ikkje direkte

informasjon om art, og data frå ekkoloddkøyringar må derfor alltid supplerast med data

frå ein eller fleire fangstmetodar. I denne samanheng er trål ein viktig reiskap. Tråling gjev

både biologisk materiale og kvantitativ informasjon om fisketettleik, samt at den kan fange godt

på liten fisk som er vanskeleg å fange med garn. Målet med denne undersøkinga var å skaffe

erfaring med tråling med ein ny og lett trål tilpassa ferskvassbruk. Samtidig ville me gjere undersøkingar

med garnfangsting med multigarn, og bruk av fleire ekkolodd og frekvensar for å

vurdere samsvaret dei imellom.

Undersøkinga blei gjennomført i Mjøsa, sør for Mjøsbrua 11.-14. september 2012. Det vart

køyrt trål og ekkolodd (70 og 200 kHz) i tre netter og fiska med garn i to netter. Trål og flytegarnfisket

blei gjennomført i djupneintervalla 0-6 m og 15-22 m. Samla var fangstane 805 fisk i

trålen, 305 fisk i flytegarna, og 413 fisk i botngarn. Drøftinga av resultata fokuserer på den pelagiske

fisken. Trålfangsten og garnfangsten utfyller kvarandre. Trålen fanga godt på 0+ krøkle,

som ikkje vart fanga på garn. Samstundes fanga trålen lite fisk >15 cm, storleikar som utgjorde

ein stor del av garnfangsten. Med berre ein av metodane (trål eller garn) ville me fått eit mykje

dårlegare bilete av fiskesamfunnet. Fangstane i pelagialen var dominerte av krøkle. Grovt estimerte

tettleikar ut frå trålfangstane var i same storleiksorden som akustisk estimerte tettleikar.

Både i fangstar og med ekkolodd observerte me ein storleiksstrukturert fiskebestand. I storleiksfordelinga

frå fangstane observerte me ein topp kring 30-35 cm beståande av sik, ein kring

19-23 cm beståande av lagesild og stor krøkle, ein topp kring 12 cm (krøkle), samt ein topp

kring 5 cm (0+ krøkle). Tilsvarande var det fire toppar i ekkostyrkefordelinga, men ingen av dei

vanleg brukte regresjonane mellom lengde og ekkostyrke gav god tilpassing mellom fiskelengde

og ekkostyrke for alle toppane. Me observerte tydelege habitatskilnader mellom ulike artar

og storleiksgrupper både i fangstar og med ekkolodd, ein klar indikasjon på at observasjonar

med ekkoloddet kan brukast til å indikere ulik habitatfordeling mellom ulike storleiksgrupper og

artar i fiskesamfunnet. Me fann vidare godt samsvar mellom resultata frå dei ulike ekkolodda

(to 70 kHz og eit 200 kHz). Som forventa kunne 200 kHz også brukast til å skilje Mysis frå fisk.
Publisher
Norsk institutt for naturforskning (NINA)
Series
NINA Rapport;927
Copyright
Norsk institutt for naturforskning (NINA)/Norwegian institute for nature research (NINA)

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit