Eit sosial-ontologisk perspektiv på konfliktane i utmarka
Journal article
View/ Open
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
- Tidsskriftet Utmark [67]
Abstract
«KAMPEN OM utmarka» var tittelen på den nasjonale temakonferansen som Norsk Bonde- og Småbrukarlag inviterte til på Gardermoen seinhausten 2022. Nett den tittelen var sjølvsagt ikkje tilfeldig, tvert om speglar den kjensla jamt fleire beitebrukarar i utmarka opplever om dagen, dei opplever at det går føre seg ein kamp om kva utmarka er og kva den skal vere. Denne artikkelen handlar nettopp om kva utmarka er. Den handlar om kva me grunnleggande sett snakkar om når me snakkar om utmark. Sagt på ein annan og litt meir filosofisk måte så handlar artikkelen om utmarkas sosiale ontologi og om korleis nett denne ontologien spelar seg ut i den daglege praksisen og forvaltinga av utmarka. Forfattarane argumenterer for at etter fleire tusen år med agrar dominans der jordbrukets interesser og behov har vore mesta einerådande, er det no forskjellige og konkurrerande ontologiar om kva utmarksområda eigentleg er. Med dette melder også spørsmålet seg om me i det heile teke kan og bør snakka om utmark lenger i forvaltning, forsking og politikk. For det kan skjula og tåkelegga, meir enn det klargjer for dei mange konfliktane som finn stad. Today, and for quite some time now across those vast land areas in Norway that have traditionally been understood as outfields, an ongoing debate surrounds the definition about what the outfields should be. This article aims to explore what the outfields are, delving into the fundamental concepts that underlie discussions about them. To put it more philosophically, the article is about the social ontology of the outfields, examining how various ontologies are shaped and is acted in everyday practices in the areas that most of us still refer to as the outfield. The authors argue that, after several thousands of years dominated by agrarian practices where farmers had considerable control over the use of outfields, there are now competing and diverse ontologies emerging in these areas. This realisation raises the question of whether it is still relevant to discuss outfields in research and policy making. The concern is that doing so may confuse and obscure current uses, interests and practices and the conflicts related to them.