dc.description.abstract | Den 15. mars i 2016 fant nokre NINA-forskarar ei døyande reinssimle i Nordfjella villreinområde. Etter obduksjon vart det påvist at simla døydde av sjukdomen Chronic Wasting Disease (CWD), også kalla skrantesjuke på norsk. Dette essayet er basert på retrospektive samtalar med lokale fjellfolk, villreinjegerar og andre knytt til villreinforvaltinga i lokalsamfunna kring Nordfjella. Essayet skildrar korleis oppdaginga av skrantesjuka, forhandlingane om tiltaka, og til sist, uttaket av all villrein i sone 1 i Nordfjella som vart avslutta i februar 2018, skaka dei lokale fjellfolka. Samtalane vart gjennomført seinhausten 2021, meir enn fem år etter oppdaginga av skrantesjuka, då hadde fjella vore tomme for villrein i tre og eit halvt år. Essayet syner oss at slike alvorlege skakingar pregar menneskjer og ikkje minst pregar det forholdet mellom menneskjer. Analysen vert presentert i seks stadium og dreg vekslar på Elisabeth Kübler-Ross sine empirisk baserte teoriar om sorgarbeid knytt til pasientar og pårørande etter at ei dødeleg diagnose er stilt. Essayet konkluderer med at om me ønskjer å ivareta den historisk sett høge og viktige tillita mellom lokale og sentrale aktørar i naturforvaltinga framover treng me å lage rutinar og bygge opp kompetanse for sorgterapi i møte med framtidige naturkriser. | en_US |
dc.description.abstract | On the 15th of March 2016, some NINA researchers found a dying reindeer in the Nordfjella wild reindeer area. After an autopsy, it was proven that the reindeer had died of Chronic Wasting Disease (CWD). This essay is based on retrospective interviews with local mountain people, reindeer hunters and others connected to reindeer management in the local communities surrounding Nordfjella. The essay describes how the discovery of the disease, the subsequent negotiations about which measures to take, and finally, the culling of all wild reindeer in zone 1 in Nordfjella, which was completed in February 2018, shook the local mountain people. The interviews were carried out in the late autumn of 2021, more than five years after the discovery of the CWD, when the mountains had been emptied of wild reindeer for three and a half years. The essay underlines that such severe shock affects people and, not least, it affects the relationship between people. The analysis is presented in six stages and draws alternately on Elisabeth Kübler-Ross's empirically based theories about grief work linked to patients and their families after a terminal diagnosis has been made. The essay concludes that if we wish to safeguard the trust between local and central actors in nature management in the future, we need to create routines for, and build up competence in, grief therapy in the face of natural crises. | |