Taksering av fjellrype med drone. Pilotstudie hausten 2023
Research report

View/ Open
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2411]
Abstract
Hilde, C.H. & Molværsmyr, S. 2024. Taksering av fjellrype med drone. Pilotstudie hausten 2023. NINA Rapport 2521. Norsk institutt for naturforskning
I dette pilotprosjektet har vi undersøkt om drone med termisk kamera eignar seg for taksering av fjellryper. Under gode forhold var det relativt enkelt å oppdage fjellryper opp til 120 meter over bakkenivå. På grunn av låg tettleik av fjellryper i studieområdet og tidvis dårleg vær, blei færre ryper enn ønskeleg observert. Ingen av dei observerte fjellrypene flykta ved droneoverflyging, men enkelte viste teikn til stress når drona stilla over dei.
For å avgjere om drone med termisk kamera er ein eigna metode for å taksere fjellryper i Norge, krevst det ytterlegare undersøkingar. Prosjektet viser at metoden kan være nyttig for å observere og kartlegge fjellryper i høgfjellet, men det er framleis usikkert kor god oppdagbarheit metoden har. For å estimere oppdagbarheit bør ein utføre gjentatte målingar i same transekt og samanlikne funna med eksisterande metodar som linjetaksering til fots eller i områder med GPS-merka ryper.
Taksering av fjellryper med drone er foreløpig på eit tidleg stadium, men dette prosjektet antydar at metoden kan være effektiv. Vidare utvikling av metodikken er naudsynt for å kunne skalere opp og effektivisere taksering over større områder. I dette prosjektet blei identifisering av ryper utført in situ mens drona følgde førehandsprogrammerte transekt, og i tillegg ble alle bilete gjennomgått manuelt i ettertid, noko som er tidkrevjande. Å trene opp kunstig intelligens til å identifisere ryper på bilete kan effektivisere arbeidet. I tillegg har dronedata potensialet til å kartlegge fleire aspekt av økosystemet til fjellrypene ved f.eks å identifisere andre artar og registrere vegetasjonstypar i høgfjellet.