Fosen-saka og norsk utmarksforvaltning i det grøne skiftet. Trong for nye verkemiddel?
Journal article
Åpne
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3120096Utgivelsesdato
2024Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Tidsskriftet Utmark [67]
Sammendrag
Artikkelen gjer greie for innhaldet i Fosen-dommen og naturavtalen, og enkelte andre sentrale utviklingstrekk for forvaltning av utmarksareal i det grøne skiftet. Fosen-dommen er ei viktig påminning om at ein må sjå arealinngrep som kan påverka samiske interesser i samanheng både i innhald og over tid. På liknande vis uttrykkjer naturavtalen at naturomsynet må integrerast hjå ulike aktørar og i ulike prosessar som vedkjem naturen. Ei rekkje ulike rettslege faktorar påverkar utmarksforvaltninga og energiressursane i det grøne skiftet, og det er trong for nye verkemiddel for å ivareta heilskapsomsyn. Eit mangfald ulike verkemiddel kan tenkjast for å ivareta ei meir heilskapleg forvaltning av energiressursane. Døme på verkemiddel som kunne ha vore utvikla vidare er bruk av omsynssonar i plan- og bygningslova, og at forvaltninga sjølv søker å organisere arbeidet sitt slik at dei i større grad får høve til å sjå arealtiltak i samanheng også etter sektorlovverket. For å ivareta heilskapsomsynet i større grad kunne ein ikkje minst tenkt seg at det vart utarbeida tydelegare materielle grunnlag for bruk av motsegn aleine ut frå at gode energiressursar var kartlagt i eit bestemt område. Omsyn som talar mot ei slik utvikling er at det kan gripe langt inn i det kommunale sjølvstyre. Ein kan på den andre sida tenke seg område der energibehovet er stort, energiressursane er gode, og det er samiske interesser eller andre interesser som berre toler at ei viss mengd arealinngrep kjem i området. For slike situasjonar kan det tenkjast at ein for å leggje til rette for å nå dei overordna klimamåla og dekka energibehovet, kunne ha særleg nytte av å utvikla det materielle grunnlaget, som synleggjer energiressursar som krev heilskapstenking. På denne måten kan energistyresmaktene i større grad nytta motsegn for å unngå framtidige konfliktar. This article explains the content of the Fosen-judgment and the convention on biological diversity, and other key characteristics of the development of the management of the Norwegian outfields. The Fosen-judgement is an important reminder that land encroachment that affect Sami interests must be considered holistic both when it comes to severity and time. A number of different legal factors affect the management of the Norwegian outfields and the energy resources in the green shift, and it seems timely to discuss the need for new measures to ensure a holistic approach. Different means of action could be developed to support a more holistic or integrated management of the energy resources. Examples are to develop the use of “omsynssone” a tool to make authorities, building contractors etc. aware of certain characteristics of the area, and that the administration seeks to organize its work in ways that give better opportunities to see area measures in a holistic manner. To support the holistic approach, one could argue that a clearer legal basis for the use of countermeasures (“motsegn”) could be useful. A useful manner or direction to develop this measure could be to accept the use of countermeasures solely based on the identification of abundant energy resources in a specific area. However, it is essential to acknowledge that such a development would typically contradict to consideration of the municipal self-government. Such measures could be especially useful in areas where the need for energy is great, the energy resources are good, and there are Sami interests or other interests that only tolerate a certain level of land encroachment. For such situations it could be particularly useful to develop the material basis for countermeasures to avoid future conflicts.