Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorJordhøy, Per
dc.contributor.authorHole, Runar
dc.contributor.authorSørensen, Raymond
dc.contributor.authorHage, Endre
dc.contributor.authorEnge, Edgar
dc.contributor.authorWinther, Erik
dc.contributor.authorFinstad, Espen
dc.date.accessioned2020-02-20T14:42:39Z
dc.date.available2020-02-20T14:42:39Z
dc.date.created2012-06-11T10:09:32Z
dc.date.issued2012
dc.identifier.isbn978-82-426-2133-7
dc.identifier.issn1504-3312
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2643043
dc.description.abstractJordhøy, P., Hole, R., Sørensen, R., Hage, E., Enge, E., Winther, E. & Finstad, E. 2012. Gamal villreinfangst i Rondane. Dei store fangstgroprekkene i høve til villreintrekk og beite. – NINA Rapport 872. 63 s. + vedl. Hovudmålsettinga med prosjektet er å nytta historiske fangstminne til å kaste ljos over jak-ta og fangsten på villrein over ein lang tidsakse, og kva haldepunkt dette kan gje om mønsteret i reinen sin pulserande arealbruk. Gjennom dei siste 50 åra er det kartlagt ei stor mengd gamle fangstminne i Rondane. Det er i fyrste rekke Edvard K. og Sonja Barth som har studert og dokumentert fangstanlegga her, men fjelloppsynsmennene i området har også samla inn mykje fangstminnedata. Dei siste 10 åra har mange anlegg vorte målt inn på nytt i regi av NINA etter ein standard prosedyre. Ved hjelp av GPS har ein fått kartfesta anlegga nøye. I alt er 12 større fangstgropanlegg kartlagt. Vi har også målt inn eit ”nytt” rusefangstanlegg, samt 4 som er kjente frå før og godt dokumentert. Mindre fangstanlegg er skildra summarisk for å gje eit oversyn over alle kjente fangstminne i Rondaneregionen. Mangfald og mengde av anlegg er stort og lokaliseringa av anlegga fortel oss at det tidlegare har vore stor utveksling av rein over aksen frå det sørlege Rondane og inn mot fjellmassiva i nordvest. Sentralt i sørområdet, i Samdalen – Trolldalen, er det til dømes registrert heile 285 fangstgroper. Det er ei av fleire fangstgroprekker som strekkjer seg frå nede i fjellskogområda til inn på snaufjellet. Storleiken på gropene tyder på at dei lågastliggande delane av anlegget har fanga på elg, medan dei høgstliggande har fanga på rein. Ein kan og stille spørsmålet om det har vore kombinert fangst av både elg og rein i delar av anlegget. Fangstsystema i nord og nordvest viser og at det har vore store trekk mellom Rondane og Knutshø – Snøhetta – Sølnkletten (Dovreanlegget og Fallet–Streitlie). Sentrale og vestlege delar av Snøhettaområdet har relativt høg nedbør og rike sommarbeite, dei austlege delane av dette området og dei nordlege delane av Rondane har lite nedbør og her dominerer vinterbeite (lav). Sørover frå Rondanemassiva aukar nedbøren og omfanget av sommarbeite, ofte i form av myrparti med rik myrvegetasjon. Men dei midtre delane av Rondane ikring Ringebufjellet har og store myrkompleks og såleis betydelege sommarbeite, også urterike område og betydeleg snøleievegetasjon. I Rondane Sør finn ein difor store område med vekslande beitekvalitetar (heilårsbeite), medan ein i Rondane Nord finn ei overvekt av vinterbeite og lite innslag av til dømes myr og myrvegetasjon. Vi har i denne rapporten samanstilt og skildra dei store fangstgropanlegga i Rondane i høve til kjente reinstrekk i dag og habitatfordeling. Vi ser at det er mange klare samanfall, men og område med store anlegg der det i dag er liten eller ingen trekkaktivitet. Døme på det siste er (i tillegg til Dovreanlegget og Fallet–Streitlie-anlegget) fangstanlegget ved Snødøla i Stor-Elvdal og Store-Ula i Sel, som har ein dimensjon som tilseier at dette har vore viktige trekkområde. I dag er det liten trekkaktivitet i desse områda. Samstundes er bestanden av villrein i Rondane større enn den har vore nokon gong i moderne tid (mellom 4000 og 4500 vinterdyr). God kunnskap om- og iverksetting av skadereduserande vilttiltak har her vore ein viktig faktor, saman med målretta jaktforvaltingnb_NO
dc.language.isonobnb_NO
dc.publisherNorsk institutt for naturforskningnb_NO
dc.relation.ispartofNINA rapport
dc.relation.ispartofseriesNINA rapport;872
dc.titleGamal villreinfangst i Rondane. Dei store fangstgroprekkene i høve til villreintrekk og beitenb_NO
dc.typeResearch reportnb_NO
dc.rights.holder© Norsk institutt for naturforskning Publikasjonen kan siteres fritt med kildeangivelsenb_NO
dc.identifier.cristin928839
cristin.unitcode7511,2,0,0
cristin.unitnameAvdeling for terrestrisk økologi
cristin.ispublishedtrue
cristin.fulltextoriginal


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel