Overvaking av kongeørn i Noreg 2024. Resultat frå 12 intensivt overvaka område
Research report
View/ Open
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
- NINA Rapport/NINA Report [2399]
Abstract
Tovmo, M. Mattisson, J. & Kleven, O. 2024. Overvaking av kongeørn i Noreg 2024. Resultat frå 12 intensivt overvaka område. NINA Rapport 2531. Norsk institutt for naturforskning.
Overvaking av kongeørn (Aquila chrysaetos) inngår i det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt, og er organisert i to hovuddelar; intensiv og ekstensiv overvaking. I denne rapporten vert resultata for dei intensivt overvaka områda i 2024 presentert. Hovudfokus for alle område er territoriestatus og ungeproduksjon, og korleis ungeproduksjonen utviklar seg over tid. Basert på DNA-analyser frå innsamla DNA-materiale frå reirlokalitetar, estimerer vi òg årleg vaksenoverleving på Finnmarksvidda og i Fauske.
Den intensive overvakinga av kongeørn vert gjennomført i 12 utvalde intensivområde. Desse områda er valt for å få ei god dekning av landet i både nord-sør- og kyst-innlandsgradienten. I kvart av intensivområda er det 15 faste territorium, som vert følgde opp med fleire årlege besøk for å kartleggje hekkestatus i territoriet og ungeproduksjon. I to intensivområde vert det i tillegg samla inn DNA-materiale frå territoria for å overvake eventuelle endringar i den årlege vaksenoverlevinga. Seks av intensivområda har vore overvaka sidan 1990-talet gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV).
Resultata frå årets intensive overvaking av kongeørn viser at det i 2024 vart registrert 46 vellykka hekkingar med totalt 58 ungar eldre enn 50 døgn, og ein gjennomsnittleg produksjon per territorium på 0,32 ungar eldre enn 50 døgn. Dette er høgare enn i 2023, med 50 ungar eldre enn 50 døgn fordelt på 44 vellykka hekkingar, og ein gjennomsnittleg produksjon per territorium på 0,28 ungar eldre enn 50 døgn.
Produksjon av ungar varierte både mellom år og område. I åra 1992–2012 vart det produsert i gjennomsnitt 0,44 (95 % KI: 0,40–0,48) ungar per territorium per år i dei seks TOV-områda, og ein lineær modell syner ein statistisk signifikant nedgang på 29 %, frå 0,52 (95 % KI: 0,43–0,63) i 1992 til 0,37 (95 % KI: 0,13–0,47) i 2012. I perioden 2013–2024 vart det produsert færre ungar per territorium i gjennomsnitt i både TOV-områda (0,30, 95 % KI: 0,26–0,34) og i dei resterande seks intensivområda (0,31, 95 % KI: 0,27–0,35), men til skilnad frå tidlegare år var produksjonen stabil i denne perioden.
DNA-analysar av mytefjør og prøver frå ungar påviste i 2024 18 ulike vaksne individ (6 hannar og 12 hoer) i intensivområdet Finnmarksvidda og 14 ulike vaksne individ (6 hannar og 8 hoer) i intensivområdet Fauske.
Årleg overleving for vaksen kongeørn vart estimert til 0,89 (95 % KI: 0,85–0,92) på Finnmarks-vidda i perioden 2012–2024 og til 0,84 (95 % KI: 0,76–0,89) i Fauske i perioden 2015–2024. Det var ingen skilnad i estimert overleving mellom år korkje på Finnmarksvidda eller i Fauske. Tovmo, M. Mattisson, J. & Kleven, O. 2024. Monitoring of Golden Eagle in Norway 2024. Results from 12 intensively monitored areas. NINA Report 2531. Norwegian Institute for Nature Research.
Monitoring of Golden Eagle (Aquila chrysaetos) is a part of the National large predator monitoring program in Norway and is organised into two parts: intensive and extensive monitoring. This report presents the results of the intensive monitoring in 2024. The primary focus across all areas is on breeding status for the territories and production of fledglings, as well as the temporal trends in these parameters. Based on DNA analysis of collected material from nest sites and perch trees, we also estimate annual adult survival rates in two areas: Finnmarksvidda and Fauske.
The intensive monitoring of Golden Eagles is conducted in 12 designated monitoring areas. These areas were selected to provide representative coverage across the country, spanning both north-south and coastal-inland gradients. Within each intensive area, 15 fixed territories are monitored, with multiple annual visits to assess territorial occupancy and production of fledglings. In two of these areas, DNA-samples from eagles are also collected to monitor potential changes in annual adult survival rates. Six of the intensively monitored areas have been continuously monitored since the 1990s as part of the terrestrial monitoring program (TOV).
In 2024 we documented 46 successful breeding pairs, producing a total of 58 fledglings older than 50 days, yielding an average production of 0.32 fledglings per territory. This represent an increase compared to 2023, where 50 fledglings older than 50 days were produced from 44 successful breeding pairs, with an average production of 0.28 fledglings per territory.
Production of fledglings fluctuates both across monitoring areas and years. In the six TOV-areas (1992-2012), an average of 0.44 fledglings were produced per territory and year (95 % KI: 0,40–0.48) and a linear model indicated a significant decline of 29% from 0.52 (95 % KI: 0.43–0.61) fledglings per territory in 1992 to 0.37 (95 % KI: 0.13–0.47) in 2012. From 2013 to 2024, we observed a lower average annual production of fledglings both in the TOV-areas (0.30, 95 % KI: 0.26–0.34) and in the other six monitoring areas (0.31, 95 % KI: 0.27–0.35) though in contrast to previous years, production remained stable during this period (2013-2024).
DNA-analysis of moulted feathers and samples from offspring in 2024 identified 18 adult individuals (6 males and 12 females) in the intensively monitored area Finnmarksvidda and 14 adult individuals (6 males and 8 females) in the intensively monitored area Fauske.
Annual survival estimates for adult Golden Eagle were 0.89 (95 % CI: 0.85–0.92) in Finnmarksvidda during the period 2012–2024 and 0.84 (95 % CI: 0.76–0.89) in Fauske during the period 2015–2024. There were no differences in survival estimates between years, either in Finnmarksvidda or Fauske.